Korund
Korund (engelsk corundum) er ei krystallisk form av aluminiumoksid (Al2O3) med spor av jern, titan og krom.[1] Det er eit bergart-dannande mineral. Korund er eit av dei minerala som naturleg gjennomsiktige transparente material, men det kan ha ulike fargar når ureiningar er til stades i krystallen. Transparente eksemplar er nytta som smykkestein blir kalla rubin dersom den er raud, medan alle andre fargar blir kalla safir. Både rubin og safir blir rekna som edelsteinar.
Korund | |||
Ulike kurundkrystallar | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Mineraloksid – Hematittgruppa | ||
Kjemisk formel | Aluminiumoksid, Al2O3 | ||
Strunz-klassifisering | IV/C.04-10 | ||
Dana-klassifisering | 4.3.1.1 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal (32/m) | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Fargelaus, grå, brun; pink to pigeon-blood-red, orange, yellow, green, blue to cornflower blue, violet; may be color zoned, asteriated mainly grey and brown | ||
Krystallsystem | Trigonal (Hexagonal Scalenohedral) Symbol (32/m) Romgruppe: R3c | ||
Tvilling | Polysyntetisk tvilling vanleg | ||
Kløyv | Ingen – parting in 3 directions | ||
Brot | Conchoidal til ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 9 (defining mineral) | ||
Glans | Adamantine til glassaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Transparent, translucent til opak | ||
Spesifikk vekt | 3.95–4.10 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Uniaxial (–) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.767–1.772 nε = 1.759–1.763 | ||
Pleokroisme | Ingen | ||
Smeltepunkt | 2044 °C | ||
Smeltbarheit | Usmeltbar | ||
Oppløyselegheit | Uløyseleg | ||
Endrar seg til | glimmer på overflater som medfører redusert hardleik | ||
Andre eigenskapar | Kan fluorescere eller fosforiscere i UV-lys | ||
Kjelder | [1][2][3][4] | ||
Viktige variantar | |||
Safir | Alle fargar unnatatt raud | ||
Rubin | Raud | ||
Smergel | Svart granulær korund godt blanda med magnetitt, hematitt eller hercynitt |
Ordet «korund» kjem frå det tamilske ordet kuruntam (குருந்தம்) som tyder 'rubin. Dette igjen kjem frå sanskrit kuruvinda.[3]
Rein korund er definert til å 9.0 på Mohs hardleikskala. Av di korund er så hardt kan det lage riper i nesten alle andre mineral. Det er vanleg nytta som abrasiv på mange ting frå sandpapir til store maskinar til å maskinere metall, plast og tre. Nokre smergel er ei blanding av korund and andre stoff. Denne blandinga er mindre abrasiv med ein gjennomsnittleg hardleik på om lag 8,0.
I tillegg til at korund er eit hardt mineral, er korund òg uvanleg på grunn av sin høge tettleik på 4.02 g/cm3, noko som er særs høgt for eit transparent material med atom av aluminium og oksygen som er lette grunnstoff med låg atommasse.[5]
Ein fiolblå korund vert kalla orientalsk ametyst.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Handbook of Mineralogy
- ↑ Corundum at Mindat.org
- ↑ 3,0 3,1 Corundum at Webmineral
- ↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., Wiley, pp. 300-302 ISBN 0-471-80580-7
- ↑ Mineral Galleries