Troglodytes

slekt av sporvefuglar

Troglodytes er ei biologisk slekt av små sporvefuglar i gjerdesmettfamilien.

Troglodytes
Hussmett, Troglodytes aedon, i São Paulo Foto: Dario Sanches
Hussmett, Troglodytes aedon, i São Paulo
Foto: Dario Sanches
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Gjerdesmettfamilien Troglodytidae
Slekt: Troglodytes
Vieillot, 1807

Desse gjerdesmettane er rundt 11–13 cm lange. Dei er brunaktige på oversida og litt bleikare på undersida, og har sterke bein. Dei korte avrunda vengene og den ofte løfta halen har eit mønster av mørke tverrstriper. Flyginga er direkte og summande.

Som andre gjerdesmettslekter er dei ofte lite synlege når dei jaktar på små insekt og edderkoppar, men dei avslører posisjonane sine gjennom sine kraftfulle songar. Dette er territorieale fuglar, men vintersmett, Troglodytes hiemalis, i Nord-Amerika vil ofte samlast i eit holrom i kaldt vêr for å spare varme.

Mange Troglodytes-gjerdesmettar lever stort sett i noko kjøligare habitat enn dei fleste av slektningane i andre slekter i familien. Fire av artane er funne i fjella frå Mexico til nordlege Sør-Amerika.

Fleire av artane har berre ei avgrensa utbreiing og nokre av desse igjen er raudlista: falklandssmett, endemisk for Falklandsøyane, sårbar; socorrosmett, endemisk for Socorroøya, nær truga; clarionsmett, endemisk for øya Clarion i Stillehavet, meir enn 700 km frå fastlandet i Mexico er sårbar; rustbrynsmett, i fjellstrøk i Chiapas i Mexico, Honduras, El Salvador, Guatemala og nordvestre Nicaragua; okersmett, i fjella i Costa Rica og Panama; santamartasmett, endemisk for Sierra Nevada de Santa Marta, Colombia, kritisk truga; tepuissmett, isolerte populasjonar i søraustlege Venezuela og litt inn i tilgrensande Guyana og kanskje litt inn i Brasil.[1]

Til forskjell frå artane nemnt over, har hussmett og spesielt arten gjerdesmett vidt utbreiingsområde og dei har mange variantar i form av underartar. Til dømes er det registrert 28 underartar av gjerdesmett.[2] Fem artar finst på tempererte breiddegradar, men hussmett finst både i tropisk og temperert låglandshabitat. Hussmett lever gjennom Amerika frå sørlegaste Tierra del Fuego nordover til California og hekkar så lang nord som i Canada. Tidlegare var den hardføre arten gjerdesmett eit takson av populasjonar i slekta med ei breiare distribusjon over Nord-Amerika, Europa, Asia og Nord-Afrika. Taksonet blei delt inn i tre artar, gjenverande del av gjerdesmett er populasjonar i «den gamle verda», dei to andre artane lever i Nord-Amerika, dei har førebels ikkje namn på norsk. Falklandssmett er ein annan robust art som toler tøffe tilhøve.

Dei næraste slektningane av denne slekta er moglegvis bambussmett (Thryorchilus) og Cistothorus-artane.[3]

Artslista

endre

Troglodytes i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

  • Hussmett, Troglodytes aedon, House Wren, Vieillot, 1809, (LC)
  • Falklandssmett, Troglodytes cobbi, Cobb's Wren, Chubb, C, 1909, (LC)
  • Socorrosmett, Troglodytes sissonii, Socorro Wren, Grayson, 1868, (NT)
  • Clarionsmett, Troglodytes tanneri, Clarion Wren, Townsend, 1890, (VU)
  • Rustbrynsmett, Troglodytes rufociliatus, Rufous-browed Wren, Sharpe, 1882, (LC)
  • Okersmett, Troglodytes ochraceus, Ochraceous Wren, Ridgway, 1882, (LC)
  • Andessmett, Troglodytes solstitialis, Mountain Wren, Sclater, PL, 1859, (LC)
  • Santamartasmett, Troglodytes monticola, Santa Marta Wren, Bangs, 1899, (CR)
  • Tepuismett, Troglodytes rufulus, Tepui Wren, Cabanis, 1849, (LC)
  • Gjerdesmett, Troglodytes troglodytes, Eurasian Wren, Linné, 1758, (LC)
  • Barsmett, Troglodytes pacificus, Pacific Wren, Baird, SF, 1864, (LC)
  • Vintersmett, Troglodytes hiemalis, Winter Wren, Vieillot, 1819, (LC)

Kjelder

endre
Referansar
  1. "Oppslag på dei enkilde artar etter søk på Troglodytes" In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (retrieved from http://www.hbw.com/search/site/TROGLODYTES lest 18. april 2017).
  2. 2,0 2,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  3. Gómez, Juan E. Martínez; Barber, Brian R.; Peterson, A. Townsend (2005). «Phylogenetic position and generic placement of the Socorro Wren (Thryomanes sissonii (PDF). The Auk 122: 50. doi:10.1642/0004-8038(2005)122[0050:PPAGPO]2.0.CO;2. Arkivert frå originalen (PDF) 17. desember 2008. Henta 18. april 2017. 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Troglodytes