Wrecking Ball av Emmylou Harris
Wrecking Ball Studioalbum av Emmylou Harris | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. september 1995 | |
Innspelt | New Orleans, 1995 | |
Sjanger | Countryrock, folkrock, alternativ country, countryfolk | |
Lengd | 53:05 | |
Selskap | Elektra | |
Produsent | Daniel Lanois | |
Emmylou Harris-kronologi | ||
---|---|---|
Cowgirl's Prayer (1993) |
Wrecking Ball | Spyboy (1998)
|
Wrecking Ball er det attande studioalbumet til den amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut 26. september 1995 på Elektra Records. Harris gjekk her bort frå den tradisjonelle akustiske stilen hennar, og samarbeidde med Daniel Lanois (mest kjend for produksjonsarbeidet med U2) og lydteknikaren Mark Howard.[11] Albumet hadde ei atmosfærisk kjensle med gjesteartistar som Steve Earle, Larry Mullen jr., Kate & Anna McGarrigle, Lucinda Williams og Neil Young, som skreiv tittelsporet.
Bakgrunn
endreSjølv om songutvala hennar alltid hadde vore eklektisk, vart dette albuemt rekna som ein avstikkar. Harris, som no var blitt 48 år gammal, hadde blitt ei slags eldre statskvinne innan country. Albumet fekk god kritikk nesten over alt, og mange kritikarar tok det med på listene sine over dei beste albuma som kom ut det året. Det tok karrieren til Harris i ei noko anna retning framover der ho gjekk for ein noko røffare stil enn tidlegare. Som eit karrieredefinerande album vart Wrecking Ball samanlikna med Marianne Faithfull sitt Broken English frå 1979 og Johnny Cash sitt American Recordings. Wrecking Ball vann Grammyprisen i 1996 for beste moderne folkealbum.
Innhald
endreHarris spelte Neil Young-songen «Wrecking Ball», med harmonivokal av Young sjølv.[12] Sjølv om songen kom ut på ein 2-spors CD-singel i lag med Lucinda Williams-songen «Sweet Old World», rekna ikkje kritikarane denne songen som høgdepunktet på albumet.[13]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Where Will I Be?» (med Daniel Lanois) | Daniel Lanois | 4:15 |
2. | «Goodbye» | Steve Earle | 4:53 |
3. | «All My Tears» | Julie Miller | 3:42 |
4. | «Wrecking Ball» | Neil Young | 4:49 |
5. | «Goin' Back to Harlan» | Anna McGarrigle | 4:51 |
6. | «Deeper Well» | David Olney, Lanois | 4:19 |
7. | «Every Grain of Sand» | Bob Dylan | 3:56 |
8. | «Sweet Old World» | Lucinda Williams | 5:06 |
9. | «May This Be Love» (med Daniel Lanois) | Jimi Hendrix | 4:45 |
10. | «Orphan Girl» | Gillian Welch | 3:15 |
11. | «Blackhawk» | Daniel Lanois | 4:28 |
12. | «Waltz Across Texas Tonight» | Rodney Crowell, Emmylou Harris | 4:46 |
Total lengd: | 53:05 |
Medverkande
endre- Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar på 3 5 7 10 11 12, harmonivokal på 10
- Daniel Lanois – mandolin på 1 2 3 5 8 10 11 12, elektrisk gitar på 1 2 3 4 6 8 9 11 12, akustisk gitar på 2 7 11, bass på 1 3, dulcimer på 10, duett vokal på 1 9, korvokal på 3, perkusjon på 4, basspedalar på 8
- Malcolm Burn – piano på 2 4 8 11 12, tamburin på 4 10 11, vibrafon på 4, orgel på 5 7, synthesizer på 5, klaverinstrument på 6, slidegitar på 8 12, bass på 11, trommer på 11, harmonivokal på 11
- Larry Mullen jr. – trommer på 2 4 6 7 8 9 12, cymbal på 4, handtromme på 10
- Tony Hall – perkusjon, bass på 2 4 6 7 12, stick drum på 10
- Daryl Johnson – høg harmonivokal på 1, tamtam på 1, basstromme på 5, korvokal på 5, harmonisk bass på 6, harmonivokal på 10
Andre medverkande
endre- Brian Blade – trommer på 1, indisk handtromme på 5
- Steve Earle – akustisk gitar på 2 7 8
- Sam O'Sullivan – rotohjul på 4
- Neil Young – harmonivokal på 4 8, munnspel på 8
- Kufaru Mouton – ekstra perkusjon på 5
- Lucinda Williams – akustisk gitar på 8
- Richard Bennett – tremologitar på 8
- Anna McGarrigle – harmonivokal på 12
- Kate McGarrigle – harmonivokal på 12
Salslister
endreAlbum
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1995 | Billboard 200 | 94 |
1995 | UK Albums Chart | 46 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wrecking Ball (Emmylou Harris album)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ankeny, Jason. «Wrecking Ball – Emmylou Harris». AllMusic. Henta 21. november 2020.
- ↑ Dretzka, Gary (2. november 1995). «Emmylou Harris: Wrecking Ball (Elektra)». Chicago Tribune.
- ↑ Christgau, Robert (2000). «Emmylou Harris: Wrecking Ball». Christgau's Consumer Guide: Albums of the '90s. St. Martin's Griffin. ISBN 0-312-24560-2. Henta 21. november 2020.
- ↑ Nash, Alanna (29. september 1995). «Wrecking Ball». Entertainment Weekly. Henta 21. november 2020.
- ↑ Sweeting, Adam (29. september 1995). «Emmylou Harris: Wrecking Ball (Grapevine)». The Guardian.
- ↑ Breen, Joe (11. april 2014). «Emmylou Harris: Wrecking Ball». The Irish Times. Henta 21. november 2020.
- ↑ Cromelin, Richard (24. september 1995). «Emmylou Harris 'Wrecking Ball' Elektra/Asylum». Los Angeles Times. Henta 18. november 2020.
- ↑ Richardson, Susan (16. november 1995). «Emmylou Harris: Wrecking Ball». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 1. august 2009. Henta 5. august 2009.
- ↑ Coleman, Mark; Kemp, Mark (2004). «Emmylou Harris». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 365–67. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Mueller, Andrew (24. april 2014). «Emmylou Harris – Wrecking Ball». Uncut. Arkivert frå originalen 3. august 2018. Henta 21. november 2020.
- ↑ Hurst, Jack (7. november 1995). «Harris' Saving Grace May Be Her Difference». Chicago Tribune. Henta 12. mai 2011.
- ↑ The Journal of Country Music 1996 Volume 18 - Page 11 «One can hear that same sort of ache, an almost primordial loneliness, running through the whole of Wrecking Ball, her Grammy-winning current album. Having drawn on the catalogs of Earle, Neil Young, Lucinda Williams, Bob Dylan, and ...»
- ↑ CD Review Volume 12, Issues 1-9 - Page 13 1995.