Sevliden eller Sevle`n er ein halling i 2/4-takt, rekna under vandreslåttane, og ein av dei mest kjende i hardingfelemusikken. Slåtten finst i ei rekkje variantar frå Voss, Telemark og nedre Buskerud, og Arne Bjørndal meinte han opphavleg er komen frå Hordaland. Forma som var nytta i Krødsherad er likevel gamal. I Hardingfeleverket har variantgruppa nr 151, med åtte variantar. I variantgruppa kan ein skilja ut to nærskylde vestlandsformer, fire nærskylde telemarksformer, og to storformer, etter Truls Ørpen og Kjetil Løndal. Den siste er mest nytta i dag. Her er det lagt ved ein nedskrift etter Sevat Sataøen som ikkje rekna til variantgruppa, men som har mykje sams i tak og formoppbygging med dei minste telemarksformene.

Namnet Sevliden skriv seg frå lausdansaren Ola Olsson Sevle som vart avretta ved halshogging i 1834. Han skal ha tralla på denne slåtten før øksa fall.

Variantar endre

  • c: Messingdroga etter Bjørn Lofthus, Vinje [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 651). Slåttenamnet er etter ei gamal kone i Kinsarvik, som hadde for vane å synge langdrygt når ho var i kyrkja, slik at det let som eimessing. Difor var ho kalla Messingdroga. Ho tralla denne slåtten. Opningstaket minner mykje om slåtten Eg er liten eg, medan sluttveket minner noko om Toleslåtten, ein variant av Fyken. Forma har teke til seg Vandretak frå andre variantgrupper.
  • f: Halling, etter Hølje Landsverk, Tuddal [6][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 470). Forma er knappare enn dei andre nedskriftene frå Telemark, men har same opningstaket som formene etter Borgen og Nordbø. Har mykje sams med hallingen etter Ola Dekko.

Supplementsform endre