Tema:Pink Floyd
Velkommen til temasida om Pink Floyd
Innleiing
Pink Floyd er eit britisk progressivt rockeband. Med poengterte tekstar, storslåtte lydbilete, lydeksperimentering, nyskapande platecover og sceneshow fylt med effektar er Pink Floyd eitt av dei største banda innan rocken. Bandet er på sjuandeplass på lista over artistar som har seld flest plater gjennom historia med over 200 millionar plater. Blant desse finn ein mellom anna The Dark Side of the Moon frå 1973, Wish You Were Here frå 1975, Animals frå 1977 og The Wall frå 1979, plater som gav Pink Floyd status som eit av dei største banda i verda.
Studioalbum
Dette er studioalbuma til Pink Floyd. For eit fullstendig oversyn over alt Pink Floyd har gjeve ut, sjå diskografien til Pink Floyd.
Syd Barrett (1946-2006)
Roger Keith Barrett (født 6. januar 1946 i Cambridge, England, død 7. juli 2006 i Cambridgeshire, England), kjend som Syd Barrett, var ein av grunnleggjarne av Pink Floyd. Han var den første frontfiguren i bandet, som låtskrivar, gitarist og vokalist, men kunne ikkje halde fram i bandet etter 1968, grunna massiv bruk av LSD. Påverknaden på andre musikarar har likevel vore stor, og etter suksessen til dei andre bandmedlemmene er det i starten av det 21. hundreåret framleis er ein enorm interesse rundt Barrett. Han vart i 2006 den fyrste medlemen av Pink Floyd som døydde, etter at han fekk bukspyttkjertelkreft.
Kategoriar
Artiklane om Pink Floyd ligg under desse kategoriane:
David Gilmour
David Jon Gilmour fødd 6. mars 1946 er gitaristen, vokalisten og ein av låtskrivarane i Pink Floyd. I tillegg har han arbeida som plateprodusent for ei rekkje artistar. Gilmour har vore aktiv i mange veldedige organisasjonar og vart i 2003 tildelt Commander of the British Empire for arbeidet sitt.
Nick Mason
Nicholas Berkeley Mason (fødd 27. januar, 1944 i Birmingham i England) er trommeslagaren, perkusjonisten og ein av komponistane i Pink Floyd. Han er den einaste av medlemane som har vore med i Pink Floyd sidan grunnlegginga i 1965 og har også spela på samtlege album.
Richard Wright
Richard William «Rick» Wright 28. juli 1943–15. september 2008 var pianist og tangentinstrumentalist i Pink Floyd. Han var eit av medlemmene som starta bandet i 1965, og var òg med i dei tidlege utgåvene av bandet, Sigma 6 og The (Screaming) Abdabs. Sjølv om han ikkje medverka like mykje på låtskrivarsida som sine bandkollegaer Roger Waters og David Gilmour, var lyden frå Wright sine orgel, piano og synthesizerar ein svært viktig del av lydbiletet til Pink Floyd.
Roger Waters
George Roger Waters (f. 6. september 1943) var før 1985 songaren, bassisten, nokre gonger gitaristen, ein av låtskrivarane og komponisten i Pink Floyd. Han var òg hjernen bak fleire av bandet sine konseptalbum og mange av symbola knytta til Pink Floyd. I 2005 vart han gjenforent med Gilmour, Mason og Wright for ein enkel opptreden på Live 8-konserten i London, 2. juli.
Visste du at...
- ...David Gilmour har spelt saman med Paul McCartney?
- ...når Pink Floyd spelte The Wall live var det eit anna band som spelte fyrste songen, med masker av Pink Floyd-medlemmane?
- ...den lengste framføringa av Dark Side of the Moon varte nesten 65 minutt, medan albumet varer i 42 minutt?
- ...den aller fyrste gitaristen i Pink Floyd, Bob Klose forlet bandet for å bli fotograf?
- ...David Gilmour spelte inn gitarsoloen i Time på fyrste forsøk?
Oversikt over Pink Floyd-relaterte artiklar
På Wikimedia