Nynorsk kultursentrum
Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting som arbeider for nynorsk skriftkultur i gjensidig samarbeid med Ivar Aasen-instituttet i Volda. Stiftinga eig og driv Ivar Aasen-tunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje der dei gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt. Høgdepunktet er Dei Nynorske Festspela i slutten av juni, ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen.
Nynorsk kultursentrum | |||
Ivar Aasen-tunet | |||
Org.form | Stiftelse | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 976013263 | ||
Hovudkontor | Hovdebygda, Ørsta kommune[1] | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://www.nynorsk.no[2] |
19 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga: Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Sunnmøre Museum, Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta kommune, Høgskulen i Volda, Volda kommune, Møreforsking Volda, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Vestmannalaget, Universitetet i Bergen, Møre Folkehøgskule, Universitetet i Tromsø, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Hordaland fylkeskommune og Universitetet i Oslo.
Stiftinga vart skipa 31. august 1993 og er organisert med eit styre og eit råd. Frå 1999 til 2018 var Ottar Grepstad[3] direktør. Sidan 2018 har direktøren vore Per Magnus Finnanger Sandsmark.
Nynorsk leksikon
endreEit prosjekt Nynorsk kultursentrum har drive med er eit nynorsk leksikon. 26. mai 2009 starta pilotprojektet for det som vart allkunne.no, eit nynorsk kulturhistorisk leksikon. Leksikonet var eigd av Det norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum.
Kjelder
endre- ↑ https://lottstift.no/stiftelsesregisteret/detaljer/976013263; vitjingsdato: 2. juli 2024.
- ↑ https://lottstift.no/stiftelsesregisteret/detaljer/976013263; vitjingsdato: 3. juli 2024.
- ↑ Nynorsk kultursentrum (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 15. desember 2013, henta 15. desember 2013