Warkworth på New Zealand

Warkworth er ein by nord på NordøyaNew Zealand. Han ligg i Rodney District og lengst nord i regionen Auckland, like sør for regionen Northland. Han ligg ved riksvegen State Highway 1, 64 km nord for Auckland og 98 km sør for Whangarei, ved innmunninga til Mahurangi Harbour. Ved folketeljinga i 2006 var talet på pemanent busette 3 270, ein auke på 15,7% i løpet av dei siste fem åra. Dette talet aukar sterkt om sommaren, og mange fritidsgjester dreg også hit i juletida. Warkworth og området omkring er kjent som Kowhaikysten, med namn etter det stadeigne kowhaitreet som veks her. Warkworth er også kjend for endene som har tilhald ved elva som renn gjennom byen.

Warkworth på New Zealand
busetnad
Land  New Zealand
Region Auckland
Distrikt Rodney
Folketal 5 320 (30. juni 2018)[1]
Kart
Warkworth på New Zealand
36°24′00″S 174°40′00″E / 36.4°S 174.66666666667°E / -36.4; 174.66666666667
Wikimedia Commons: Warkworth, New Zealand

Geografi endre

Eit framståande kjennemerke i Warkworth er Mahurangielva, eit estuar som renn gjennom byen, der ho går inn i Mahurangi Harbour og munnar ut i Haurakigolfen. På austsida av elva ligg halvøya Mahurangi East Peninsula, med busetnadane Snells Beach og Algies Bay. Her ligg også den vakre øya Kawau Island, kjend for den historiske bygningen Mansion House. Austanfor Warkworth og nord for Mahurangi East ligg halvøya Tawharanui Peninsula, der det verna friluftsområdet Tawharanui Regional Park ligg. Dette er administrert av Miljødepartementet på New Zealand. I nord ligg byen Wellsford, på motsett side av den tett skogkledde dalen Dome Valley. Mot vestkysten ligg Kaipara Harbour, medan den vesle historiske byen Puhoi ligg i sør, og enno lenger sør den større byen Orewa.

Historie endre

Warkworth vart grunnlagd i 1853 av John Anderson Brown (fødd i Newcastle upon Tyne), som gav busetnaden namn etter landsbyen Warkworth i Northumberland, der ein av slektningane hans hadde vore lærar i mange år. Mellom dei tidlege verksemdene i området var tømmerhogst (av kauri og anna tømmer), mølledrift og båtbygging.

Den første fabrikken for portlandsementden sørlege halvkula vart starta opp nær byen i 1884. Ruinane ligg der enno, og gruvesjakta er eit populært «badebasseng» for innbyggjarane.

Hovudstasjonen for satellittsamband på New Zealand ligg fem km sør for Warkworth.

Den årlege Kowhaifestivalen er ein av dei største lokale festivalane i landet, og pågår omkring ei veke om våren. Festivalen sluttar med ein stor festdag som endar opp med ein prosesjon med deltakarar frå ulike folkegrupper. Diverre ser det ut til at tilskiparane ikkje lenger vil greia å finna økonomisk grunnlag for å halda fram med festivalen etter det tradisjonelle mønsteret, slik at han i framtida kan koma til å få eit anna preg enn tidlegare.

Venskapsbyar endre

Warkworth har fleire venskapsbyar som det er oppretta internasjonalt samkvem med. Desse er:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

36°24′S 174°40′E / 36.400°S 174.667°E / -36.400; 174.667

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981; utgjevar: Statistics New Zealand.
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
  3. 3,0 3,1 3,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.