Slaget ved Calcinato
Slaget ved Calcinato var eit slag i den spanske arvefølgjekrigen utkjempa den 19. april 1706 nær Calcinato i Italia mellom styrkane til Frankrike og Spania og styrkane til Austerrike. Det enda med siger for dei fransk-spanske styrkane til marskalk Vendôme.
Slaget ved Calcinato | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den spanske arvefølgjekrigen | |||||||
Slaget ved Calcinato av Jean Baptiste Martin Schlacht. | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Frankrike Spania |
Habsburg Austerrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
Hertugen av Vendôme | Christian Detlev Reventlow | ||||||
Styrkar | |||||||
41 000[1] | 19 000[1] | ||||||
Tap | |||||||
500 døde eller skadde | 6 000 døde eller skadde[1] |
Flamske og rhinske felttog Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain Italienske felttog |
Opptakt
endreI italia hadde felttoget i1 706, som før, to delar. Striden om Piemonte og striden mellom dei franske styrkane i Lombardia og den andre armeen til austerrikarane, som prøvde å slå seg saman med armeen til Victor Amadeus og Starhemberg i Piemonte. Sistnemnde vart driven attende av Vendôme ved Cassano, og trekt seg attende til Brescia og Gardasjøen, Vendôme følgde opp og slo vinterleir kring Castiglione og Mantova.
Slaget
endreI april 1706 hadde Vendôme nytta at Eugene var borte, og gått til åtak på den austerrikske leiren ved Montechiaro–Calcinato. Målet hans var å marsjere gjennom natta og overraske stillinga ved Ponte San Marco lengst til deira venstre, men då dagen kom merka han seg at han kunne gje den fiendtlege venstreflanken kamp ved Calcinato før høgreflanken ved Montichiari kunne nå fram. Då han nådde fram braut forsvaret fullstendig saman og han dreiv den austerrikske armeen opp i fjella, der Eugene hadde store vanskar med å samle dei att.
Etterverknad
endreVendôme vart send til Flandern etter eit knusande nederlag der i slaget ved Ramillies. Som følgje av den katastrofale omleiringa av Torino vart den franske stillinga i Italia brått dårleg, og mot slutten av året hadde alle dei franske styrkane vorte drivne ut av Italia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Battle of Calcinato» frå Wikipedia på engelsk, den 19. desember 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Lynn, John A. The Wars of Louis XIV, 1667–1714. Longman, (1999). ISBN 0-582-05629-2