Thorvald Christensen

Thorvald Christian Christensen (9. juli 18336. januar 1913) var ein norsk jurist, stortingsrepresentant og ordførar i Arendal. Halvor Olaus Christensen var far hans, Christian Christensen Kollerud farfaren.

Thorvald Christensen
Fødd9. juli 1833
Stavanger kommune
Død6. januar 1913 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, jurist
FarHalvor Olaus Christensen
VervOrdførar i Arendal 1887-1895
FøregangarOve S. Andersen
EtterfylgjarClaus Bomhoff Evensen

Christensen vart fødd i Stavanger. Han reiste til Christiania for å studere i 1849. Han tok juridisk embetseksamen, cand. jur., i 1856, og var tilsett i Finansdepartementet, der han vart byråsjef i 1872. Under verdsutstillingga i Paris 1867 var han norsk kommissær, same året vart han kammerherre ved det norske hoffet.

I 1875 takka han nei til å bli dommar ved den internasjonale domstolen i Egypt.

Christensen flytta i 1881 til Arendal, der han fekk arbeid som tollinspektør, og budde i byen som ungkar resten av sitt liv. Han engasjerte seg politisk, og var ordførar i byen frå 1887 til 1895. Elles var han mykje interessert i kunst og tok initiativ til opprettinga av portrettgalleriet i Arendal rådhus.

I 1889 vart Christensen vald inn på Stortinget som 1. representant for Arendal og Grimstad på partiet Høgre sitt program.

UtmerkingarEndra

Christensen vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 1867, og til kommandør av 2. klasse i 1895, riddar av Vasaordenen, kommandør 2. klasse av Zähringerløvens orden og riddar av den franske Æreslegionen.

KjelderEndra