Springaren Tusen-Tore eller Ravnåsen er mykje nytta i Numedal og austre Telemark. Slåttenamnet Tusen-Tore er knytt til ei gamal vise med det same namnet. Ravnåsen heiter etter spelemannen Jokum Ravnås frå Numedal. Slåtten har venteleg kome til Telemark med Fykerudane, først gamle Hans Fykerud og seinare sonen Lars Fykerud. Fykerud lærte og bort slåtten til hallingen Tor Grimsgard.

Slåtten er bygd opp som ein tvibeitslått med to vek i dei mest einfelte utformingane. Dei fleste formene har tre vek. Springaren er tolleg gamal.

Variantgruppa endre

Slåtten har katalognummer 511 i band VI av hardingfeleverket. Gruppa tel sju variantar.