Slaget ved Schellenberg

Slaget ved Schellenberg, òg kjend som Slaget ved Donauwörth, vart utkjempa 2. juli 1704 under den spanske arvefølgjekrigen. Slaget var ein del av felttoget til hertugen av Marlborough for å redde hovudstaden i Habsburg, Wien, frå trugselen til den framrykkande kong Ludvig XIV sine fransk-bayerske styrkar i Sør-Tyskland. Marlborough hadde utført ein 400 km lang marsj frå Bedburg, nær Köln, den 19. mai, og i løpet av fem veker hadde han slått saman styrkane sine med styrkane til markgreven av Baden, før dei heldt fram til elva Donau. Då dei var i Sør-Tyskland var oppgåva til dei allierte å få Max Emanuel, Kurfyrsten av Bayern, til å forlate alliansen sin med Ludvig XIV og gå saman med Storalliansen, men for å tvinge fram denne saka, måtte dei allierte først sikre eit befesta bruhovud og eit magasin ved Donau, som dei kunne føre forsyningar over til sørsida av elva, i hjartet av landområda til kurfyrsten. For dette føremålet valde Marlborough byen Donauwörth.

Slaget ved Schellenberg
Del av den spanske arvefølgjekrigen

Åtaket på Schellenberg. Detalj frå veggteppe av Judocus de Vos
Dato 2. juli 1704
Stad Donauwörth i Bayern
Resultat Alliert siger
Partar
 England
 Dei sameinte Nederlanda
 Austerrike
Flagget til Bayern Bayern
 Frankrike
Kommandantar
Flagget til England Hertugen av Marlborough
Flagget til Habsburgmonarkiet Markgreven av Baden
Flagget til Bayern Comte d'Arco
Flagget til Bayern Marquis de Maffei
Styrkar
22 000[1] 13 000,[2]
16 kanonar
Tap
1 342 drepne,
3 699 skadde[3]
~5 000 drepne eller drukna,
~3 000 kringsfangar[4]
Den spanske arvefølgjekrigen
Flamske og rhinske felttog
Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain

Italienske felttog
Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa
Spanske og portugisiske felttog

Cádiz – Vigobukta – Cap de la Roque – Gibraltar – Ceuta – Málaga – Cabritaneset – Montjuïc – 1. Barcelona – Badajoz – 2. Barcelona – Santa Cruz de Tenerife – Almansa – Xàtiva – Ciudad Rodrigo – Tortosa – Menorca – La Gudina – Almenar – Saragossa – Brihuega – Villaviciosa – 3. Barcelona

Då kyrfyrsten og hans medkommandant marskalk Marsin fekk vite om målet til dei allierte, sende dei ut Count d'Arco med ein fortropp på 12 000 mann frå hovudleiren i Dillingen for å styrke og halde høgda i Schellenberg oppfor byen. I staden for ein langvarig omleiring, valde Marlborough å gjere eit raskt åtak før stillinga vart umogeleg å innta. Etter fleire mislukka forsøk på å storme barrikadane klarte dei allierte kommandantane med god samhandling til slutt å overta forsvararane. Det tok dei berre to timar å s ikre bruhovudet over elva i ein hard kamp, men det følgjande sigersmomentet gjekk tapt på grunn av vinglande avgjersler. Dei allierte la landområda til kurfyrsten i Bayern aude, men klarte ikkje å få Max Emanuel ut i slag eller overtale han tilbake til keisaralliansen. Først då marskalk Tallard kom fram med forsterkingar for å styrke styrkane til kurfyrsten, og prins Eugene av Savoie nådde fram ved Rhinen for å styrke dei allierte, var alt klart for den avgjerande kampen med slaget ved Blenheim månaden etter.

Bakgrunn endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Slaget ved Blenheim.

Slaget ved Schellenberg var ein del av felttoget til Storalliansen i 1704 for å hindre den fransk-bayerske armeen frå å true Wien, hovudstad til Habsburg-Austerrike. Felttoget starta for fullt den 19. mai då Hertugen av Marlborough starta den 400 km lange marsjen frå Bedburg nær Köln mot den fransk-bayerske armeen til Kurfyrsten av Bayern og marskalk Marsin ved Donau. Marlborough hadde først lurt dei franske kommandantane marskalk Villeroi i Dei spanske Nederlanda og marskalk Tallard langs Rhinen til å tru at målet hans var Alsace eller Moselle lenger nord, og då kurfyrsten den 5. juni fekk melding om marsjen til Marlborough frå Nederlanda rekna han korrekt med at det var Bayern som var det verkeleg målet til dei allierte.[5]

 
Marsjen til Hertugen av Marlborough frå Bedburg til Donau. Den 400 km marsjen var eit meisterverk i bedrag, omhyggeleg planlegging og organisering.

Keisar Leopold I ønskte å lure kurfyrsten tilbake i allianse med Det tysk-romerske riket etter at han hadde byta truskap for å kjempe for kong Ludvig XIV før krigen. Marlborough tenkte at det beste for å sikre Bayern for alliansen var å forhandle frå ei sterk stilling ved å invadere landområda til kurfyrsten, og slik håpe å overtale han til å endre side før han fekk forsterkingar.[6] 22. juni hadde armeen til Marlborough slått seg saman med delar av styrkane til markgreven av Baden ved Launsheim; mot slutten av juni var den samla styrken deira nær 80 000 mann (sjå kartet til høgre). Den fransk-bayerske armeen hadde leir ved Ulm og var i mindretal til dei allierte, og ein stor del av soldatane til kurfyrsten var spreidde i garnisonar i området hans så langt bort som til München og grensa til Tirol, men stillinga hans var langt frå desperat. Om han kunne halde ut ein månad, ville Tallard kome frå Rhinen med franske forsterkingar.[7]

Så snart dei allierte hadde samla styrkane sine, flytta kurfyrsten og Marsin sine 40 000 soldatar til ein forskansa leir mellom Dillingen og Lauingen på nordsida av Donau. Dei allierte kommandantane, som ikkje var villige til å gå til åtak på ei så sterk stilling med reduttar omgjeve av vatn, passerte rundt Dillingen i nord gjennom Balmershofen og Armerdingen i retning av Donauwörth.[7] Om dei klarte å ta Donauwörth (som låg nedanfor Schellenberg) ville dei få eit bruhovud som kunne gje forsyningslinjer til vennlege statar sentralt i Tyskland via Nördlingen og Nürnberg, samt ha ein god stad å krysse Donau for nye forsyningar så snart dei allierte var sør for elva.

Opptakt endre

Forsvaret av Schellenberg endre

Schellenberghøgda dominerer nordaust for Donauwörth – ein innmurt by ved samløpet mellom Wörnitz og Donau. Forsvarsverka på haugen var derimot gamle, mellom anna ei 70 år gammal festning bygd av den svenske kongen Gustav Adolf under trettiårskrigen, og i forfallen tilstand. Den fransk-bayerske styrken forsterka dei gamle festningsverka, men frå sida der åtaket til Marlborough kom var festningsvollane bygde av kratt dekte av eit tynt lag med jord.[8] (See 'Schellenberg' map below.)

I 1703 hadde marskalk Villars rådgjeve kurfyrsten om å forsterke byane sine, og framfor alt Schellenberg, som Gustav hadde vist var særs viktig.[9] Kurfyrsten hadde derimot eit dårleg forhold til Villars og ignorerte først rådet om å reparere dei forfalne festningsverka. Då han forstod at Donauwörth var i ferd med å bli angripen, vart grev d'Arco send for å forsterke og halde stillinga. D'Arco fekk med seg 12 000 mann.[6]

Dei første manøvrane endre

Natt til 2. juli låg dei allierte i leir ved Armerdingen, 24 km frå Donauwörth. Det var her Marlborough fekk hastemeldinga frå baron Moltenburg, generaladjutanten til prins Eugene, om at marskalk Tallard var på veg med 35 000 soldat gjennom Schwarzwald for å forsterke den fransk-bayerske armeen. Denne meldinga overtydde Marlborough om at han ikkje hadde tid til ei langvarig omleiring, og trass i protestar frå Baden, kom han fram til at eit direkte åtak på stillinga var det beste, trass i faren for store tap.[1] D'Arco kjende til den allierte leiren ved Armerdingen, og var sikker på at han hadde minst ein heil dag og ei heil natt til å førebu forsvaret.

Kl 0300 den 2. juli byrja den allierte fortroppen å bryte leir for å marsjere mot Donauwörth og Schellenberg.[10] Marlborough oversåg personleg framrykkinga av den første styrken på 5 850 soldatar.[1] Den nederlandske generalen Johan Wijnand van Goor leia denne fortroppen. Bak desse kom 12 000 allierte infanteristar under generalmajor Henry Withers og grev Horn, med støtte av Henry Lumley og Graf Reynard van Hompesch sine 35 skvadronar av britisk og nederlandsk kavaleri og dragonar. I alt sette dei allierte 22 000 mann ut i operasjonen.[1]

Langt føre armeen sin, undersøkte Marlborough personleg dei fiendtlege stillingane, og observerte gjennom teleskopet sitt førebuingane for ein leir på den andre sida av elva i påvente av at hovudstyrken til kurfyrsten skulle kome fram dagen etter.[11] Det var derfor ingen tid å tape. Sjølv om hertugen hadde 12 timar med dagslys, strevde mennene hans framleis i gjørma fleire kilometer bak ved elva Wörnitz, og dei kunne ikkje håpe på å starte eit åtak før kring 1800, som berre gav få timar med dagslys.[12] Samstundes som dei allierte byrja forsvarsverka ved Donauwörth og Schellenberg for alvor å ta form.[13]

Det allierte kavaleriet kom fram kring 000, 8–10 km frå venstresida til d'Arco, etterfølgd av infanteriet. Kl. 1000 byrja generalintendant William Cadogan å markere ut eit landområde for ein leir som dei kunne sjå frå Schellenberg, for å gje inntrykk av at dei planla ei lengre omleiring.[14] Grev d'Arco såg førebuingane til Cadogan, og let seg lure. Han forlet oppsynet av dei uferdige forsvarsverka for å ta lunch med den franske kommandanten i Donauwörth, oberst DuBordet, i den tru at han hadde resten av dagen og natta på å gjere ferdig forsvarsverket.[15] Troppane heldt derimot berre fram marsjen og hadde ut på ettermiddagen kryssa elva Wörnitz ved Ebermorgen, for å gå til åtak så snart som mogeleg. Dei allierte vart oppdaga av den bayerske utposten, som sette Berg og omliggande grensder i brann, før dei styrta av stad for å slå alarm. General d'Arco vart avbroten midt i lunchen, og styrta opp til Schellenberg og ropte på mennene for å klargjere dei til kamp.[16]

Slaget endre

Det første åtaket til Marlborough endre

 
Hertugen av Marlborough, (1650–1722) av Sir Godfrey Kneller.

Sjølv om Marlborough visste at eit frontalåtak mot Schellenberg ville koste dyr, var han overtydd om at det var den einaste måten å sikre ei rask erobring av byen. Med mindre han tok toppen før mørket kom, ville han aldri klare å ta han, og den fransk-bayerske hovudarmeen, var på rask veg frå Dillingen mot Donauwörth for å forsvare stillinga.[11] Kring 17:00, som ei førebuing til åtaket, hamra artillerikommandanten til Marlborough, oberst Holcroft Blood, laus mot fienden frå ei stilling nær Berg. For kvar salve svarte d'Arco med kanonane sine frå fortet til Gustav og frå like utanfor Boschbergskogen.

 
Ludvig Vilhelm, markgreve av Baden-Baden (1655–1707).

General d'Arco gav no ordre til de la Colonie sine franske grenaderar på toppen av høgda (oppfor brystvernet bemanna av bayerane), om å skyte mot alle hol i forsvarsverka når den tid kom. Sidan toppen var så pass flat, gav dette mennene hans mindre vern frå dei allierte kanonane. Oberst Blood merka seg dette, og klarte å påføre mennene til de la Colonie alvorlege tap.[17] Trass i dette, og trass i at han tapte fem offiserar og 80 grenaderar før dei hadde fått avfyrt eit einaste skot, insisterte de la Colonie på at det franske regimentet hans skulle halde stillinga si, sidan han ønskte god orden når dei vart kalla ut i kamp.[18]

Det var akkurat nok tid før mørkret til å storme stillingane på nordsida (hovudsakleg opp den brattaste delen av haugen), men ikkje nok tid til å utvikle åtak frå begge sider.[19] Åtaket gjekk inn kring 18:00, leia av fortroppen. Denne styrken på 80 engelske grenaderar leia av vicomte Mordaunt og oberst Richard Munden, vart utført for å tiltrekkje seg fiendtleg eld slik at dei allierte kommandantane kunne sjå kvar forsvaret til fienden stod sterkast.[20] Hovudstyrken følgde tett bak.

Etter kvart som dei allierte nærma seg vart dei enkle mål for muskett- og kardeskelden til den fransk-bayerske styrken. Forvirringa vart forsterka av kvesande handgranatar som vart kasta ned bakken av dei forsvarande.[21] For å hjelpe åtaket hadde kvar alliert soldat med seg kvister og greiner for å lage ei bru over grøfta føre brystvernet for slik å kome seg raskare over. Men dette vart i staden kasta ned i ei tørr grøft som sommarregnet hadde skapt, i staden for forsvarsgrøfta til bayerane om lag 45 meter lenger framme.[21] Likevel pressa dei allierte på framover og hamna i mann-mot-mann-kamp med bayerane. Åtaket klarte derimot ikkje å bryte gjennom forsvaret, og dei allierte vart tvungen attende i linjene sine. General Van Goor, ein av Marlborough sine favorittar, som hadde leia åtaket, var av dei falne.

Det andre åtaket til Marlborough endre

Det andre åtaket vart like mislukka. Dei raudkledde engelskmennene og dei blåkledde nederlendarane avanserte side om side i perfekt orden for eit nytt forsøk. Offiserane leia personleg mennene sine fram til fronten i eit ny salve av musketteld og granatar. Igjen måtte dei allierte forlate mange døde og skadde ved palisaden til fienden, inkludert greven av Styrum som hadde leia det andre åtaket. Med brotne rekkjer og i forvirring, trekte soldatane seg nok ein gong ned att frå åsen. No når dei allierte hadde vorte drivne attende for andre gong, rykte dei jublande bayerane over brystvernet for å forfølgje åtakarane og drive dei attende.[22] Men den engelske vakttroppen, med hjelp av kavaleristar til fots, hindra ei total utsletting, og dreiv bayerane attende bak forvarsverka sine.[23]

Åtaket til Baden endre

Med to mislukka forsøk på å bryte gjennom, fekk Marlborough no melding om at forsvaret mellom bymurane og brystvernet på åsen no var tynt bemanna.[24] Den andre allierte kommandanten, markgreven av Baden (som kom inn i slaget ein halvtime etter Marlborough), merka seg òg dette høvet og fekk grenaderane sine opp dit frå grenda Berg.[25]

Garnisonskommandanten i Donauwörth hadde trekt mennene sine inn i byen og låst portane, og kunne no berre skyte spreitt frå murane[26] Soldatane til Baden (no med støtte av åtte av Marlborough sine reservebataljonar), braut lett gjennom dette svekka forsvaret, og slo to infanteribataljonar og ei handfull kavaleristar som framleis forsvarte området, og klarte å setje seg i stilling ved foten av Schellenberg, mellom d'Arco og byen. Under åtaket vart hesten til Baden skote under han, og han vart alvorleg skadd i foten. d'Arco merka seg faren og skunda seg bak for å kalle fram dei avstigde franske dragonane, i eit forsøk på å stogge dei avanserande keisarsoldatane.[25] Tre kompani av grenaderane til Baden møtte dei med konsentrerte salvar, og tvinga kavaleriet til å gjere retrett. Dette etterlet d'Arco ute av stilling og ute av kontakt med hovudstyrken sin. Den fransk-bayerske kommandanten la i veg mot byen, og hadde vanskar med å kome seg inn fordi kommandanten var skeptisk til å opne portane.[27]

Gjennombrotet endre

Marlborough var klar over at keisarsoldatane hadde brote forsvarsverket til Schellenberg og sette i gang eit tredje åtak. Denne gongen danna åtakarane ein breiare front, som gjorde at mennene til d'Arco måtte spreie elden sin meir, og dermed ikkje vart like dødeleg effektive. Men forsvararane, inkludert la Colonie, som ikkje var klar over at keisarsoldatane var igjennom på venstreflanken, og at d'Arco hadde trekt seg attende til Donauwörth,[28] var framleis i god tru på at dei skulle klare å drive fienden attende. Det tok derimot ikkje lang tid før den fransk-bayerske styrken på åsen vart klar over at infanteriet til Baden var på veg mot dei frå den andre sida. Mange av offiserane, inkludert de la Colonie, trudde først at dei framrykkande soldatane var forsterkingar frå garnisonen til DuBordet i Donauwörth, men det gjekk raskt opp for dei at det i røynda var soldatane til Baden.[25] De la Colonie skreiv at dei kom seg innanfor skothald klokka 1930 utan at han var klar over kva som skjedde. Mennene til Baden skaut så mot dei overraska forsvararane ved Schellenberg, som så måtte vende linja si for å møte denne uventa trugselen. Marlborough gjekk så til åtak på den allierte venstreflanken, med støtte av avstigde britiske dragonar. Dei kom seg over det no svekka brystvernet og pressa forsvarande mot toppen av åsen. Fienden fall til slutt inn i uorden.[29]

Dei mindretalige forsvararane på Schellenberg hadde stått imot det allierte åtaket i to timar, men var no under press frå både styrkane til Baden og Marlborough. Då panikken byrja å spreie seg hos den fransk-bayerske armeen, sende Marlborough 35 kavaleriskvadronar og dragonar etter dei flyktande soldatane, og utan nåde tok dei dei fiendtlege soldatane til rop om «drep, drep og øydelegg!»[30] Det var ingen lette rømmingsvegar. Ei pongtongbru over Donau hadde kollapsa under vekta deira, og mange av soldatane til d'Arco, som stort sett ikkje kunne symje, drukna i forsøk på å krysse den stride elva.[31] Mange andre vart kutta ned på nordsida av Donau medan dei prøvde å springe bort mellom sivet langs breidda. Andre la i veg mot landsbyen Zirgesheim. Berre i vest kunne Marlborough sjå nokre få fransk-bayerske bataljonar som kryssa Donau ved brua i Donauwörth i noko orden, før mørkret senka seg over slagmarka.[32]

Etterverknad endre

De la Colonie var ein av dei få som klarte å rømme, men kurfyrsten av Bayern hadde mista mange av dei beste soldatane snie, og dette kom til å ha ein vedvarande effekt på styrken til den fransk-bayerske armeen i møtet med dei allierte i resten av kampanjen.[31] Særs få av mennene som hadde forsvart Schellenberg gjekk inn at i armeen til kurfyrsten og Marsin.[33] Av desse var Comte d'Arco og hans nestkommanderande, Marquis de Maffei, som begge seinare forsvaret Lutzingen i slaget ved Blenheim. Av dei 22 000 allierte soldatane som var med i slaget, gjekk 5 000 mann tapt, og sjukehusa som Marlborough hadde sett opp i Nördlingen vart overfylte.[34] Av dei allierte dødsfalla var det seks generalløytnantar, fire generalmajorar og 28 brigaderar, oberstar og oberstløytnantar, noko som syner den farlege posisjonen til dei erfarne offiserane når dei leia mennene sine i åtaka.[35] Ingen andre slag i den spanske arvefølgjekrigen kravde livet til så mange erfarne offiserar.[36]

Kurfyrsten fekk akkurat slagmarka is ikte med forsterkingane sine og såg flukta og massakren av dei beste soldatane sine. Han trekte garnisonane ut av Neuburg og Ratisbon og fall tilbake bak elva Lech nær Augsburg.

Øydelegginga av Bayern endre

Marlborough hadde vunne bruhovudet sitt over Donau, og plassert seg sjølv mellom Wien og Frankrike. Slaget vart derimot etterfølgd av eit langvarig antiklimaks.[37] Hertugen prøvde å lure kurfyrsten ut i slag før Tallard nådde fram med forsterkingane sine, men etter slaget på Schellenberg klarte ikkje dei allierte kommandantane å verte samde om det neste steget. Dette førte til ei langvarig omleiring av Rain. Fordi dei først mangla tungt artilleri og ammunisjon, fall ikkje byen før 16. juli.[38] Likevel okkuperte Marlborough like etter Neuburg som, saman med Donauwörth og Rain, gav dei allierte nok befesta bruer over Donau og Lech til å lett kunne manøvrere slik dei ønskte.[39]

Dei allierte kommandantane marsjerte så til Friedberg, og såg fienden krysse Lech i Augsburg medan dei førebudde seg på å gå inn i Bayern eller trekkje ut forsyningar. Dei allierte ønskte framleis at Bayern skulle tilbake i Storalliansen. Sidan kurfyrsten sat bak forsvarsverka sine i Augsburg, sende Marlborough soldatane sine djupt inn i Bayern på øydeleggjande raid, der dei brende bygningar og øydela avlingar, for slik å lure den bayerske kommandanten ut i kamp eller overtyde han om å sverje truskap igjen til keisar Leopold I. Keisaren tilbaud full nåde, samt subsidiar og tilbakeføring av alle områda hans, i tillegg til Pfalz-Neuburg og Burgau om han kom attende til keisaren. Forhandlingane mellom partane kom derimot ingen veg.[40]

Øydelegginga av Bayern gjorde at kona til kurfyrsten, Theresa Kunegunda Sobieska, prøvde å få han til å lausrive seg frå den franske alliansen. Sjølv om kurfyrsten vart noko usikker på kva han skulle gjere, opprettheldt han truskapen til Frankrike då han fekk melding om at styrkane til Tallard, om lag 35 000 mann, snart kom fram til Bayern.[41] Marlborough trappa no opp øydelegginga av områda til kurfyrsten. Dette gjorde at kurfyrsten sende 8 000 soldatar frå Augsburg til å forsvare området sitt, og let berre ein del av armeen sin slå seg saman med franskmennene under Marsin og Tallard.[42] Sjølv om Marlborough meinte det var naudsynt med denne taktikken, meinte han sjølv det var tvilsamt moralsk og tenkte på dei fattige bøndene som leid under taktikken hans.[43]

Sidan Riket ikkje klarte å skaffe effektive omleiringsvåpen, klarte ikkje dei allierte fram til no å ta ein klår siger. Verken München eller Ulm kunne takast og kurfyrsten hadde verken vorte slått eller vorte overtydd til å skifte side.[44] Tallard nådde Augsburg med dei franske forsterkingane den 5. august.[45] Eugene, som skugga Tallard, var òg på veg sørover med 18 000 mann, men han måtte la 12 000 soldatar vere att for å halde vakt over Stollhofen-linjene, som forsvarte Rhindalen, for å hindre Villeroi i å føre fleire franske forsterkringar til Donau.[46] I tillegg hadde kurfyrste sendt ordre til dei store bayerske styrkane ved grensa til Tirol om å kome attende til hovudarmeen. For dei allierte var tida derfor knapp, og dei måtte slå franskmennene og deira allierte med ein gong, eller tape heile Sør-Tyskland for godt.[47]

Den 7. august møttest dei tre allierte kommandantane – Marlborough, Baden og Eugene – for å leggje ein strategi. For å få enno eit stort kryssingspunkt over Donau, planla Baden å ta byen Ingolstadt med ein styrke på 15 000 mann, trass i at dette ville gjere den allierte armeen i mindretal.[48] Denne armeen, med totalt 52 000 mann og no utan kommandanten som leia dei keisarlege soldatane på Schellenberg, skulle møte den fransk-bayerske armeen, med 56 000 mann, i og kring den vesle landsbyen Blindheim. Slaget vart utkjempa 13. august, og vart i Europa kjend som slaget ved Höchstädt, og i Storbritannia som slaget ved Blenheim.

Kjelder endre

Primærkjelde endre

  • La Colonie, Jean Martin de (1904). The Chronicles of an Old Campaigner, (oms. W. C. Horsley).

Sekundærkjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 31
  2. Sources vary: Chandler states 10 000; Churchill 14 000; Barnett 15 000
  3. Chandler: Marlborough as Military Commander, 137
  4. Eksakte tal er ukjend.
  5. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 173
  6. 6,0 6,1 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 356. An agent of the King of Preussen was still in the Bayernn camp, negotiating with the kurfyrste for this purpose.
  7. 7,0 7,1 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 355
  8. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 357
  9. Churchill: Marlborough: His Life and Times, 787
  10. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 176
  11. 11,0 11,1 Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 359
  12. Churchill: Marlborough: His Life and Times, 793.
  13. La Colonie: Chronicles of an Old Campaigner, 1692–1717, 179
  14. Churchill: Marlborough: His Life and Times, 795
  15. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 177
  16. Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 33
  17. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 179
  18. La Colonie: Chronicles of an Old Campaigner, 1692–1717, 183. De la Colonie
  19. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 360
  20. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 179.
  21. 21,0 21,1 Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 34
  22. Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 35
  23. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 362
  24. Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 36.
  25. 25,0 25,1 25,2 Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 36
  26. La Colonie: Chronicles of an Old Campaigner, 1692–717, 187.
  27. La Colonie: The Chronicles of an Old Campaigner, 190
  28. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 182.
  29. Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 37
  30. Churchill: Marlborough: His Life and Times, 805
  31. 31,0 31,1 Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 39
  32. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 363
  33. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 183
  34. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 364.
  35. Churchill: Marlborough: His Life and Times, 806
  36. Spencer: Blenheim: Battle for Europe, 184
  37. Barnett: Marlborough, 100
  38. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 367.
  39. Churchill: Marlborough: His Life and Times, Bk. 1, 812
  40. Churchill: Marlborough: His Life and Times, Bk. 1, 813.
  41. Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 44
  42. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 370
  43. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 368
  44. Chandler: Marlborough as Military Commander, 136.
  45. Lynn og McKay set 3. august.
  46. Falkner: Blenheim 1704: Marlborough's Greatest Victory, 44.
  47. Trevelyan: England Under Queen Anne: Blenheim, 371
  48. Holmes: Marlborough: England's Fragile Genius, 279.