Hekhál
Hekhál (hebr. הֵיכָל hēxāl) (sefardisk) eller aron hakkódesj (askenasisk) er arka eller torá-skåpet i ein synagoge. Hekhálen er eit stort skåp, ofte med fleire dører, som står plassert i sjølve synagogerommet midt på den veggen som vender mot Jerusalem. Hekhálen står oftast på ein opphøgd avsats som blir kalla dukhán.
Funksjon
endreHovudfunksjonen til hekhálen er oppbevaring av torárullane. Hekhálen er synagogens parallell til det aller heilagaste i Tempelet i Jerusalem og blir rekna som det heilagaste punktet i synagogen. Når dørene til hekhál blir opna reiser alle seg — og ein blir ståande til dørene blir lukka att.
Form
endreI vesteuropeisk sefardisk tradisjon er det ikkje forheng (parókhet) framfor hekhál, men dette forhenget er i staden plassert innanfor dørene til hekhál. Dei fleste andre tradisjonar har eit forheng framfor hekhál som skjuler dørene det meste av tida.
Andre namn
endreDei fleste askenasiske jødar kallar hekhálen Aron hakkódesj. Dette namnet er òg noko bruka blant mizrahiske jødar. Ein del sefardiske jødar frå Balkan brukar namnet Hekhál hakkódesj.