Åpen post
Åpen post var eit norsk talkshow som gjekk på NRK1 frå 1998 til 2001 og vart leia av Bård Tufte Johansen og Harald Eia. Programmet hadde premiere tysdag 20. januar 1998.
Type | Underhaldningsprogram | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Talkshow | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Introduksjonsår | 1998 | ||
Sesongar | 4 | ||
Episodar | 69 | ||
Språk | Norsk | ||
Skapar | Harald Eia, Bård Tufte Johansen | ||
Programleiar | Bård Tufte Johansen, Harald Eia | ||
Medverkande | Gass | ||
Kanal | NRK1 |
I fyrste sesong vart det vist tre sendingar i veka, medan ein i andre sesong gjekk ned til to sendingar. I tredje og fjerde sesong vart programmet kutta ned til ei sending i veka.
Programmet fekk gode meldingar av kritikarane og vann Gullruten i 1998 og 1999 for «Beste humorprogram». Programmet vart nominert til Gullruten for beste «Beste humorprogram/situasjonskomedie» i 2001,[1] og for «Beste underholdningsprogram» i 2002.
Programmet
endreStruktur
endreProgrammet vart opna med ein monolog av programleiar Bård Tufte Johansen. Deretter var det ulike innslag med både karakterar spelt av Tufte Johansen og Eie, i tillegg til andre. I starten av fyrste sesong hadde programmet to gjestar som var intervjua kvar kveld, medan ein i andre halvdel varierte med talet på gjestar. I nokre program var det musikalske innslag med artistar.
Faste innslag
endre«Jarle Yggeseth»
endreEgil Birkeland i karakteren «Jarle Yggeseth» var eit innslag med jamne mellomrom i Åpen post.[2][3] Fyrste gong karakteren vart vist, var i den fyrste episoden og i innslaget «Vis meg ditt medisinskap».
Stand-up
endreTufte Johansen og Eia gjorde med jamne mellomrom stand-up som ulike karakterar, blant anna Tufte Johansen som «Ketil Mosleth» og Eia som «Thomas-Andre»
Episodar
endreSesong 1
endreNummer | Visning | Gjestar | Artist/underhaldning |
---|---|---|---|
1 | 20. januar 1998 | Thomas Giertsen, Kjersti Holmen | |
2 | 21. januar 1998 | Are Kalvø, Camilla Strøm Henriksen | |
3 | 22. januar 1998 | Erik Thorstvedt, Espen Thoresen | |
4 | 27. januar 1998 | Daniel Franck, Kaia Huuse | |
5 | 28. januar 1998 | Maj Britt Andersen, Åsleik Engemark | |
6 | 29. januar 1998 | Harald Zwart, Arne Hjeltnes | |
7 | 3. februar 1998 | Unni Wilhelmsen, Ole Rune Hætta | |
8 | 4. februar 1998 | Petronella Barker, Finn Bjelke | |
9 | 5. februar 1998 | Bjørn Eidsvåg, Rune Andersen | |
10 | 10. februar 1998 | Gry Olsen, Steinar Lyse | |
11 | 11. februar 1998 | Iren Reppen, Atle Antonsen | |
12 | 12. februar 1998 | Cathrine Gerkhen, Siri Kalvig | |
13 | 17. februar 1998 | Vibeke Saugestad | |
14 | 18. februar 1998 | Ulf Risnes | |
15 | 19. februar 1998 | Benedicte Adrian | |
16 | 3. mars 1998 | Lars Lillo-Stenberg | Lars Lillo-Stenberg - Ziggy Stardust |
17 | 4. mars 1998 | Edel Therese Høiseth | |
18 | 5. mars 1998 | Ronni Le Tekrø | Ronni Le Tekrø - Ronnijam |
19 | 10. mars 1998 | Kåre Conradi | |
20 | 11. mars 1998 | Jens Stoltenberg | |
21 | 12. mars 1998 | Anne Marie Foss | |
22 | 17. mars 1998 | Anneli Drecker | Anneli Drecker - Knowing Me, Knowing You |
23 | 18. mars 1998 | Helen Vikstvedt | |
24 | 19. mars 1998 | Herborg Kråkevik | |
25 | 24. mars 1998 | Kristin Clemet | |
26 | 25. mars 1998 | Aslak Dørum, Prepple Houmb, Ingar Dalsvåg | |
27 | 26. mars 1998 | Kenneth Sivertsen (klippet vekk), Harald Eia | |
28 | 31. mars 1998 | Susann Goksør Bjerkrheim | Knut Reiersrud |
29 | 1. april 1998 | Erlend Loe | |
30 | 2. april 1998 | Per Øyvind Heradstveit | Jo Nesbø - I´m not your stepping stone |
Sesong 2
endreMottaking
endreSjåartal
endreDen fyrste sesongen av Åpen post opna med 151 000 sjåarar.[4] Programmet hadde sjåarrekord i fjerde sesong med 622 000 sjåarar.[5]
Kritikk
endreProgrammet fekk kritikk for fleire av innslaga i programmet, blant anna eit stunt der Tufte Johansen var ikledd eit kyllingkostyme, og kuppa nyhendesendinga til TV 2.[6][7] Stuntet førte til sjåarrekord for programmet med 622 000 sjåarar.
Kjelder
endre- ↑ Moen, Per Steinar (9. mai 2001), «NRK-dominans i Gullruten», Dagbladet.no (på norsk), henta 5. juni 2019
- ↑ Holmene, Guro, «Narko-Jarle gjør comeback», Nettavisen (på norsk), henta 5. juni 2019
- ↑ Holtvedt, Tarje (30. januar 1998), «TV-junkie», Dagbladet.no (på norsk), henta 5. juni 2019
- ↑ https://www.vg.no/rampelys/tv/i/bK59ad/gjensyn-med-aapen-post
- ↑ «Kakling ga seerrekord», www.bt.no (på norsk), henta 5. juni 2019
- ↑ Eriksen, Kent-Amar (15. januar 2012), «10 år siden «Kyllingstuntet»», NRK (på norsk bokmål), henta 5. juni 2019
- ↑ «Åpen post verdifull for NRK», journalisten.no (på norsk), 17. januar 2002, henta 5. juni 2019