Atlantic Standard Time

Atlantic Standard Time (AST) eller Atlantic Time Zone er ei tidssone der ein har universaltid minus fire timar. I somme tider av året er det sommartid i regionen, og skilnaden er då minus tre timar. Tidssona dekkjer ein del av Karibia og provinsane New Brunswick[1] og Nova Scotia[2], Prince Edward Island og små delar av Quebec (austlege Côte-Nord og Magdalenøyane) i Canada. Offisielt har heile Newfoundland and Labrador Newfoundland Standard Time,[3] men i praksis nyttar det meste av Labrador Atlantic Standard Time.

Kart over Nord-Amerika med tidssoner avmerkt. AST dekkjer dei oransje områda til høgre.
Verdskart med tidssoner (2016).

I USA nyttar territoria Puerto Rico og Dei amerikanske Jomfruøyane Atlantic Standard Time.

Område med AST

endre

Kjelder

endre
  1. «CHAPTER T-6 – Time Definition Act» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 7. desember 2008. Henta 4. juni 2015. 
  2. «Time Definition Act». Arkivert frå originalen 5. juni 2008. Henta 4. juni 2015. 
  3. «RSNL1990 CHAPTER S-23 – STANDARD TIME ACT». Henta 4. juni 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre