Gemma
Gemma eller Alfa Coronae Borealis (α CrB, α Coronae Borealis, Alphecca) er ei dobbeltstjerne i stjernebiletet Den nordlege krona. Ho ligg kring 75 lysår frå solsystemet.
Observasjonsdata Epoke J2000 Ekvinoks J2000 | |
---|---|
Stjernebilete | Den nordlege krona |
Rektascensjon | 15h 34m 41.268s[1] |
Deklinasjon | +26° 42′ 52.89″[1] |
Tilsynelatande storleiksklasse (V) | 2.21 (2.24 / 7.1) |
Karakteristikk | |
Spektralklasse | A0V/G5V[2] |
U−B fargeindeks | –0.03[3]/— |
B−V fargeindeks | –0.02[3]/— |
Variabel type | Eclipsing binary |
Astrometri | |
Radialsnøggleik (Rv) | +1.7[4] km/s |
Eigarørsle (μ) | RA: 120.27 ± 0.19[1] mas/år Dek.: -89.58 ± 0.20[1] mas/år |
Parallakse (π) | 43.46 ± 0.28[1] mas |
Avstand | 75,0 ± 0,5 ly (23,0 ± 0,1 pc) |
Absolutt storleiksklasse (MV) | +0.16/+5.05[2] |
Bane[5] | |
Eksentrisitet (e) | 0.370 |
Inklinasjon (i) | 88.2 ± 0.1° |
Perihelargument (ω) (primær) | 311° |
Detaljar | |
Masse | 2.58/0.92[2] M☉ |
Radius | 2.89–3.04/0.90[2][5] R☉ |
Luminositet | 74/0.81[2] L☉ |
Overflategravitasjon (log g) | 3.89/4.50[2] cgs |
Temperatur | 9,700/5,800[2] K |
Rotasjonssnøggleik (v sin i) | 139[6] / < 14[5] km/s |
Alder | 3.14 × 108 år |
Andre namn | |
Databasereferanse | |
SIMBAD | data |
Eigenskapar
endreHovudkomponenten er ei kvit stjerne i hovudserien med spektralklasse A0V og 2,6 gonger massen til sola. Estimat av radiusen til stjerna varierer frå 2,89 til 3,04 gonger radiusen til sola.[2][5] IRAS har målt eit infraraud eksess i 24 μm og 70 μm kring primærstjerna.[7] Dette indikerer at det ei stor skive med støv og materiale kring Gemma, og ein har spekulert i om dette kan vere eit planet- eller protoplanet-system, som liknar der ein finn kring Vega.
Sekundærkomponenten er ei gul hovudseriestjerne med ein estimert storleiksklasse G5, 0,92 gonger massen til sola og 0.90 gonger solradiusen. Røntgenstråling frå stjerna er 6 × 1028 erg-1, som er 30 gonger høgare enn den kraftigaste strålinga frå sola. Dette høgare aktivitetsnivået er venta av ei ung stjerne i denne klassen. Koronaen har ein temperatur på kring 5 MK, som er mykje varmare enn koronaen til sola. Den øvre grensa på 14 km/s for den ekvatoriale rotasjonssnøggleiken, som svarar til ein rotasjonsperiode på tre dagar. Truleg er rotasjonsperioden storts ett kring 7,9 dagar.[2][5]
Stjernene krinsar rundt kvarandre i ein eksentrisk bane kvar 17,36 dagar. Fordi planet til banen har ein vinkel på 88,2° i forhold til synslinja frå jorda,[5] dannar paret ei formørkande dobbeltstjerne liknande Algol (β Per). Den periodiske formørkinga fører til ein variasjon i storleiksklasse på +2,21 til +2,32,[8] som nesten ikkje er merkbart for det nakne auga.
Namn
endreStjerna har dei tradisjonelle namna Alphekka, Gemma, Gnosia (Gnosia Stella Coronae) og Asteroth (Ashtaroth).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Alpha Coronae Borealis» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2016.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 van Leeuwen, F. (2007). «Validation of the new Hipparkos reduction». Astronomi and Astrophysics 474 (2): 653–664. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357. Vizier catalog entry
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Tomkin, J.; Popper, D. M. (June 1986). «Rediscussion of eclipsing binaries. XV - Alfa Coronae Borealis, a main-sequence system with komponentar of types A and G». Astronomical Journal 91. Bibcode:1986AJ.....91.1428T. doi:10.1086/114121.
- ↑ 3,0 3,1 Johnson, H. L.; Iriarte, B.; Mitchell, R. I.; Wisniewskj, W. Z. (1966). «UBVRIJKL photometry of the bright stars». Communications of the Lunar and Planetary Laboratory 4 (99). Bibcode:1966CoLPL...4...99J.
- ↑ Wilson, R. E. (1953). General Catalogue of Stellar Radial Velocities. Carnegie Institute of Washington, D.C. Henta 5. september 2015.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Güdel, M.; Arzner, K.; Audard, M.; Mewe, R. (May 2003). «Tomography of a stellar X-ray corona: alpha Coronae Borealis». Astronomi and Astrophysics 403: 155–171. Bibcode:2003A&A...403..155G. doi:10.1051/0004-6361:20030257.
- ↑ Royer, F.; Grenier, S.; Baylac, M.-O.; Gómez, A. E.; Zorec, J. (October 2002). «Rotational velocities of klasse A-stjerner nord i hemisphere. II. Measurement of v sin i». Astronomi and Astrophysics 393: 897–911. Bibcode:2002A&A...393..897R. arXiv:astro-ph/0205255. doi:10.1051/0004-6361:20020943. Table 8.
- ↑ Su, K. Y. L.; et al. (desember 2006). «Debris Disk Evolution around A Stars». The Astrophysical Journal 653 (1): 675–689. Bibcode:2006ApJ...653..675S. arXiv:astro-ph/0608563. doi:10.1086/508649.
- ↑ Efremov, N.; et al. (1971). General Catalogue of Variable Stars (3rd utg.). Moscow.