Vilhelm av Tyrus

(Omdirigert frå Vilhelm av Tyr)

Vilhelm av Tyrus (ca. 113029. september 1186) var ein historikar, krønikeskrivar og biskop fødd i kongedømet Jerusalem. Han var kanslar for Balduin IV av Jerusalem og erkebiskop av Tyrus. Vilhelm av Tyrus skreiv om dei første krosstoga og om soga til kongedømet Jeursalem i krøniken Historia rerum in partibus transmarinis gestarum («Soga om gjerningar utført over havet») eller Historia Ierosolimitana («Soga åt Jerusalem»). Verket er ei viktig kjelde til informasjon om krossfarartida, og Vilhelm av Tyrus blir rekna som ein av dei fremste historikarane i mellomalderen.[1]

Vilhelm av Tyrus

Skildring av Vilhelm som skriv historieverket sitt i ei fransk omsetjing av Historia Ierosolimitana frå det 13. hundreåret
Alias Willelmus Tyrensis (latin)
Statsborgarskap Frankrike, Kongedømet Jerusalem
Fødd ca. 1130
Jerusalem
Død

1186
Jerusalem

Yrke biskop, kanslar og historikar
Tema Soga åt kongedømet Jerusalem
Periode mellomalderen
Sjanger krønike
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Vilhelm av Tyrus på Commons

Livssoge endre

Tidlege år og utdanning endre

 
Skildring av giftarmålet mellom Maria Komnene og kong Amalrik i ei fransk omsetjing av Vilhelms Historia Ierosolimitana frå det 15. hundreåret

Vilhelm av Tyrus vart sannsynlegvis fødd i tidsrommet 1127-1130 i Palestina. Ein reknar med at han var av europeisk opphav, og det har tradisjonelt blitt hevda at foreldra hans hadde immigrert frå Frankrike, jamvel om det er uråd å seie noko sikkert om dette. Vilhelm skal ha lært seg å tale både latin, fransk, gresk og arabisk, og hadde også grunnleggjande kunnskapar i hebraisk og andre austerlandske språk. Mellomalderhistorikaren A.C. Krey ser dette som eit prov på at han må ha fått den første utdanninga si i heimlandet.[2] I trettiårsalderen reiste han til Europa for å utdanne seg vidare, anten i Frankrike eller i Italia. Han vende attende til Palestina i 1160 og rakk dimed å få med seg kroninga av kong Amalrik I i 1163. Då giftarmålet mellom den bysantinske prinsessa Maria Komnene og kong Amalrik I vart feira i Tyrus våren 1167, var Vilhelm framleis kannik ved bispesetet der i byen.

Amalrik hadde nett fullført eit framgangsrikt hærtokt inn i Egypt, der han mellom anna hadde teke Alexandria frå den enno unge hærføraren Saladin. Giftarmålet med Maria sikra ein allianse med keisaren i Konstantinopel, Manuel I Komnenos, og den unge, historieinteresserte monarken såg etter ein historikar som kunne skrive ein krønike om kongstida hans. Denne personen fann kong Amalrik i jamaldringen Vilhelm (Amalrik var 37, Vilhelm 31). Stutt tid seinare vart Vilhelm forfremja til erkediakon på førespurnad frå kongen sjølv, og Vilhelm sette snart i gang med å skrive ei soge om gjerningane til kong Amalrik. I samband med dette arbeidet oppdaga han at det ikkje hadde blitt skrive noko krønike for Jerusalem sidan 1127, difor valde Vilhelm å setje i gang med å komponere ei fullstendig krønike over Jerusalem-kongane frå byrjinga av.

Kongens tenar endre

 
Fransk måleri frå 1250-talet som skildrar augneblinken då Vilhelm oppdaga at Balduin var spedalsk.

Tidleg det neste året vart Vilhelm sendt på ein diplomatisk reise til keisaren i Konstantinopel for å sikre bysantinsk støtte til eit krosstog mot det muslimske Egypt. I 1169 fortel kjeldene at han oppheldt seg mesteparten av året i Roma. Då han var attende i Jerusalem vart han utpeikt som huslærar for Balduin, den unge sonen til kong Amalrik. Dei neste fire åra var Vilhelm tett på den unge prinsen og skulekameratane hans, og oppheldt seg sannsynlegvis mesteparten av tida i Tyrus. Stillinga som huslærar førte han bort frå hoffet, men gav han samstundes meir tid til å studere og skrive. Kong Amalrik kom ofte på vitjing til Tyrus, og på desse vitjingane heldt kongen Vilhelm informert om hendingane i riket, attåt å diskutere historieverket Vilhelm arbeidde med.

Vilhelm forguda Balduin, og skriv at prinsen lytta til historisk kunnskap og velviljug tok imot gode råd:

Gutten, som da var omtrent ni, ble gitt i min varetekt for å bli undervist i de humanistiske fag. Jeg viet meg til min kongelige elev. Han hadde et behagelig utseende og fortsatte å gjøre fremskritt i lesing og skriving, og viste stadig større tegn til å utvikle et elskelig lynne. Han var en fremragende rytter. Intellektet var skarpt. Han hadde god hukommelse.

Det var også Vilhelm som oppdaga at Balduin var spedalsk:

Han lekte med noen kamerater, da de slik viltre gutter ofte gjør, begynte å klype hverandre i armene og hendene. Balduin tok tålmodig imot, som om han ikke kjente noe. Da dette hadde hendt flere ganger, ble det rapportert til meg. Jeg kalte ham til meg, og oppdaget at høyre arm og hånd var spesielt numne. Jeg fikk bange anelser. Guttens far [kongen] ble underrettet, leger konsultert. Som tiden gikk, gjenkjente vi de tidlige symptomene. Det er umulig ikke å ta til tårene.[3]

Rådgjevar for kongen endre

Sumaren 1174 døydde kong Amalrik, og den snautt 13 år gamle Balduin vart krona til konge. Vilhelm vart utnemnd til kanslar for den urøynde kongen, og i 1175 vart han også utnemnd til erkebiskop av Tyrus. Balduin og Vilhelm stod kvarandre nær, og då kongen som femtenåring vart myndig var Vilhelm i kraft av stillinga som kanslar den nærmaste rådgjevaren hans. I desse åra var Vilhelm alltid tett på kongen, og deltok tilmed på hærtokt i følgjet til kongen. Vilhelm heldt samstundes fram med arbeidet på historieverket sitt, jamvel om dei verdslege og religiøse forpliktingane hans tok opp mykje tid.[4]

I 1179 reiste Vilhelm i spissen for den jerusalemske delegasjonen til Det tredje laterankonsilet, der flokken frå kongedømet Jerusalem utan hell freista å overtyde konsilet om trongen for eit nytt krosstog. Då konsilet var over, bad Pave Aleksander III Vilhelm om å reise til Konstantinopel for å utføre eit viktig oppdrag. Keisaren og Vilhelm kom godt overeins, og Vilhelm vart verande i Bysants i lang tid og var ikkje attende i Jerusalem før i juli 1180. På dette tidspunktet var hoffet prega av uro. Jamvel om Balduin hadde vist seg som ein dugande militærstrateg var han ofte sjuk, og i fråværet hans hamna stormennene i hoffintrigar med kvarandre.[5]

 
Krossfararstatane og nærliggjande statar i 1165.

Vilhelm var venn av Raymond III av Tripoli, som hadde vore regent for Balduin før han vart myndig, og som ein av fraksjonane ved hoffet meinte høvde best som regent i sjukdomsperiodane til kongen. Ein annan fraksjon meinte at svigerbroren til Baldouin, Guy de Lusignan, var best eigna til rolla som regent. Då den skrale patriarken av Jerusalem døydde, hadde Vilhelm høge voner om å bli den nye patriarken i den mest heilage byen i den kristne verda. På dette tidspunktet hadde fraksjonen som støtta de Lusignan mest innverknad ved hoffet, og dei sytte for at den yngre Heraclius, erkebiskop av Caesarea, vart den nye patriarken i Jerusalem.[6]

Biskop og krønikeskrivar endre

Etter å ha tapt nominasjonen mot Heraclius trekte Vilhelm seg attende frå livet ved hoffet, der han sannsynlegvis heller ikkje var særleg velkomen. Han fekk på nytt tid til å konsentrere seg om historieverket om Jerusalem, og dei neste to åra vigde han seg til dette arbeidet. Attåt bokarbeidet fann han også tid til å fordjupe seg i latinske klassikarar som Horats, Ovid, Vergil og Cicero. Jamvel om han ikkje hadd nådd ambisjonane sine, gav avstanden til kongemakt og hoff rom for å ta historieverket i ei anna retning. Der historieverket i tidlege år vart skrive med tanke på å underhalde og rettleie kongane ved hoffet, fekk han no moglegheit til å skrive for eit publikum som inkluderte heile den kristne verda.[6]

I perioden medan Vilhelm arbeidde med historieverket sitt, tilspissa den politiske situasjonen seg. Då kongedømet såvidt unngjekk å hamne i krig med Raymond III av Tripoli, var Vilhelm ifølgje A.C. Krey sannsynlegvis ein av dei som greip inn for å mekle i situasjonen. Jamvel om det for augneblinken var fred mellom Saladin og kongedømet, var Saladin i ferd med å sameine dei muslimske maktene i området. Vilhelm var så misnøgd med det han såg på som grove feilsteg av dei som hadde innverknad ved hoffet, at han la ned pennen sin. Han frykta det heile ville ende i «...stor tragedie».[7] Seinare tok han opp att skrivinga, men rakk berre å fullføre det første kapittelet i bok 23.

Den siste levetida til Vilhelm er uklår. Sume kjelder hevdar at han forlèt Jerusalem og drog til Roma med manuskripta sine i bagasjen, og seinare døydde der. Krønikeskrivaren Ernoul har endåtil skrive ein tvilsam versjon av Vilhelms endelykt, der han skal ha blitt forgifta av Heraclius sitt sendebod i Roma. I dag er dei fleste forskarar samde om at Vilhelm av Tyrus døydde 29. september 1186. Det viste seg at Vilhelm hadde hatt rett då han frykta at feilstega til kongens mektige menn ville føre til tragedie for kongedømet: Om lag eitt år etter at Vilhelm døydde lukkast Ajjubide-riket under leiing av Saladin med å hærta byen Jerusalem.

Som historikar endre

Som dei fleste andre historikarar i mellomalderen var Vilhelm påverka av Augustin av Hippo og hans tankar om gudsstaten og den guddomlege inngripen i soga.[8] Med tida lausriv Vilhelm seg meir frå dette synet, og blir meir oppteken av det personlege ansvaret til individet, og kva som motiverer individet til å handle. Historia rerum in partibus transmarinis gestarum er delt inn i 23 bøker og dekkjer heile tidsrommet frå 614 og fram til 1184, altså heile perioden frå Jerusalem først vart hærteke av muslimske styrkar i 614 og fram til samtida åt Vilhelm. Dei første seksten bøkene vart komponerte med utgangspunkt i allereie eksisterande kjelder. Vilhelm fann til dømes mykje nyttig stoff frå historikarar som Albert av Aix, Raimond d'Aguilen og Foucher av Chartres. Bok 17 til 23 minnar på si side i større grad om personlege memoarar.

 
Om lag eitt år etter Vilhelms død kapitulerer dei kristne styrkane i Jerusalem og gjev byen til Saladin.

Når det gjeld kvalitetane til Vilhelm som historikar, peikar A.C. Krey på korleis Vilhelm er meir kjeldekritisk sett i høve til det som var vanleg på den tida då han levde. Mest i alle bøkene finn han på ein eller annan stad grunn til å stille spørsmål ved både munnlege og skriftlege kjelder som motseier andre kjelder eller ikkje verkar å vere sannferdige. Etter at han trekte seg attende frå det politiske livet fekk han dessutan som før nemnd ein større avstand til hendingane, og Krey hevdar at den fordomsfrie og sympatiske framstillinga av Nūr ad-Dīn og Saladin har hatt mykje å seie for ryet deira i vesterlanda.[7] Vilhelm blir også rekna som ein stor stilist og særs dugande i latin. Catholic Encyclopedia reknar historieverket hans som «...glitrande for sin litterære sjarm», og Krey meiner at evnene som anekdoteforteljar, samt einskapen og kontinuiteten i verket gjer at berre Otto av Freising toler samanlikning med han.

Dei meir kritiske innvendingane til Vilhelm som historikar trekk nøytraliteten hans i tvil. Vilhelm skriv med utgangspunkt i sin eigen ståstad som prelat, og dette medfører at han utsett sume aktørar for urettmessig kritikk. Den som freista undergrave kyrkjemakta vart ikkje tilgodesett av Vilhelm, og denne haldninga fargar til dømes skildringane av Tempelriddarordenen og Johanittarordenen. Vidare er kronologien i verket ofte uklår og kaotisk, og det er vanskeleg å feste lit til dateringane hans.[9]

Ettermæle endre

Historieverket til Vilhelm av Tyrus er ein av dei viktigaste primærkjeldene vi har om historia til kongedømet Jerusalem, og arbeidet hans kom til å påverke fleire av historikarane som kom etter. Ernoul og Bernard av Corbie heldt fram å skrive på verket til Vilhelm fram til 1231. Den viktorianske krossfararhistorikaren Thomas Andrew Archer skriv at Vilhelm stig over alle andre mellomalderhistorikarar både tematisk og stilistisk, medan orientalisten og Saladin-biografen Stanley Lane-Poole meinte at Vilhelms Jerusalem-soge var meir levande og lærd enn alle andre kjelder frå same epoke.[10]

Ved slutten av det 12. hundreåret var Vilhelm alt vidgjeten som krønikeskrivar, og engelskmannen Roger av Wendover nytta Vilhelm som kjelde for si eiga framstilling av krosstoga fram til 1184. Kopiar av Historia rerum in partibus transmarinis gestarum har blitt funne i slott og kloster over heile Europa, og ein må difor rekne med at han var mykje lesen mellom skriftlærde i vesterlanda, jamvel om denne kopi-verksemda også medførte at Vilhelms eigne stiltrekk gradvis fall bort. Likevel meiner ein at livsverket til Vilhelm kan ha påverka ei rad kjente forfattarar, mellom dei Jaques de Vitry, Matthew Paris og kanhende også den italienske diktaren Dante Alighieri.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Krey 1941, s. 163
  2. Krey 1941, s. 151
  3. Sebag Montefiore 2012, s. 307
  4. Krey 1941, s. 156
  5. Sebag Montefiore 2012, s. 308-309
  6. 6,0 6,1 Krey 1941, s. 158
  7. 7,0 7,1 Krey 1941, s. 159
  8. Krey 1941, s. 161
  9. Krey 1941, s. 164
  10. Krey 1941, s. 149