Asiasvartstrupe

art av sporvefuglar
Asiasvartstrupe
Hannfugl. Bilete frå Gilgit-Baltistan, Pakistan, 1. mai 2017
Hannfugl. Bilete frå Gilgit-Baltistan, Pakistan, 1. mai 2017
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Saxicola
Art: Asiasvartstrupe S. maurus
Vitskapleg namn
Saxicola maurus

Asiasvartstrupe (Saxicola maurus) er ein fugl i flugesnapparfamilien. Arten hekkar i det tempererte Asia og det austlegaste Europa og overvintrar i tropane i «den gamle verda».

Det vitskaplege slektsnamnet Saxicola stammar frå latin saxum som tydar «stein» + incola «innbyggar»; artsepitetnamnet maurus er latinisert frå gresk 'maúros' (μαύρος) «svart»,[1] med tilvisning til den mørke oversida.

Systematikk og taksonomi endre

Som dei andre trastliknande flugesnapparar, vart taksona for slekta Saxicola tidlegare ofte plassert i trastefamilien, Turdidae.

Tidlegare vart S. maurus vanlegvis inkludert i S. torquatus som ein del av den europeiske svartstrupe. Dette er per 1. januar 2020 framleis tilfellet hos HBW Alive som listar 24 underartar av svartstrupe og ikkje aksepterer asiasvartstrupe som artstakson.[2][3] EBird/Clements Checklist derimot avgrensar S. torquatus til afrikasvartstrupe.

Analyseresultat av mitokondrielt DNA sekvensering og genetiske fingeravtrykk er ikkje endelege.[4][5] Saman med indisium frå morfologi, åtferd og biogeografi er det semje blant somme om å handsame asiasvartstrupe som ein distinkt art. Clementslista gjev seks underartar av asiasvartstrupe:[6]

Det siste taksonet er framlagt som usikkert innanfor S. maurus.[5]

Skildring endre

Nominatforma av asiasvartstrupen liknar ein av dei næraste levande slektningane, den europeiske svartstrupe, S. rubicola, men er vanlegvis mørkare på oversida og har bleikare underside, med ein kvit overgump og lysare underparti med mindre oransje på brystet. Hannen i hekkedrakt har mørk overside og heilt svart hovud, manglar bruntonane til den europeiske svartstrupen, ein iaugefallande kvit krage opp mot skulderområdet, og eit avgrensa område med oransje på brystet. Det er stor variasjon i fjørdrakta mellom dei seks underartane, til dømes hannar av S. m. hemprichii har langt meir kvitt på undersida, S. m. przewalskii har langt meir raudbrunt på undersida, omtrent som arten svartstrupe.[2]

Hoa er langt mindre kontrastfull med bleikbrun overside og hovud, kvite skulderområde synleg i flukt og ein bleik, ustripa rustbeige overgump. Hannar i vinterdrakt er ei mellomform av hannar og hoer i sommardrakt, med svak, lys augebrynstripe, supercilium.

Kroppslengda kan variere i området 12 til 14 centimeter.[7]

Hannen har klikkande rop, som to småstein som er slått saman. Songen er høg og kvitrande som jernsporv, Prunella modularis, ein ikkje-relatert sporvefugl.

Utbreiing og økologi endre

Hekkeområdet dekker det meste av det tempererte Asia, frå omtrent 71 ° N i Sibir sør til Himalaya og aust til sørlege Kurilane og Japan, og vest til Aust-Tyrkia og mot Kaspihavet. Han hekkar òg i det nordaustlege Europa, hovudsakleg i Russland, men nokon gonger så langt vest som i Finland.[2]

Overvintringsområdet for trekkfuglen er frå Sør-Japan sør til Thailand og India, og vest til Nordaust-Afrika. Ved trekket når små mengder så langt vest som Vest-Europa, og eksepsjonelt så langt aust som Alaska i Nord-Amerika.

Asiasvartstrupen er ein insektetar. Han hekkar på ope grov krattmark eller grov grasmark med spreidde buskar, frå havnivå til ca. 4000 moh. eller meir.

Sjølv om denne arten ikkje blir rekna som ein art av IUCN, er taksona utbreidde og vanlege og vil ikkje bli vurdert som ein trua art.[8]

Spontant i Noreg

Asiasvartstrupen er ein jamleg streiffugl i Noreg. Talet på årlege individ har variert mellom 0 og 9, med ein topp i 2016. Dei fleste er registrerte i Rogaland fylke, med det finst òg to observasjonar i Finnmark. Dei fleste blir sett på hausten med ei overvekt i oktober månad.[9]

Kjelder endre

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 349. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Collar, N. (2020) Siberian Stonechat (Saxicola maurus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. januar 2020
  3. Which is the taxonomy used in HBW Alive and IBC? Henta 26. januar 2020
  4. Wink, M.; Sauer-Gürth, H. & Gwinner, E. (2002): Evolutionary relationships of stonechats and related species inferred from mitochondrial-DNA sequences and genomic fingerprinting. British Birds 95: 349-355. PDF
  5. 5,0 5,1 Robert M. Zink et al (2009) Taxonomic status and evolutionary history of the Saxicola torquata complex, Molecular Phylogenetics and Evolution, 52-3, s 769-773, https://doi.org/10.1016/j.ympev.2009.05.016
  6. Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 26. januar 2020 
  7. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  8. BirdLife International 2016. Saxicola torquatus. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22710184A87909121. Henta den 26. januar 2020
  9. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 26. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Asiasvartstrupe