Opna hovudmenyen

Slaget ved Santa Cruz de Tenerife i 1706

Slaget ved Santa Cruz de Tenerife var eit mindre slag under den spanske arvefølgjekrigen der ein engelsk flåte på 13 skip kommandert av admiral John Jennings gjorde eit mislukka forsøk på å erobre byen Santa Cruz de Tenerife. Jennings var tidlegare avhengig av dei engelske triumfane på Den iberiske halvøya og gjorde kvar på Kanariøyane for Karl II av England, men tilboda deira vart avviste.[2]

Slaget ved Santa Cruz de Tenerife
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 6. november 1706
Stad Santa Cruz de TenerifeTenerife i Spania
Resultat Spansk siger
Partar
Flagget til Spania Spania Flagget til England England
Kommandantar
Flagget til Spania José de Ayala y Rojas Flagget til England John Jennings
Styrkar
4 000 soldatar
70 kanonar
13 skip
800 kanonar[1]
Tap
små store

Innhaldsliste

SlagetEndra

I 1706, under den spanske arvefølgjekrigen, hadde Filip V mista Gibraltar til ein engelsk-nederlandsk flåte kommandert av George Rooke, dei spanske gallionane i hamna i Vigo hadde brunne eller vorte kapra, og den allierte armeen var på veg inn i Castilla etter å ha køyrt over Aragon, Catalonia og Valencia.[3] I denne situasjonen segla admiral John Jenning inn i Santa Cruz-bukta med 12 linjeskip og fleire mindre krigsskip for å erobre byen eller overgje han til England. Dei engelske skipa vart utsett for tung kanoneld frå gøymde kystartilleri, og påførte dei store skadar.[4]

Etter eit første forsøk på å gå i land vart driven bort av det spanske artilleriet i San Cristóbal-borga, sende Jennings eit sendebod til styresmaktene i Santa Cruz og bad om unnskyldning for åtaket og sa det var ein feil.[5] I tillegg bad sendebodet styresmaktene på øya om å gå inn på den austerrikske sidan med trugsel om å ta byen med makt.[6] Borgarmeister José de Ayala y Rojas, som leia forsvaret av Santa Cruz i fråværet til guvernør Agustín de Robles, avslo, og stadfesta truskapen til øyane til kong Filip V.[2] «Om Filip, vår konge, hadde mista alt på halvøya, ville desse øyane framleis vere trufaste mot han..» sa han.[7] Etter dette trekte den engelske flåten seg attende.[8]

EtterverknadEndra

Sjølv om den britiske flåten raskt trekte seg bort om natta, patruljerte spanske armerte militssoldatar Santa Cruz, og få månadar i La Palma. Denne sigeren over engelskmennene vart lagt til byvåpenet til Santa Cruz de Tenerife, eit andre løvehovud,[9]. Den Britane gjekk til åtak på Kanariøyane att i 1743 og i 1797.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2011.
  • Arribas Sánchez, Cipriano (2004). A través de Tenerife. Santa Cruz de Tenerife: Ediciones IDEA. ISBN 9788496407466. 
  • Berthelot, Sabino; Cuscoy, Luis Diego (2004). Primera estancia en Tenerife (1820-1830). Santa Cruz de Tenerife: Ediciones IDEA. ISBN 9788496407480.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  • Burton, Richard F. (2007). To the Gold Coast for Gold. BiblioBazaar, LLC. ISBN 9781426432019. 
  • Hernández Moran, José (1982). Reales despachos de oficiales de milicias en Canarias: que se custodian en la Real Sociedad Ecónomica de Amigos del País de tenerife, años 1771-1852. Madrid: Ediciones Hidalguia. ISBN 9788400050733. 
  • Proust, Louis; Pitard, Joseph (2007). Las islas Canarias: descripción de Tenerife. Santa Cruz de Tenerife: Ediciones IDEA. ISBN 9788483820353.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  • Tous Meliá, Juan (2004). El Hércules, el cañón más precioso del mundo: una aproximación a la historia de Canarias a través de la Artillería. San Cristóbal de la Laguna, Spain: Juan Tous Meliá. ISBN 9788460799757. 
  1. Moran p.31
  2. 2,0 2,1 Proust p.116
  3. Berthelot s.54
  4. Tous Meliá s.41
  5. Sánchez s.35
  6. Berthelot s.55
  7. Burton p.120
  8. Berthelot s.55
  9. Nicholas s.85

Koordinatar: 28°28′26″N 16°14′35″W