Kortnebbgås

art av andefuglar
(Omdirigert frå Anser brachyrhynchus)
Kortnebbgås
Kortnebbgås
Kortnebbgås
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anserinae
Stamme: Gås Anserini
Slekt: Anser
Art: Kortnebbgås A. brachyrhynchus
Vitskapleg namn
Anser brachyrhynchus

Kortnebbgås (Anser brachyrhynchus) er ei gås som hekkar på Aust-Grønland, Island og Svalbard. Ho er trekkfugl, overvintrar i nordvestre Europa, spesielt Storbritannia, Nederland og vestlege Danmark.

Kortnebbgås i 2008.
Foto: Per Ivar Nicolaisen
Læte.
Kortnebbgåsegg.
Video av beitande kortnebbgås.

Skildring endre

Dette er ei mellomstor gås, den minste av dei grå gjæsene i slekta, 60–75 centimeter lang, vengespenn 135–170 cm, og dei veg frå 1,8 til 3,4 kilogram. Ho har eit kort nebb, lysrosa i midten med ein svart base og svart nebbspiss, og rosa føter. Kroppen er mellomgråbrun, hovud og nakke i sterkare, mørkare brunt, undergumpen er kvit, og halen i grått og kvitt. Dei øvre vengedekkarane har ei noko bleik blågrå farge liknande grågåsa, og vengefjørene mørk grå. Arten er nærast i slekt med sædgås, Ansar fabalis, deler eit liknande fargemønstra nebb, men er ulike i farge på nebb og bein kor sædgåsa er oransje, og bleikare, med gråare fjørdrakttonar. Kortnebbgåsa er klårt mindre enn nominatforma av sædgåsa, og omtrent i same storleik som underarten A. f. rossicus. Kortnebbgåsa er spesielt vokal i flukt, lætet deira er høgfrekvente, nesten øredøvande[1] gink-gink. Hofuglane skil seg frå hannar og ungfuglar med ein djupare nasal onk-onk tuting.[2]

Populasjonar endre

Det er to i stor grad åtskilte populasjonar av kortnebbgås. Bestanden på Grønland og Island overvintrar i Storbritannia, medan hekkefuglane på Svalbard overvintrar i Nederland, Belgia og Danmark, i små tal òg i Noreg. Hausttrekket frå Svalbard går over fastlands-Noreg i september og oktober, vårtrekket frå mars til mai. Trekket går over Austlandet til Trondheimsfjorden, der dei brukar fleire rasteplassar. Neste rasteområde på vårtrekket er i Vesterålen. Rasting i Trøndelag er relativt nytt for arten, medan Vesterålen har vore i bruk lenge.[3]

Bestanden har auka oppsiktsvekkjande dei siste 50 åra, i hovudsak på grunn av auka vern mot skyting på overvintringsområda. Tal på overvintring i Storbritannia har nesten tidobla frå 30 000 i 1950 til 292 000 i oktober 2004. Tala for Danmark og Nederland har òg auka, hekkepopulasjonen på Svalbard hadde dobla seg frå 1980-talet til 2005.[3] Den viktigaste einskildståande hekkestaden Þjórsárver på Island vart først oppdaga i 1951, i 1970 var hekkepopulasjonen der på 10 700. I Storbritannia ligg dei viktigaste overvintringsområda i Norfolk, 147 000 individ i 2004, Lancashire med 44 000 i 2004, og Aberdeenshire har hovudsakleg gjennomtrekk. Store til enorme flokkar beitar på dyrka mark. Einskilde flokkar kan vere særs store, som til dømes 66 000 ved Loch of Strathbeg, Aberdeenshire i byrjinga av september 2003.[1][4][5][6]

Økologi endre

Hekking skjer i bratt terreng nær isbrear for å gje vern mot rovdyr som fjellrev, òg på holmar i innsjøar. På Svalbard inne på tundraen og på holmar og øyer ute ved kysten.[7] Dei hekkar parvis eller i små koloniar. På Island tar egglegging og ruging til frå tidleg til midten av mai, på Svalbard mot slutten av mai. Kullstorleiken er tre til seks egg, normalt fire, hoa rugar aleine i 26–27 dagar. Etter klekking følgjer ungane foreldra til fots ved kysten, og dei blir flygedyktige etter ca. 56 dagar. Sørgåande trekk skjer frå midten av september til byrjinga av oktober, og nordover frå midten av april til byrjinga av mai.[1]

Dietten er nesten heilt vegetarisk. Om sommaren et dei eit breitt spekter av tundraplantar, både på land og i vatn. Om vinteren beitar dei primært på raps, sukkerroer, potetar og ulike grasartar. Avlingsskadar kan bli omfattande, men spesielt kan beiting på sukkerroer og potetar redusere overføring av sjukdomar på avlinga frå eit år til det neste.[1]

Tilfeldige gjestar endre

Trass nærleiken til store flokkar av overvintrande fuglar i Storbritannia, er det berre svært få kortnebbgjæser i Irland og Frankrike. Dei er sjeldne gjestar til fleire andre europeiske land så langt sør som Marokko og Kanariøyane, i tillegg til det austlege Canada og USA, frå Newfoundland sørover til Pennsylvania.[4][8]

Kortnebbgåsa er ein av artane som vert omfatta av avtalen om vern av afrikanskeurasiatiske trekkjande vassfuglar, AEWA.

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Cramp, S. (1977). The Birds of the Western Palearctic. Oxford ISBN 0-19-857358-8.
  2. Fonstad, Tore; Benny Génsbøl; Morten Günther; Jens Frimer Andersen; Bjarne Bertel (2008). Aschehougs fuglebok med CD-er. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-23569-6. 
  3. 3,0 3,1 Nicolaisen, P.I., Tombre, I., Madsen , J. & Kristensen , P. (2006) Nord-Trøndelag som rasteplass for kortnebbgjess - Status for våren 2005, NINA Rapport 118: 30 pp., ISBN 82-426-1666-3
  4. 4,0 4,1 Snow, D. W. & Perrins, C. M. (1998). The Birds of the Western Palearctic Concise Edition. OUP ISBN 0-19-854099-X.
  5. Collier, M., et al., eds. (2005). Waterbirds in the UK 2003/04. Wetland Bird Survey, BTO/WWT/RSPB/JNCC ISSN 1353-7792 ISBN 1-904870-50-3.
  6. Banks, A., et al., eds. (2006). Waterbirds in the UK 2004/05. Wetland Bird Survey, BTO/WWT/RSPB/JNCC ISBN 1-904870-77-5.
  7. Norsk Polarinstitutt, faktasider med informasjoin om utbreiing på Svalbard. Kortnebbgås. Henta 29. april 2023
  8. Dickinson, M. B. et al., eds. (1999). Field Guide to the Birds of North America. National Geographic ISBN 0-7922-7451-2.

Bakgrunnsstoff endre