Opna hovudmenyen
Hoochie Coochie Man
Singel av Muddy Waters
B-side «She's So Pretty»
Utgjeve 1954
Innspelt Januar 1954 i Chicago i Illionis[1]
Sjanger Chicago-blues
Lengd 2:48
Selskap Chess (Cat. nr. 1560)
Låtskrivar(ar) Willie Dixon
Produsent Leonard Chess

«Hoochie Coochie Man» (stundom kalla «(I'm Your) Hoochie Coochie Man») er ein bluesstandard skriven av Willie Dixon og først framført av Muddy Waters i 1954. Songen vart ein stor hitt då han kom ut og nådde 8. plass på Billboard si R&B-liste. Introen og verset på Muddy Water-versjonen består av stop-time.[2] I følgje ei soge av Dave Van Ronk, sa Muddy Waters at songen er meint å ha ein komisk effekt.[3]

LovordEndra

Songen vart innlemma i Blues Hall of Fame i 1984.[4] Songen vart gjeven ein Grammy Hall of Fame Award i 1998.[5] Songen er på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma Rock and Roll.[6] Songen er òg på 225. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene, stemnd fram av representantar frå musikkpressa og musikkindustrien.[7]

MedverkandeEndra

På originalinnspelinga frå januar 1954 spelar[1]

Tydinga av 'hoochie coochie'Endra

Hoochie coochie var ein seksuelt pirrande dans som vart særs populær under og etter verdsutstillinga i Chicago i 1893.[8] Sidan dansen vart framført av kvinner, var ein «hoochie coochie man» ein som anten såg på dei eller styrte showet. Alternativt har det ei direkte seksuell tyding for kjønnsleg omgang.

Andre versjonarEndra

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Howard Mandel, red. (2005). The Billboard Illustrated Encyclopedia of Jazz & Blues. Billboard Books. s. 182–183. ISBN 0-8230-8266-0. 
  2. Campbell, Michael (2008). Popular Music in America: And The Beat Goes On, s.148. ISBN 0495505307.
  3. Wald, Elijah (2004) Escaping the Delta: Robert Johnson and the Invention of the Blues. New York: Amistad, s. 177
  4. Past Hall of Fame Inductees Blues Foundation. Henta 15. mars 2011.
  5. «Grammy Hall of Fame». Grammy Awardar. United States: National Academy of Recording Arts and Sciences. Henta Henta 15. mars 2011. 
  6. «500 Songs That Shaped Rock and Roll by Artists (W-Z)». Rock and Roll Hall of Fame. Arkivert frå originalen January 10, 2011. Henta Henta 15. mars 2011. 
  7. Jann S. Wenner, red. (December 9, 2004). «The 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone (United States: Jann S. Wenner) (963). Arkivert frå originalen January 10, 2011. 
  8. Logoi.com