Systermarihand
Systermarihand | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Plantae | |
Rekkje: | Magnoliophyta | |
Familie: | Orchidáceae (Marihandfamilien) | |
Slekt: | Dachtylorhíza Nevski. | |
Art: | D. sambucína | |
Vitskapleg namn | ||
Dachtylorhiza sambucina |
Systermarihand (Dactylorhiza sambucina) er ein 20 cm høg orkidé.
UtsjånadEndra
Systermarihand har breie, butte blad og hol stengel. Planten blomstrar tidleg om våren, før vårskjerpen gjer marka tørr – i mai i Sverige og Danmark, i juni i Noreg. Plantar med purpurraud og lysgule blomstrar veks om ein annan, men i Noreg er det berre funne plantar med gule blomstrar. Blomstrane sit i eit tett aks med lange støtteblad.
Rotknollane - ei lys frå året og ein mørk frå fjoråret - skal likne to menneskekroppar som er klemte mot kvarandre, og kan ha gjeve opphav til namnet.
UtbreiingEndra
Systermarihand veks på tørre bakkar og enger. I Noreg veks planten frå Arendal i sør til Sigdal i nord og frå Tinn i vest til Øvre Eiker og Lardal i aust. Elles veks han i Sør-Sverige , på Jylland og i fjellområde andre stader i Europa.
KulturEndra
Søstermarihand er knytt til gammaldags dreven kulturmark. Ho er avhengig av ugjødsla slåtteenger og beitemarker med god tilgang på lys. Med moderne jordbruk er dette kulturlandskapet truga, og systermarihand er derfor klassifisert som sårbar på raudlista og totalfreda i Noreg.
Systermaihand er fylkesblomster i Telemark.
KjelderEndra
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Bo Mosseberg og Sven Nilsson (1977): Nordens orkidéer ISBN 82-02-03701-8
- Botanisk museum