Opna hovudmenyen

BiografiEndra

SlektEndra

Arne Bergsgård var son av Asle Bergsgård (f. 1850) og Ingeborg Thune (f. 1866). Faren stamma frå ei bondeslekt i Ål i Hallingdal, og var amtsskulestyrar i Valdres då sonen vart fødd. Mora kom frå Valdres og var dotter av stortingsmannen Nils Trondsson Thune og syster til stortingsmannen Helge N. Thune og fylkesmannen Nils Nilsen Thune. Arne Bergsgård vart i 1922 gift med Unni Norman Eng, men ho døydde allereie i 1925.

Tidleg liv og utdanningEndra

Skulen til faren gjekk på omgang i bygdene i Valdres, og difor kom familien til å flytte mykje. Men han rekna seg alltid som vangsgjerding, endå han flytta til Fredrikstad då han var 13 år gammal. Her var han elev ved Fredrikstad høyere skole og tok examen artium i 1904. Fredrikstad fann han «åndlaus, materialistisk og unorsk», og det var her han byrja å skrive nynorsk og vart målmann.

I 1910 tok han filologisk embetseksamen med historie som hovudfag, og verka deretter som lærar i nokre år, mellom 1911 og 1914 i Volda og frå 1914 til 1922 ved Stord offentlege lærarskule. I 1922 vart han utnemnd til dosent i historie ved Noregs lærarhøgskole i Trondheim, og i 1935 vart han professor. I åra 1936–1953 var han òg rektor ved skulen.

Arbeid som historikarEndra

Som student gav Bergsgård ut ei litteraturhistorisk avhandling om Nicolai Wergeland i serien «Småskrifter fra Det litteraturhistoriske seminar». I 1920–1921 var han på eit studieopphald i Frankrike. Resultatet av reisa vart avhandlinga om Stat og kyrkje i strid om skulen i Frankrike. I 1932 tok han doktorgraden på tobindsverket Ole Gabriel Ueland og bondepolitikken. Året etter skreiv han Venstre si historie saman med Jacob S. Worm-Müller og Bernt A. Nissen i bestillingsverket Venstre i Norge til Venstre sitt 50-årsjubileum i 1934. Boka er ikkje heilt upartisk, for i ei melding heiter det at ho er «skrevet av venstremenn for venstremenn».[1] I 1940 gav han ut ei bok om Aasmund Olavsson Vinje, Aasmund Vinje: norsk nasjonal konservatisme. Under den andre verdskrigen skreiv han om Riksforsamlinga på Eidsvoll i Året 1814. Ei samla oversikt over norsk historie frå 1814 til 1940 gav han i Frå 17. mai til 9. april (1958).

Arbeid for målrørslaEndra

Bergsgård hadde vorte målmann som gymnasiast i Fredrikstad, og var som student aktiv i studentmållaget i Oslo. Sidan hadde han styreverv i Trønderlaget og i Noregs Mållag. Bergsgård ynskte seg eit felles skriftspråk for heile det norske folket. Difor vart han i 1934 medlem av rettskrvningsnemnda som utarbeidde rettskrivinga av 1938.

Verv og utmerkingarEndra

Bergsgård hadde styreverv i Studentmållaget i Oslo, Trønderlaget, Bondeungdomslaget, Noregs Mållag og Venstre. Han var dessutan medlem av Forskningsrådet og Det vitenskapelige forskningsfond. I tre år sat han i kommunestyret i Strinda, og i åra 1946–1949 var han vararepresentant til Stortinget. Frå 1926 var han medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Han var formann for den humanistiske klassen i selskapet frå 1935 og visepreses frå 1949. Fra 1938 var han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

BibliografiEndra

BøkerEndra

  • 1908 – Nicolai Wergeland: litteraturhistorisk studie.
  • 1932 – Ole Gabriel Ueland og bondepolitikken.
  • 1933 – Venstre i Norge (saman med Jacob S. Worm-Müller og Bernt A. Nissen).
  • 1940 – Aasmund Vinje: norsk nasjonal konservatisme.
  • 1946 – Nasjonaliteten i europeisk historie.
  • 1958 – Frå 17. mai til 9. april.

ArtiklarEndra

  • «Brev frå 1814» i Historisk tidsskrift 1927–29, nr. 28, s. 114–117.
  • «Spørsmålet um folkesuveræniteten i 1814» i Historisk tidsskrift 1927–29, nr. 28, s. 225–267.
  • «Statsrådsaka i hennar fyrste fase» i Historisk tidsskrift 1940–42, nr. 32, s. 205–258.
  • «Valadressene til Christian Frederik» i Historisk tidsskrift 1943–46, nr. 33, s. 1–41.
  • «Løvenskiolds dagbok frå riksforsamlinga på Eidsvoll, og Løvenskiolds valtings-tale i 1814» i Historisk tidsskrift 1943–46, nr. 33, s. 42–63.
  • «Nokre brev om Noreg i 1814» i Historisk tidsskrift 1954–56, nr. 37, s. 41–48.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Bok og Bibliotek, bind II (1935), s. 60.

BakgrunnsstoffEndra