Yngve Sundvor
Yngve Sundvor (fødd 14. mai 1968) er ein norsk sceneinstruktør, regissør og manusforfattar. Han voks opp i Norheimsund i Hardanger, og er utdanna ved Det russiske akademiet for scenekunst i Moskva. Han har sidan laga eit førtitals produksjonar både i Noreg og utanlands. Yngve Sundvor har fleire gonger handsama og iscenesett tekstane til Knut Hamsun.
Yngve Sundvor | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. mai 1968 (56 år) |
Yrke | manusforfattar, sceneinstruktør, skodespelforfattar |
I perioden 2001-2003 markerte Sundvor seg som kunstnarisk leiar for «Utan filter»-prosjektet ved Det Norske Teatret, eit dogmeteaterprosjekt han dreiv saman med regissør og produsent Odd Christian Hagen - i eit ensemble som særleg satsa på nyskriven norsk dramatikk og med ein fast kjerne av skodespelarar. «Utan filter» var skodespelarbasert teater med minimal scenografi – mest mogleg frigjort frå teatermaskineriet og med fantasien, skodespelarane og tilskodarane som sin viktigaste ressurs.
Verk regisserte av Sundvor
endre(Utval)
- Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brecht med musikk av Kurt Weill - Litauen, 1997. (Internasjonal debut.)
- Tartuffe av Molière i Montpellier i Frankrike, 1997.
- Skjønnhetsdronningen av den irske dramatikaren Martin McDonagh på Trøndelag Teater, 1997. (Norsk debut, løna med Heddaprisen for beste regi.)
- Å temme trollet av Shakespeare, Teatret Vårt.
- Brenn draumane mine på Callos Rei, monolog av Torvald Sund, Teatret Vårt.
- Stengde dører av Jean Paul Sartre, Det Norske Teatret.
- Bøddelen av Pär Lagerkvist, Det Norske Teatret.
- Kong Lear av Shakespeare
- Cirkus av den tsjekkisk-austerrikske dramatikaren Pavel Kohout, Nationaltheatret.
- Sult av Knut Hamsun på Nationaltheatret. (Løna med både Heddaprisen for beste regi, og Teaterkritikarprisen.)
- Ingen skriv til obersten av den colombianske forfattaren Gabriel García Márquez, Det Norske Teatret.
- Et dukkehjem av Henrik Ibsen, Den Nationale Scene/Riksteateret, 2004.
- Putemannen av Martin McDonagh, Den Nationale Scene, 2004.
- Mesteren og Margarita av Mikhail Bulgakov, Rogaland Teater, 2005.
- Markens Grøde av Knut Hamsun, Harstad, 2005
- Frøken Julie av August Strindberg, Rogaland Teater, 2006.
- Hedda Gabler av Henrik Ibsen, Nationaltheatret/Riksteateret, 2006.
- Pan av Knut Hamsun, Hålogaland Teater, 2008.
- Reksten - Firmaets mann av Yngve Sundvor, Den Nationale Scene, 2014.
- Hotel Norge av Yngve Sundvor, Den Nationale Scene, 2018.
Kjelder
endre- Store Norske Leksikon om Yngve Sundvor.
- Biografi om Sundvor på Rogaland Teater sine nettsider.[daud lenkje]
- Biografi på Nationaltheatret sine nettsider.[daud lenkje]
- Intervju med Sundvor i Stavanger Aftenblad om oppsetjinga av Mesteren og Margarita. Arkivert 2005-03-16 ved Wayback Machine.
- Melding i Aftenposten av Markens Grøde av Sundvor.
- Melding i Klassekampen av Frøken Julie av Sundvor.[daud lenkje]
- Melding av Hedda Gabler av Sundvor. Arkivert 2013-03-12 ved Wayback Machine.
- Melding av Reksten - Firmaets mann, Bergensavisen [1]
- Melding av Hotel Norge, Bergens Tidende [2]