Opna hovudmenyen
Slaget ved Saragossa
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Batalla de Zaragoza-1710.jpg
Slaget ved Saragossa, eller Monte Torrero.
Dato 20. august 1710
Stad Zaragoza i Spania
Resultat Siger for erkehertug Karl[1]
Partar
Flagget til Spania Spania Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Estandarte de Carlos III.svg Habsburg Spania
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Mal:Landdata United Provinces
Flagget til Portugal kongedømet Portugal
Kommandantar
Flagget til Spania Filip V av Spania
Flagget til Spania Marquis de Bay
Estandarte de Carlos III.svg Karl III av Spania
Flagget til Habsburgmonarkiet Guido Starhemberg
Det britiske flagget Lord Stanhope
Flagget til Portugal greven av Atalaya
Den spanske arvefølgjekrigen
Flamske og rhinske felttog
Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain

Italienske felttog
Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa
Spanske og portugisiske felttog

Cádiz – Vigobukta – Cap de la Roque – Gibraltar – Ceuta – Málaga – Cabritaneset – Montjuïc – 1. Barcelona – Badajoz – 2. Barcelona – Santa Cruz de Tenerife – Almansa – Xàtiva – Ciudad Rodrigo – Tortosa – Menorca – La Gudina – Almenar – Saragossa – Brihuega – Villaviciosa – 3. Barcelona

Slaget ved Saragossa fann stad den 20. august 1710, mellom den spansk-bourbonske armeen kommandert av Marquis de Bay og ein multinasjonal arme leia av den austerrikske kommandanten Guido Starhemberg under den spanske arvefølgjekrigen.[1]

OpptaktEndra

 
Den austerrikske kommandanten Guido Starhemberg.

Det spanske felttoget i 1710 starta den 15. mai då den spansk-bourbonske armeen kommandert av Filip V sjølv og Francisco Castillo Fajardo, marki de Villadarias, gjekk til åtak på byen Balaguer.[2] General Guido Starhemberg, kommandant for dei allierte styrkane i Catalonia, samla armeen sin og tok støyten av dei ved å hindre den spanske armeen å krysse elva Segre, noko dei britiske offiserane hadde ei stor rolle i med å klare.[3] I juni fekk Filip V forsterkingar og gjorde eit nytt forsøk på å erobre Balaguer med 20 000 infanteristar og 6 000 kavaleristar.[3]

Den 27. juli 1710 leid den spanske armeen eit stort nederlag i slaget ved Almenara, nær Balaguer. Dei allierte soldatane hadde teke ei sterk forsvarsstilling og dreiv dei spanske åtaka attende fram til den britiske kommandanten James Stanhope, leia den allierte fortroppen og braut dei spanske linjene.[2] Filip V vart tvungen til å forlate Catalonia og trekkje seg attende til Zaragoza, hovudstaden i kongedømet Aragon. Kastiljanske Villadarias vart etterpå fråteken ranken sin, som Filip gav til den franske generalen Alexandre Maître, marki de Bay.[4]

Den 9. august nådde den spanske armeen Zaragoza og marki de Bay sette soldatane sine i stilling mellom elva Ebro (til hans venstre) og Torrero-åsane (til hans høgre). Den 15. august slo dei attende eit alliert kavaleriåtak. Fem dagar med småtreffingar følgde. Den 19. august kryssa dei allierte soldatane elva utan motstand, og fekk setje ut armeen sin i løpet av natta.[1]

SlagetEndra

Den allierte venstreflanken bestod av spanske og nederlandske soldatar under greven av Atalaya.[1] Høgreflanken var kommandert av Stanhope og bestod av britar, portugisarar og austerrikarar.[1] Starhemberg kommanderte senteret, som hovudsakleg var tysk, austerrikske og spanske infanteristar.[1] Den allierte armeen bestod i alt av 37 bataljonar og 43 skvadronar, medan den spansk-bourbonske armeen hadde 38 bataljonar og 54 skvadronar.[5] Den 20. august 20 kl. 08:00 starta artilleriduellene som vart til middagstider.

General Stanhope byrja åtaket på den boubonsk-spanske venstreflanken. Først såg den bourbonske armeen ut til å ha overtaket, og slo attende åtte portugisiske skvadronar, som vart jaga bort frå slagmarka.[6] Denne forfølginga skapte eig hol i den bourbonske linja, som gav Stanhope høvet til å trengje gjennom. Den britiske generalen sende dei uorganiserte spanjolane på flukt, medan åtaket deira mot senteret og høgreflanken vart driven attende.[7]

Slaget var meir eller mindre ein repetisjon av slaget ved Almenara. Kavaleriet til bourbon-armeen gjekk hardt til åtak, og klarte det nesten, men dei allierte soldatane heldt stand. Då dei allierte sette i gang eit motåtak med infanteriet, vart den spanske armeen pressa attende.[1] I løpet av mindre enn tre timar vann dei allierte ein full siger.[7] Alt av artilleri (20 kanonar) og dei 73 flagga til den bourbonske armeen vart teken. Mellom 5 000 og 6 000 spanske soldatar mista livet eller vart skadde, og ytterlegare 7 000 vart tekne til fange. Dei allierte tapte 1500 mann som anten mista livet eller vart skadde.[8]

EtterverknadEndra

Erkehertug Karl gjekk inn i Zaragoza dagen etter. Nederlaget til armeen til Filip V av Spania var alvorleg, og vegen til Madrid låg open.[1] Filip V forlet Madrid den 9. september og reiste til Valladolid. Erkehertug Karl gjekk inn i ein særs fiendtleg innstilt og nesten folketomt Madrid den 28. september. Karl sa: «Denne byen er ein ørken!». Vinteren 1710 måtte erkehertug Karl og dei allierte soldatane hans forlate Madrid på grunn av stor motstand hos innbyggjarane og den farlege strategiske situasjonen. Etter desse, leid den britiske armeen eit avgjerande nederland i slaget ved Brihuega,[9] og resten av den allierte armeen vart slått i slaget ved Villaviciosa.[9]

KjelderEndra

  • Albi, Julio. La Caballería española, un eco de clarines. Tabapress S.A. Madrid (1992)
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Spansk Wikipedia .
  • Frey, Linda and Marsha (1995). The Treaties of the War of the Spanish Succession: an Historical and Critical Dictionary. Greenwood Publishing Group. ISBN 9780313278846. 
  • Stanhope, Philip Henry. History of the War of the Succession in Spain. London, John Murray (1832).
  • Cust, Edward (Sir). Annals of the wars of the eighteenth century: compiled from the most authentic histories of the period, Volume 1. London, Mitchell's military library (1858).
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Kamen 96-97
  2. 2,0 2,1 Cust, s. 114
  3. 3,0 3,1 Stanhope, s. 297
  4. Cust, s. 115
  5. Stanhope, s. 308
  6. Stanhope, s. 310
  7. 7,0 7,1 Stanhope, p. 311
  8. Cust, s. 116
  9. 9,0 9,1 Frey 61-62