Tebá
(Omdirigert frå Bima)
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה tēḇā) er det hovudsakleg sefardiske og italiensk-jødiske namnet på den opphøgde plattforma i synagogen med ein lesepult der torálesinga føregår.
Andre namn
endreBima
endreAskenasiske jødar, særleg frå Russland, kallar tebáen bima.
Almemmar, Balemmer
endreAskenasiske jødar frå Tyskland og Polen seier gjerne almemmar eller balemmer.
Plassering
endreAttast i rommet
endreI tradisjonelle sefardiske, provençalske, italienske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nærme atterenden av synagogerommet.
Midt i rommet
endreI tradisjonelle askenasiske og mange mizrahiske synagogar er tebáen gjerne plassert nærme midten av synagogerommet.
I askenasiske ikkje-ortodokse synagogar, særleg i Nord-Amerika, er tebáen gjerne slegen saman med dukhán-området fremst i synagogerommet, nærme hekhál.