Alessandro Mahmoud
Alessandro Mahmoud (fødd 12. september 1992), kjend under artistnamnet Mahmood, er ein italiensk songar og låtskrivar av egyptisk-sardinsk opphav.[1][2] Han vann den største musikktevlinga i Italia, San Remo-festivalen, i 2019, med songen «Soldi», og han representerte Italia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[3][4] I 2022 vann han Sanremo-festivalen på ny saman med Blanco og låten «Brividi», og dei representerte Italia på heimebane i Eurovision Song Contest i Torino. [5]
Alessandro Mahmoud | |||
| |||
Fødd | 12. september 1992 (32 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Milano | ||
Fødenamn | Alessandro Mahmoud, أليساندرو محمود | ||
Alias | Mahmood | ||
Opphav | Italia | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | moderne R&B, pop | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | Island Records | ||
Verka som | songar-låtskrivar, plateartist | ||
Sambuar med | Lorenzo Marcucci | ||
Prisar | MTV Europes musikkpris for beste italienske nummer |
Bakgrunn
endreAlessandro Mahmoud vart fødd i Milano i 1992 av ei italiensk mor og ein egyptisk far.[6] Han dukka fyrste gongen opp i offentlegheita i 2012, då han deltok i den sjette sesongen av italienske X Factor.[7]
2016–2020: Sanremo og Eurovision Song Contest
endreI 2016 deltok Mahmood i nykommer-klassa i San Remo-festivalen med songen «Dimentica», og i november 2018 gav han ut EP-en Gioventù bruciata. Med same låt vann han tevlinga Sanremo Giovani 2018, som vart arrangert 21. desember 2018.[8] Sigeren sikra han ein plass i den 69. utgåva av Sanremo-festivalen, som vart arrangert i byen Sanremo i februar 2019.
I San Remo-festivalen 2019 deltok Mahmood med songen «Soldi» ('pengar'), skriven av han sjølv, Dardust og Charlie Charles. Han kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. februar og vann han etter å ha fått flest poeng frå juryane og tv-sjåarane samanlagt. Han representerte dimed Italia i finalen av Eurovision Song Contest i Tel Aviv laurdag 18. mai.
Sigeren i Sanremo-festivalen var likevel ikkje utan kontroversar, sidan andreplassen Ultimo og songen «I tuoi particolari» fekk klart flest telefonrøyster. Mahmoood fekk flest jurystemmer og vann tevlinga samanlagt.[9] Etter sigeren gjekk den italienske visestatsministeren og Lega Nord-leiaren Matteo Salvini ut på Twitter og sa han heller ville ha Ultimo som vinnar. Politiske kommentatorar meinte utspelet òg var retta mot den etniske bakgrunnen til Mahmood.[10][11]
Gjennom sigeren i Sanremo-festivalen vart Mahmood tilboden oppdraget med å representere Italia i Eurovision Song Contest 2019 i Israel. Mahmood takka ja til tilbodet og deltok med «Soldi» i finalen laurdag 18. mai 2019 i Expo Tel Aviv. Der hadde han startnummer 22 og enda til slutt på ein andreplass bak Nederland.[12]
2020–: Nytt album og Sanremo-seier
endreDen 11. juni 2021 slapp Mahmood oppfølgjaralbumet Ghettolimpo.[13] I forkant av utgjevinga gav han ut fem låtar: «Rapide», «Dorado» (i samarbeid med den italienske rapparen Sfera Ebbasta og den kolombianske songaren Feid), «Inuyasha»,«Zero» og «Klan».
I 2022 deltok Mahmood i Sanremo-festivalen for tredje gong, denne gongen saman med rapparen Blanco og songen «Brividi». Songen gjekk rett til topps på den italienske singellista og sette ny strøymerekord for Spotify i Italia. Songen vekte også merksemd siden han handlar om homofil kjærleik.[14] Duoen vann Sanremo-festivalen laurdag 5. februar 2022, og takka ja til å representere Italia i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino.[15][16] Som eit av dei fem store landa og vertsnasjon var Italia direktekvalifisert til finalen laurdag 14. mai. Der enda det på sjetteplass, det beste resultatet til ein vertsnasjon sidan femteplassen til Sverige i 2016.
Musikalsk innverknad og karriere
endreMahmood har skildra musikken sin som «marokkansk pop».[17] «Soldi», som er ein sjølvbiografisk song om hans eigen «ukonvensjonelle familie», har også ei setning på arabisk.[18] Mahmood er halvt egyptisk, men Mahmood snakkar ikkje sjølv arabisk.[19] Hans fyrste musikalske minne var då han høyrde på arabisk musikk saman med far sin, før faren forlet familien.[20] Då han vaks opp, høyrde han også på italienske artistar som Lucio Battisti, Lucio Dalla og Paolo Conte.[20] Mora er frå Sardinia, og han reknar seg sjølv som tett knytta til sardinsk kultur og folkeminne, som har inspirert fleire av songane hans. Som låtskrivar har Mahmood skrive songar for artister som Elodie, Michele Bravi og Marco Mengoni, som representerte Italia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö.[6][21]
Mahmood har trekt fram den amerikanske songaren Frank Ocean som sin største påverknad, og omtalar musikken til Ocean som «veldig fri og der alle kan identifisere seg – homofile eller hetero – fordi det vesentlege er personen og energien dei overfører, og ikkje seksuell legning.»[22] Andre favorittartistar er Beyoncé, Travis Scott, Jazmine Sullivan, Rosalía og SZA.[22][23]
Privatliv
endreMahmood ønskjer ikkje å bli kategorisert korkje etter nasjonalitet eller seksualitet.[24] Han har tidlegare sagt: «å kunngjere at eg er homofil fører ingenstad», og «om vi fortsetter med desse inndelingane, vil homofili aldri bli sett på som ein normal ting, noko det er».[2] Sjølv om han har nekta å svare italiensk presse på om han er homofil, har han sagt at han er «lukkeleg og oppteken».[25]
Diskografi
endreStudioalbum
endre- 2018 – Gioventù bruciata
- 2021 – Ghettolimpo
Singlar
endreTittel | År | Høgaste plassering |
Sertifiseringer | Album | |||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
ITA [26] |
SVI [27] | ||||||||||||||||||||||
«Fallin' Rain»[28] (som Mahmoud) |
2013 | — | — | Ikkje frå album | |||||||||||||||||||
«Dimentica» | 2016 | — | — | ||||||||||||||||||||
«Pesos» | 2017 | — | — | ||||||||||||||||||||
«Uramaki» | 2018 | 86 | – | Gioventù bruciata | |||||||||||||||||||
«Milano Good Vibes» | — | — | |||||||||||||||||||||
«Asia occidente» | — | — | |||||||||||||||||||||
«Gioventù bruciata» | 40 | – | |||||||||||||||||||||
«Soldi» | 2019 | 1 | 5 | ||||||||||||||||||||
«Barrio» | 4 | – | Ikkje frå album | ||||||||||||||||||||
«Rapide» | 2020 | 5 | – | Ghettolimpo | |||||||||||||||||||
«Moonlight popolare» (med Massimo Pericolo) | 3 | – | Ikkje frå album | ||||||||||||||||||||
«Dorado» (med Sfera Ebbasta og Feid) | 10 | – | Ghettolimpo | ||||||||||||||||||||
«Inuyasha» | 2021 | 21 | – | ||||||||||||||||||||
«Zero» | 44 | – | |||||||||||||||||||||
«Klan»(med DRD) | 42 | – | |||||||||||||||||||||
«Rubini» (med Elisa) | 31 | – | |||||||||||||||||||||
«Brividi» (med Blanco) | 2022 | 1 | – | ||||||||||||||||||||
«—» markerer at songen ikkje nådde lista. |
Kjelder
endre- ↑ «Mahmoud: Discography & Songs». Discogs.
- ↑ 2,0 2,1 «Mahmood: «Vi piace cantautore Moroccan pop?»». VanityFair.it (på italiensk). 1. februar 2019. Henta 11. februar 2019.
- ↑ «Sanremo, il vincitore è Mahmood. Ultimo è secondo, terzo classificato Il Volo». La Repubblica. 10. februar 2019.
- ↑ «Italy: Mahmood confirms - he WILL represent Italy at Eurovision 2019» (på engelsk). 12. februar 2019. Henta 12. februar 2019.
- ↑ «Mahmood & Blanco win 'Festival di Sanremo' in Italy 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ 6,0 6,1 «Mahmood - Eurovision Song Contest Tel Aviv 2019». EBU. Henta 12. februar 2019.
- ↑ «Simona Ventura su Mahmood: "E' un'ingiustizia"» (på italiensk). 12. februar 2019. Henta 12. februar 2019.
- ↑ «Mahmood è il secondo vincitore di Sanremo Giovani» (på italiensk). RAI. 22. desember 2018. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «Sanremo 2019, i risultati del televoto. Ultimo sbanca da casa col 46,5%, ma vince Mahmood» (på italiensk). Henta 12. februar 2019.
- ↑ Tjørhom, Vegard (12. februar 2019). «Italias ESC-bidrag irriterer toppolitikarar». Henta 12. februar 2019.
- ↑ Giuffrida, Angela (11. februar 2019). «Italian-Egyptian singer's victory angers Matteo Salvini». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- ↑ «Eurovision 2019: This is the running order of the Grand Final!». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019.
- ↑ Graziola, Alberto (19. april 2021). «Ghettolimpo, Mahmood, album, cover, significato, tracklist». Soundsblog (på italiensk). Henta 11. juni 2021.
- ↑ Digital, Redazione (2. februar 2022). «Se gli amori (gay o etero) hanno pari dignità, a Sanremo». Corriere della Sera (på italiensk). Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Mahmood & Blanco win 'Festival di Sanremo' in Italy 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Confirmed! Mahmood & Blanco will represent Italy at Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk). 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ Nast, Condé (1. februar 2019). «Mahmood: «Vi piace cantautore Moroccan pop?»». Vanity Fair Italia (på italiensk). Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Sanremo, Mahmood: "Soldi" canzone autobiografica piena di rabbia». Il Sole 24 ORE (på italiensk). Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Mahmood: "Quel padre scomparso e la Sardegna, fonte della mia ispirazione" IL VIDEO». L'Unione Sarda.it (på italiensk). 7. februar 2019. Henta 6. februar 2022.
- ↑ 20,0 20,1 «Sanremo Giovani, il trionfo di Mahmood: da X Factor con la Ventura ai big del Festival». Blasting News (på italiensk). 22. desember 2018. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Sanremo 2019 winner Mahmood to represent Italy in Tel Aviv!». eurovision.tv. Henta 10. februar 2019.
- ↑ 22,0 22,1 «La ‘gioventù bruciata’ di Mahmood | Rolling Stone Italia» (på italiensk). 30. september 2018. Henta 6. februar 2022.
- ↑ LOS40 (20. juni 2019). «40 cosas sobre Mahmood que (quizás) no sabías». LOS40 (på spansk). Henta 6. februar 2022.
- ↑ Horowitz, Jason (31. mars 2019). «Italian Minister Pans Hit Song by an Immigrant’s Son». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Lorenzo Tobia Marcucci e la storia d'amore con Mahmood». Metropolitan Magazine (på italiensk). 22. mai 2021. Henta 20. november 2021.</
- ↑ «Classifica settimanale WK 7 (dal 08.02.2019 al 14.02.2019)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 15. februar 2019. Henta 15. februar 2019.
- ↑ «Mahmood - Soldi - hitparade.ch». swisscharts.com. Henta 19. februar 2019.
- ↑ Alberto Muraro (24. juli 2013). «Mahmoud – Fallin' Rain (audio e cover singolo)» (på italiensk). RadioMusik.it.
- ↑ «Certificazioni - FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 19. februar 2019.
- ↑ Música, El portal de. «SOLDI - MAHMOOD | EPDM» (på engelsk). Henta 11. april 2020.
- ↑ «Les certifications». SNEP (på fransk). Henta 11. april 2020.
- ↑ 32,0 32,1 «Certificazioni - FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 11. april 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Mahmood (sanger)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. desember 2022.