Opna hovudmenyen

Slaget ved Montjuïc fann stad mellom 13. og 17. september 1705 under den spanske arvefølgjekrigen.

Den spanske arvefølgjekrigen
Flamske og rhinske felttog
Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain

Italienske felttog
Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa
Spanske og portugisiske felttog

Cádiz – Vigobukta – Cap de la Roque – Gibraltar – Ceuta – Málaga – Cabritaneset – Montjuïc – 1. Barcelona – Badajoz – 2. Barcelona – Santa Cruz de Tenerife – Almansa – Xàtiva – Ciudad Rodrigo – Tortosa – Menorca – La Gudina – Almenar – Saragossa – Brihuega – Villaviciosa – 3. Barcelona

Ein multinasjonal styrke kommandert av Lord Peterborough gjekk i land på kysten av Catalonia i august for å erobre Barcelona, men måtte først ta Montjuïc slott som vart kommandert av Francisco de Velasco.

Seint på kvelden den 13. nærma ein styrke kommandert av George Darmstadt seg borga i tre separate kolonnar. Ein, kommandert av James Stanhope, fungerte som avleiing for å trekkje merksemda og elden til forsvararane bort frå dei andre to angripande kolonnane som gjekk til åtak bakfrå. Dei vart i starten driven attende, men gjekk til nytt åtak og klarte å ta det ytre forsvaret av borga.

Kampane varte i fleire dagar før borga til slutt fall til dei allierte den 16. Peterborough oppretta artilleribatteri i borga, som hadde ein kommandostilling over byen Barcelona - og bombarderte byen til han overgav seg ein månad seinare under omleiringa av Barcelona.

KjelderEndra

Koordinatar: 41°22′0″ N 2°10′0″ E