Opna hovudmenyen

The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971)

The Bootleg Series Vol. 10:
Another Self Portrait (1969–1971)

Samlealbum av Bob Dylan
Utgjeve 21. desember 2018
Innspelt 1967, 13. februar 1969 – 19. mars 1971 i Columbia Recording Studios i New York City
Sjanger Folk, rock, country
Lengd 1:53:27
Selskap Columbia
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
The 50th Anniversary Collection
(2012)
The Bootleg Series Vol. 10:
Another Self Portrait (1969–1971)
The Complete Album Collection Vol. One
(2013)
Bob Dylan Bootleg Series-kronologi
The Bootleg Series Vol. 9: The Witmark Demos: 1962–1964
(2010)
The Bootleg Series Vol. 10:
Another Self Portrait (1969–1971)
The Bootleg Series Vol. 11: The Basement Tapes Complete
(2014)
Singlar frå The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971)
  1. «Wigwam»
    Utgjeve: 20. april 2013
  2. «Pretty Saro»
    Utgjeve: 13. august 2013

The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971) er den åttande utgjevinga av Bob Dylan Bootleg Series. Denne samlinga består av innspelingar som ikkje var gjevne ut før, demoinnspelingar og alternative opptak som hovudsakleg var henta frå innspelingane kring Self Portrait og New Morning tidleg i 1970-åra, og to konsertopptak frå Isle of Wight-festivalen i 1969. Samlinga kom ut på Legacy Records 27. august 2013.[1][2][3][4]

Plateomslaget er eit nytt måleri av Bob Dylan. Notata i omslaget vart skriven av Greil Marcus, som skreiv den opphavlege meldinga av Self Portrait for Rolling Stone der han spurte «Kva er denne skiten?». Omslaget innehelddt òg eit langt essay av journalisten Michael Simmons. Samlinga inneheld òg sjeldne fotografi frå denne tida, tekne av John Cohen og Al Clayton.[1][5][6]

BakgrunnEndra

The Bootleg Series Vol. 10 – Another Self Portrait (1969–1971) syng Dylan countrysongar frå Nashville Skyline («Country Pie» og «I Threw It All Away»), tolkar tradisjonelle viser («Little Sadie», «Pretty Saro») og syng samtidige songar (Tom Paxton sin «Annie's Gonna Sing Her Song» og Eric Andersen sin «Thirsty Boots») i tillegg til sine eigne songar.[1]

MarknadsføringEndra

Den første songen som kom ut frå The Bootleg Series Vol. 10 – Another Self Portrait (1969–1971) var ein uutgjeven demo av «Wigwam» i lag med ei anna uutgjeven innspeling av «Thirsty Boots» på ein 7" vinylsingel for Record Store Day 2013.[7] Den 8. august 2013 kom det ut ein video for songen «Pretty Saro», ein tradisjonell engelsk ballade. Videoen inneheld bilete frå arkivet til Farm Security Administration i Library of Congress.[8] Ei veke seinare var songen tilgjengeleg for nedlasting..[9]

UtgåverEndra

The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971) kom ut som ein standard dobbel-CD, i tillegg til ei luksussamling med fire plater, som for første gongen inneheld den komplette konserten til Bob Dylan og The Band frå Isle of Wight-festivalen den 31. august 1969 (feilaktig datert til 30. august 1969 i plateomslaget) Luksusutgåva inneheldt òg ei nyleg nymastra utgåve av Self Portrait frå 1970, i tillegg til to bøker med notat av Greil Marcus. Ei vinylutgåve av The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969–1971) inneheld den 35 songane frå albumet fordelt på tre vinylplater og eit 12"x12" stort hefte.[10][11]

MottakingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic81/100 [12]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [13]
American Songwriter      [14]
Consequence of Sound      [15]
Guitar WorldPositive [16]
Pitchfork Media8.7/10 [17]
Rolling Stone      [18]

I meldinga si for AllMusic gav Thom Jurek albumet fire av fem stjerner, og kalla det «eit uunnverleg tillegg til katalogen».[13] Han meinte at Dylan gjorde dei rette vala i høve det originale New Morning, men at dei unytta og alternative opptaka likevel var interessante.[13]

I meldinga si for American Songwriter gav Jim Beviglia albumet fire av fem stjerner.[14] Beviglia skreiv: «Denne samlinga prøver å rette opp att feila i produksjonen og songutvalet som vart gjort då desse albuma først kom ut. I høve Self Portrait er overdubbingane som vart lagt til i ettertid fjerna og fjerna dermed filteret mellom lyttaren og den rå, gripande framføringa til Dylan på «Copper Kettle» og «Days Of '49».»[14]

I meldinga si for Consequence of Sound gav Mike Madden albumet tre og ei halv av fem stjerner og skreiv at Another Self Portrait «inneheld songar me har høyrd før, men her presentert i ei anna form, som den koslege klagesongen 'I Threw It All Away'».[15]

I meldinga for Guitar World skreiv Jeff Slate at «greia med å vere Bob Dylan-fan er å oppdage at stordommen hans aldri tar slutt».[16] Slate sa vidare «det som slo meg når eg reflekterte over denne serien i ti delar - for ikkje å snakke om dei offisielle studioutgjevingane til Dyan - er konsistensen i det Dylan gav ut. Det er alt veldig bra. Seriøst.»[16]

I meldinga si for Rolling Stone gav David Fricke albumet fire og ei halv av fem stjerner og kalla det «eit av dei viktigaste, samanhengande og tilfredsstillande Bob Dylan-albuma som er gjeve ut».[18] Fricke meinte framføringane var «presserande og forfriskande» og at Dylan «song virilt».[18]

InnhaldEndra

Alle songar skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde. Tradisjonelle songar er arrangerte av Dylan.

Plate 1
# Tittel Lengd
1. «Went to See the Gypsy» (demo, New Morning, 3/3/70) 3:01
2. «Little Sadie» (utan overdubbar, Self Portrait, 3/3/70) 2:02
3. «Pretty Saro» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 3/3/70) 2:16
4. «Alberta #3» (alternativ versjon, Self Portrait, 3/5/70) 2:37
5. «Spanish is the Loving Tongue» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 6/2/70) 3:51
6. «Annie's Going to Sing Her Song» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 3/4/70) 2:22
7. «Time Passes Slowly #1» (alternativ versjon, New Morning, 5/1/70) 2:18
8. «Only a Hobo» (ikkje utgjeven før, Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II, 9/1/71) 3:25
9. «Minstrel Boy» (ikkje utgjeven før, The Basement Tapes, c. 1967) 1:39
10. «I Threw It All Away» (alternativ versjon, Nashville Skyline, 2/16/69) 2:25
11. «Railroad Bill» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 3/4/70) 2:44
12. «Thirsty Boots» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 3/4/70) 4:06
13. «This Evening So Soon» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 3/4/70) 4:49
14. «These Hands» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 3/3/70) 3:43
15. «In Search of Little Sadie» (utan overdubbar, Self Portrait, 3/4/70) 2:26
16. «House Carpenter» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 3/4/70) 5:59
17. «All the Tired Horses» (utan overdubbar, Self Portrait, 3/5/70) 1:15
51:15
Plate 2
# Tittel Lengd
1. «If Not for You» (alternativ versjon, New Morning, 6/2/70) 2:29
2. «Wallflower» (alternativ versjon, 11/4/71) 2:18
3. «Wigwam» (utan overdubbar, Self Portrait, 3/4/70) 3:10
4. «Days of '49» (utan overdubbar, Self Portrait, 3/4/70) 5:13
5. «Working on a Guru» (ikkje utgjeven før, New Morning, 5/1/70) 3:43
6. «Country Pie» (alternativ versjon, Nashville Skyline, 2/14/69) 1:27
7. «I'll Be Your Baby Tonight» (Live frå Isle of Wight-festivalen, 8/31/69) 3:31
8. «Highway 61 Revisited» (Live frå Isle of Wight-festivalen, 8/31/69) 3:39
9. «Copper Kettle» (utan overdubbar, Self Portrait, 3/3/70) 3:35
10. «Bring Me a Little Water» (ikkje utgjeven før, New Morning, 6/4/70) 3:58
11. «Sign on the Window» (med orkesteroverdub, New Morning, 6/5/70) 3:51
12. «Tattle O'Day» (ikkje utgjeven før, Self Portrait, 3/4/70) 3:49
13. «If Dogs Run Free» (alternativ versjon, New Morning, 6/5/70) 4:10
14. «New Morning» (med blåsarar, New Morning, 6/4/70) 4:04
15. «Went to See the Gypsy» (alternativ versjon, New Morning, 6/5/70) 3:33
16. «Belle Isle» (utan overdubbar, Self Portrait, 3/3/70) 2:35
17. «Time Passes Slowly #2» (alternativ versjon #2, New Morning, 6/2/70) 3:02
18. «When I Paint My Masterpiece» (demoversjon, 3/19/71) 3:53
62:12

LuksusutgåveEndra

Luksusutgåva: Plate 3 (Live frå Isle of Wight-festivalen, 8/31/69)
# Tittel Lengd
1. «Intro»   0:40
2. «She Belongs to Me»   3:01
3. «I Threw It All Away»   3:07
4. «Maggie's Farm»   4:00
5. «Wild Mountain Thyme» (Tradisjonell) 2:51
6. «It Ain't Me Babe»   3:09
7. «To Ramona»   2:25
8. «Mr. Tambourine Man»   3:08
9. «I Dreamed I Saw St. Augustine»   3:32
10. «Lay Lady Lay»   3:54
11. «Highway 61 Revisited»   3:47
12. «One Too Many Mornings»   2:38
13. «I Pity the Poor Immigrant»   3:47
14. «Like a Rolling Stone»   5:25
15. «I'll Be Your Baby Tonight»   3:30
16. «Quinn the Eskimo (The Mighty Quinn)»   2:49
17. «Minstrel Boy»   3:48
18. «Rainy Day Women #12 & 35»   3:17
Luksusutåve: Plate 4 (Nymastra utgåve av Self Portrait)
# Tittel Lengd
1. «All the Tired Horses»   3:12
2. «Alberta #1» (Tradisjonell) 2:57
3. «I Forgot More Than You'll Ever Know» (Cecil Allen Null) 2:23
4. «Days of '49» (Alan Lomax, John Lomax, Frank Warner) 5:27
5. «Early Mornin' Rain» (Gordon Lightfoot) 3:34
6. «In Search of Little Sadie» (Tradisjonell) 2:28
7. «[[Let It Be M Let It Be Me]]» (Gilbert Bécaud, Mann Curtis, Pierre Delanoë) 3:00
8. «Little Sadie» (Tradisjonell) 2:00
9. «Woogie Boogie»   2:06
10. «Belle Isle» (Tradisjonell) 2:30
11. «Living the Blues»   2:42
12. «Like a Rolling Stone» (Live at the Isle of Wight Festival, 8/31/69) 5:18
13. «Copper Kettle» (Albert Frank Beddoe) 3:34
14. «Gotta Travel On» (Paul Clayton, Larry Ehrlich, David Lazar, Tom Six) 3:08
15. «Blue Moon» (Richard Rodgers, Lorenz Hart) 2:29
16. «The Boxer» (Paul Simon) 2:48
17. «The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)» (Live at the Isle of Wight Festival, 8/31/69) 2:48
18. «Take Me as I Am (Or Let Me Go)» (Boudleaux Bryant) 3:03
19. «Take a Message to Mary» (Felice Bryant, Boudleaux Bryant) 2:46
20. «It Hurts Me Too»   3:15
21. «Minstrel Boy» (Live at the Isle of Wight Festival, 8/31/69) 3:33
22. «She Belongs to Me» (Live at the Isle of Wight Festival, 8/31/69) 2:44
23. «Wigwam»   3:09
24. «Alberta #2» (Tradisjonell) 3:12

SalslisterEndra

MedverkandeEndra

Musikk

Produksjon
  • Bob Johnston – produsent
  • Al Kooper – blåsearrangement, miksing, producer, strykearrangement
  • Bob Dylan – arrangør, plateomslag
  • Steve Addabbo – miksing
  • Steve Berkowitz – miksing
  • Greg Calbi – mastering
  • Charles Calello – blåsearrangement, strykearrangement
  • Matt Cavaluzzo – lydbandoverføring
  • Josh Cheuse – fotografi
  • Al Clayton – fotografi
  • John Cohen – fotografi
  • Arie De Reus – undersøkingar
  • Geoff Gans – kunstnarisk leiar, design
  • Callie Gladman – produksjonssamarbeidar
  • Patrice Habans – fotografi
  • April Hayes – produksjonssamarbeidar
  • Magne Karlstad – undersøkingar
  • Glenn Korman – undersøkingar
  • Elliot Landy – fotografi
  • Diane Lapsonv – produksjonssamarbeidar
  • Bryan Lasley – design
  • Greg Linn – produktmanager
  • Greil Marcus – notat i omslaget
  • Paris Match – fotografi
  • David Redfern – fotografi
  • Dave Roberts – miksing
  • Jeff Rosen – kompilering
  • Oddbjorn Saltnes – undersøkingar
  • Will Schwartz – produksjonssamarbeidar
  • Michael Simmons – notat i omsaget
  • Debbie Sweeney – produksjonssamarbeidar

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «The Bootleg Series Vol. 10: Another Self Portrait (1969-1971)». Bob Dylan. 27. august 2013. Henta 21. desember 2018. 
  2. «Bob Dylan Revisits 'Self Portrait' on Next Edition of Bootleg Series». Rolling Stone. 21. desember 2018. Henta 21. desember 2018. 
  3. «Latest in Bob Dylan’s Bootleg Series, ‘Another Self Portrait,’ Coming in August». The New York Times. 21. desember 2018. Henta 21. desember 2018. 
  4. «Bob Dylan Mines Self Portrait For New Bootleg Series». American Songwriter. 21. desember 2018. Henta 21. desember 2018. 
  5. «Bob Dylan's The Bootleg Series, Vol. 10 Another Self Portrait (1969 - 1971) Out August 26th 2013». Contact Music. 21. desember 2018. Henta 21. desember 2018. 
  6. «Bob Dylan’s Maligned ‘Self Portrait’ Album Gets Reissued». Ultimate Classic Rock. 21. desember 2018. Henta 21. desember 2018. 
  7. «WIGWAM single to be released for Record Store Day». bobdylan.com. Arkivert frå originalen 6. august 2013. Henta 21. desember 2018. 
  8. «»Watch «Pretty Saro» Video from «Another Self Portrait»». bobdylan.com. Henta 21. desember 2018. 
  9. «Pretty Saro (Self Portrait) - Single». iTunes. Henta 21. desember 2018. 
  10. «BOB DYLAN'S THE BOOTLEG SERIES, VOL. 10 Press Release» (PDF). Bob Dylan Isis & Columbia Records. 21. desember 2018. Arkivert frå originalen (PDF) 9. august 2013. Henta 21. desember 2018. 
  11. «Bob Dylan to release 'Another Self Portrait' with Isle of Wight gig». Digital Spy. 21. desember 2018. Henta 21. desember 2018. 
  12. «Another Self Portrait 1969-1971: The Bootleg Series, Vol. 10 Reviews». Metacritic.com. Henta 21. desember 2018. 
  13. 13,0 13,1 13,2 Jurek, Thom. «Another Self Portrait». AllMusic. Henta 21. desember 2018. 
  14. 14,0 14,1 14,2 Beviglia, Jim (14. august 2013). «Bob Dylan: Another Self Portrait (1969-1971) The Bootleg Series Vol. 10». American Songwriter. Henta 21. desember 2018. 
  15. 15,0 15,1 Madden, Mike (29. august 2013). «Album Review: Bob Dylan – The Bootleg Series Vol. 10 – Another Self Portrait (1969-1971)». Consequence of Sound. Henta 21. desember 2018. 
  16. 16,0 16,1 16,2 Slate, Jeff (21. desember 2018). «Album Review: Bob Dylan — 'Another Self Portrait (1969-1971), The Bootleg Series Vol. 10'». Guitar World. Henta 21. desember 2018. 
  17. http://pitchfork.com/reviews/albums/18402-bob-dylan-bootleg-series-vol-10-another-self-portrait-1969-1971/
  18. 18,0 18,1 18,2 Frick, David (14. august 2013). «Bob Dylan: Another Self Portrait (1969-1971): The Bootleg Series Vol. 10». Rolling Stone. Henta 21. desember 2018. 
  19. 19,00 19,01 19,02 19,03 19,04 19,05 19,06 19,07 19,08 19,09 19,10 19,11 19,12 19,13 19,14 19,15 19,16 19,17 «Bob Dylan: Another Self Portrait». aCharts. Henta 21. desember 2018.