Opna hovudmenyen

Slaget ved Brihuega fann stad den 8. desember 1710 i den spanske arvefølgjekrigen då dei allierte trekte seg attende frå Madrid til Barcelona. Den britiske baktroppen under Lord Stanhope vart avskoren i byen Brihuega og overrumpla av den fransk-spanske armeen under duc de Vendôme.

Slaget ved Brihuega
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 8. - 9. desember 1710
Stad Brihuega i Guadalajara i Spania
Resultat Avgjerande fransk-spansk siger[1]
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Flagget til Spania Spania
Kommandantar
James Stanhope  # Louis Joseph de Vendôme

OpptaktEndra

I 1710 hadde sigrane i slaget ved Almenara (27. juli) og slaget ved Saragossa (20. august) gjort at den allierte armeen som støtta erkehertug Karl kunne okkupere Madrid for andre gong i krigen. Den 21. september kom erkehertugen—Karl III av Spania, i følgje dei allierte—til i den føreståande hovudstaden. Men invasjonen i 1710 vart ei gjentaking av invasjonen i 1706: Dei 23 000 mennene til dei allierte, som var redusert etter å ha tapt 2 000 mann i kamphandlingar i Almenara og Saragossa, og stadig småtrefningar med guerrilleros og sjukdom, klarte ikkje å halde på erobringane. Portugisarane var ute av stand til å hjelpe.

Samstundes vart Bourbon-armeane raskt bygd opp att og omorganiserte av den franske generalen duc de Vendôme, som tente for Filip V. Spanske frivillige og stampersonell slo seg saman med ein irsk brigade og dei franske troppane gjekk i løyndom inn i spansk teneste.

Madrid vart raskt tømd og alle utanom dei fattigaste innbyggjarane var att. Den allierte stillinga var ikkje lenger mogeleg å halde. Den 9. november evakuerte dei byen og sette av stad mot Catalonia. Erkehertugen drog av stad med ein garde på 2 000 kavaleristar på veg til Barcelona, medan resten av armeen kom etter. Resten av armeen marsjerte i to store avdelingar. Vanskelege furasjeringar hadde delt armeen i to. General Guido Starhemberg marsjerte først med hovudarmeen på 12 000 mann, ein dagsmarsj føre dei britiske soldatane, 5 000 mann under Lord Stanhope. Dette skulle vise seg å verte katastrofalt då den minste av armeane møtte duc de Vendôme, ein dugande og ressursfull leiar.

SlagetEndra

Vendôme sette ut frå Talavera med soldatane sine og følgde etter den britiske armeen i høgt tempo. Den 41 år gamle franskmennen leia den spansk-franske armeend ag og natt. Han symde, fremst i kavaleriet, over elva Henares, og etter få dagar tok han att Stanhope, som var komen til Brihuega medn den venstre flanken av den allierte armeen.

«Ingen med meg», sa den britiske generalen, «ville trudd at dei hadde fotsoldatar innanfor ein dagsmarsj frå oss og ulukka vår var den utrulege marsjen dei gjorde.» Stanhope hadde berre så vidt tid til å få sendt eit sendebod til senteret av armeen, som var nokre timar frå Brihuega, før Vendôme kom over han kvelden den 8. desember. Morgonen etter var byen kringsett.

Brihuega vart bombardert med kraftige kanonar, og ei mine under ein av portane eksploderte. Britane kjempa tappert til dei gjekk tom for krut, og kjempa så desperat mot den langt større styrken til Vendôme som storma byen med bajonettane sine. Kampane gjekk då føre seg i gatene, mann mot mann. Britane sette fyr på bygningane i håp om at åtakarane skulle råkast, men det var fånyttes. Den britiske generalen innsåg at ytterlegare motstand berre ville medføre eit nyttelaust blodbad. Han overgav seg og vart krigsfange.

EtterverknadEndra

Ikkje før Vendôme hadde signert overgjevinga, så fekk han vite at Staremberg var på veg til å støtte Stanhope. Den 10. desember møttest dei to i det blodige slaget ved Villaviciosa, som enda med at Starhemberg heldt fram tilbaketrekkinga av dei allierte.

Dei britiske soldatane var ikkje i fangenskap i lang tid, før dei vart utveksla og sendt heim i oktober 1711.

KjelderEndra

  1. Frey (1995), s. 61-62

Koordinatar: 40°46′N 2°52′W