Ærfuglar

slekt av andefuglar
(Omdirigert frå Somateria)
For vanleg ærfugl sjå ærfugl
Ærfuglar
Praktærfugl (Somateria spectabilis)
Praktærfugl (Somateria spectabilis)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Ærfuglar Somateria
Leach, 1819

Ærfuglar (Somateria) er ei biologisk slekt av store, marine dukkender. Dei tre nolevande artane hekkar alle i kjølige område på den nordlege halvkula.

I tillegg er det funne to fossilartar, ein frå oligocenlag i Kasakhstan og ein annan frå sein miocen eller tidleg pliocen i USA. Det er usikkert om den sistnemnde høyrer til ærfuglslekta.

SkildringEndra

Dette er store og tunge ender som lever langt nord mot Arktis hovudsakleg av marint animalsk føde frå havbotn slik som blautdyr (muslingar og pigghudar) og krepsdyr (krabbar). I hekketida er dei meir altetande og inkluderer vegetabilsk føde.

Hofuglen er stort sett einsfarga brun med spraglete mørkare flekker. Hanfuglen vekslar mellom praktdrakt med svart underside og kvitt i overside, lys rosa eller oransje i bryst, fargerike hovud og nebb, og ei eklipsdrakt med skittent kvitt i bryst og elles meir eller mindre mørk brun farge.

Hos alle tre artar finn ein migrasjon til isfrie område om vinteren.

ArtslisteEndra

Artar av ærfuglar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Brilleærfugl, Somateria fischeri, Spectacled Eider, von Brandt, JF, 1847, (NT)
Den minste i slekta, ca. 50-53 centimeter i kroppslengd, utbreiing i nordaustlege Russland, langs kysten av republikken Sakha og austover kysten av Tsjukotka til Beringsundet, òg langs kysten av nordlege og vestlege Alaska.
  • Praktærfugl, Somateria spectabilis, King Eider, Linné, 1758, (LC)
47–63 cm, hekkeutbreiinga er nær sirkumpolar i nord, fråvære frå Frans Josefs land og Svalbard, vinterutbreiinga i isfrie område som Island, Aleutane, og sørover langs austkysten av Nord-Amerka, nordkysten av Kolahalvøya og vestover, men sparsommeleg langs norskekysten.
  • Ærfugl, Somateria mollissima, Common Eider, Linné, 1758, (NT)
50-70 cm i kroppslengd. Utbreidd langs nordlege kystar av Nord-Amerika inkludert Grønland, Nord-Europa, Novaja Semlja, Frans Josefs land‎, Ljakhovskijøyane, Aleutane og Beringsundet. Dei europeiske hekkeområda femnar om heile Fennoskandia, Svalbard, Jan Mayen, Island og den nordlege delen av Dei britiske øyane.

GalleriEndra

KjelderEndra

  • Petersen, M. R., J. B. Grand, og C. P. Dau (2020). Spectacled Eider (Somateria fischeri), version 1.0. I Birdsof the World (A. F. Poole og F. B. Gill, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.speeid.01
  • Powell, A. N. og R. S. Suydam (2020). King Eider (Somateria spectabilis), version 1.0. I Birdsof the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.kineid.01
  • Goudie, R. I., G. J. Robertson, og A. Reed (2020). Common Eider (Somateria mollissima), version 1.0. I Birdsof the World (S. M. Billerman, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.comeid.01
Referansar
  1. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)