Rugder

fugleslekt
(Omdirigert frå Scolopax)

Rugder er ei gruppe på sju svært like nolevande artar av vadefuglar i slekta Scolopax. Berre to rugder har vid utbreiing på den nordlege halvkula, dei andre er lokale øyendemiske artar i Søraust-Asia, nord og sør for ekvator. Dei næraste slektningane deira er sniper i slekta Gallinago.[1]

Rugder
Amerikarugde, Scolopax minor Foto: Flicr brukar: guizmo_68
Amerikarugde, Scolopax minor
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Rugder Scolopax
Linnaeus, 1758

Rugder har tettvaksne kroppar, kryptiske brun og gråsvart fjørdrakt og lange slanke nebb. Auga deira er plassert på sidene av hovudet, noko som gjev dei synsfelt på 360 °.[2] Spesielt for rugder, og i motsetnad til dei fleste andre fuglar, er at spissen på overkjeven av nebbet er bøyeleg.[3]

Rugder er typiske skogsfuglar. Dei beitar om natta eller om kvelden etter virvellause dyr i mjuk mark med dei lange nebba sine. Denne vanen og den kamuflasjefarga fjørdrakta gjer det vanskeleg å oppdage dei når dei kviler på dagtid. Dei fleste har karakteristiske spelflukt kjent som rugdetrekk, vanlegvis gjeve ved daggry eller i skumringa.[4]

Alle rugder er populære jaktfuglar; øyendemiske artar er ofte ganske sjeldne allereie pga. høgt jaktpress. Rugdefjører er mykje verdsette som penselbustar av kunstnarar, som brukar dei til fint måleriarbeid.[5] Det er dekkfjører over hovudhandsvingfjøravengen som brukast.

Artslista

endre

Rugder i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

  • Rugde, Scolopax rusticola, Eurasian Woodcock, Linné, 1758, (LC)
Vid eurasisk utbreiing
  • Amamirugde, Scolopax mira, Amami Woodcock, Hartert, 1916, (VU)
Endemisk til øyar i Japan
  • Bukidnonrugde, Scolopax bukidnonensis, Bukidnon Woodcock, Kennedy, Fisher, TH, Harrap, Diesmos & Manamtam, 2001, (LC)
Endemisk til øyar i Filippinene
  • Jungelrugde, Scolopax saturata, Javan Woodcock, Horsfield, 1821, (NT)
Endemisk til øyar i Indonesia og Papua Ny-Guinea
  • Papuarugde, Scolopax rosenbergii, New Guinea Woodcock, Schlegel, 1871, (LC)
Lever i indre område av øya Ny-Guinea, både i Indonesia og i Papua Ny-Guinea i aust
  • Sulawesirugde, Scolopax celebensis, Sulawesi Woodcock, Riley, 1921, (NT)
Endemisk til øya Sulawesi i Indonesia
  • Molukkrugde, Scolopax rochussenii, Moluccan Woodcock, Schlegel, 1866, (EN)
Endemisk til øyar i Indonesia
  • Amerikarugde, Scolopax minor, American Woodcock, Gmelin, JF, 1789, (LC)
Hekkar i Nord-Amerika, overvintrar ved kysten i Mexicogolfen

Kjelder

endre
  1. Hayman et al. (1986), Thomas et al. (2004)
  2. http://www.britannica.com/EBchecked/topic/647536/woodcock
  3. Mousley (1934), Hayman et al. (1986), McKelvie (1993)
  4. Hayman et al. (1986), McKelvie (1993), Kennedy et al. (2001)
  5. Dowden, Joe Francis (2007). The Landscape Painter's Essential Handbook. Newton Abbot, UK: David & Charles. s. 7. ISBN 0715325019. [daud lenkje]
  6. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre