«Slidringen» (i Hallingdal «Sylkjegulen») er ein springar spela i variantar i Hallingdal, Valdres, Numedal og Telemark, og Sunnfjord. Slåtten ser ut til å vera gamal i Buskerud og austre Telemark, og både Knut Lurås og Svein Leikanrud har kjend til han. Mykje tyder på at slåtten er so vidt gamal at det er vondt å føre han attende til ein særskild stad. Han har openberrt vore mykje nytta i Hallingdal og Sigdal. Det kan vera Knut Lurås som i si tid førte slåtten til Telemark.

Oppbygging og tonalitet endre

Slåtten har nokre lett attkjennelege vendingar, og er ofte notert med tre forteikn, der andre slåttar på oppstilt bass har to. Sjølve tonaliteten på slåtten peikar mot at han har opphav langt attende. Veka har ei nokså grei oppbygging kring ein firetaktsperiode. Mykje av melodikken krinsar om A-strengen, og ein kan tenkje seg at slåtten opphavleg har vore ganske alderdommeleg i tonaliteten, utan noko tydeleg dur-senter.

Nemninga «Sylkjegulen» høyrer til fleire slåttar, og i Hordaland er namnet knytt til ein annan slåttekrins enn «Slidringen». Dette fører stundom til mistak.

Variantgruppe endre

Hardingfeleverket har registrert slåttekrinsen under nr 521. Variant a høyrer til ein annan slåttekrins, med variantar mellom anna i Valdres. Variant d, h, j og k dannar ei eiga gruppe med sams opning og vendingar (Sigdal, Tuddal, Tinn og Rauland). Dei andre seks er variantar over den mest kjende utforminga av slåtten (Sunnfjord, Hallingdal og Valdres, med ein variant i Tinn etter Knut Lurås).