Badetøy

(Omdirigert frå Badeklede)

Badetøy er klede som er utforma for å brukast av folk som gjer noko ved vann eller vassport, som bading, symjing, dykking eller surfing, eller solorienterte aktivitetar som soling. Det finst fleire ulike typar badetøy til bruk av menn, kvinner og born.

Amerikansk badedrakt for kvinner frå 1920-talet.

Badetøy kan brukast som underklede til aktivitetar som til tider krev bruk av våtdrakt eller tørrdrakt som symjing i kaldt vatn, vasski, dykking, surfing og wakeboarding. Ein kan òg bruka kleda til å vise fram dei fysiske eigenskapane til brukaren, som i tilfelle venleikstevlingar, kroppsbygging eller til glamourfotografi og i magasin som det årlege Sports Illustrated Swimsuit Issue, som viser modeller og sportspersonlegdommar i badetøy.

Det finst ei rekkje ulike former for badetøy i dag som kan variera mykje innan dekkeomfang og og materiale. Val av stil kan vera avhengig av mote, lokale normer for tildekking og personlege preferansar. I tillegg speler bruksområde ei rolle, til dømes om ein skal bruka tøyet til eit passivt høve som å sola seg eller til ein aktivitet som surfing eller symjing. Badetøy dekkjer som regel alltid skrittet til brukaren, og kan også dekka delar av føtene, torsoen og armane. For menn dekkjer badetøy i dag vanlegvis underkroppen, medan overkroppen er bar. For kvinner er det vanleg at han dekker delar av overkroppen, i det minste brystvortene. Badehette er ei form for badetøy for hovudet som dekkjer håret.

Materiale

endre
 
Badedrakt i ull frå 1870-talet.

Tradisjonelt har ein nytta naturmateriale som ull til å laga badetøy. På 1920-talet tok ein i bruk kunstfiberet rayon til å laga tettsitjande badetøy,[1] men haldbarheita, særleg når tøyet blei vått, viste seg å vera problematisk.[2] Jerseystoff og silke var òg ein del brukt.[3]

På 1930-talet blei det utvikla nye materiale som blei brukte til badetøy, særleg latex og nylon, og kleda byrja gradvis å bli meir tettsitjande.[4] Dette gjaldt særleg badetøy for kvinner.

På 1960-talet blei elastan (Spandex, Lycra) brukt til badetøy, vanlegvis kombinert med nylon, for å få tøyet til å sitja godt på kroppen. Spandex er likevel ikkje særleg sterkt eller haldbart, særleg i vatn tilsett klor, som i basseng og boblebad.

Polyester er blitt stadig meir vanleg som eit haldbart, lett tekstil til badetøy, sjølv om det ikkje er så strekkbart som elastan.

Nokre verksemd har byrja å fokusere på resirkulert materiale til å laga badetøy. Dei arbeider med selskap som nyttar fiskenett, nylonavfall og plast sanka inn frå kystområde,vassvegar og kystsamfunn til å laga tekstilkomponentar.[5]

Variantar og stilar

endre
 
I motsetnad til blått, grått og kvitt er neonrosa og neonoransje svært synlege fargar under vatn.

I vestleg kultur er kortbukser til underkroppen utbreidde som badetøy for menn, med variantar som boardshorts, jammers, badeshorts og badebukser i ulike uformingar, medan vanleg badetøy for kvinner er badedrakt som dekker torsoen eller todelte bikiniar.

Ei nyleg nyskaping er såkalla burkini, som særleg blir nytta av nokre muslimske kvinner, som dekker heile kroppen og hovudet (men ikkje ansiktet) på ein måte som liknar våtdrakta til ein dykkar. Dette er ein oppdatert versjon av den heoldekkande badedrakta ein nytta i tidlegare hundreår, som følgjer tradisjonelle muslimske krav til tildekking av kroppen. Ein liknande drakt med tildekking av hals, erme og bein med bukser og eit lite skjørt er blitt kalla «sjaria-badedrakt» i Egypt.[6]

Fargen på badetøyet kan påverka tryggleiken til badaren. Blått, kvit eller grått badetøy kan vera nær usynleg når symjaren er under vatn, og kan gjera det vanskelegare for ein livreddar å få auge på ein person som er i fare for å drukna.[7] Dei mest synlege klesfargane under vatn har store, solide blokker av sterke neonfargar, som neonrosa eller neonoransje.[7] Einsfarga neonfargar er meir synlege enn raudt eller fleirfarga badetøy.[7]

Namn Bilde Skildring
Drag suit   Badebukse som gjev symjaren meir motstand i vatnet. Blir nytta av konkurransesymjarar for å få meir ut av treninga.
Tørrdrakt   Tørrdrakt isolerer brukaren i høve til vatn og temepratur, og kan nyttast av dykkarar, båtfolk, dei som driv vassport og andre som har arbeid eller fritid i og nær kaldt eller ureina vatn. Ei tørrdrakt vernar vanlegvis heile kroppen bortsett frå houvd, hender og av og til føter. Det finst også drakter som også vernar desse områda til bruk i farlege situasjonar.
Racing suits   Badedrakter laga av teknologisk avansert stoff som kan vera biomimetiske (apar naturen, som den rue huda til ein hai som reduserer motstand kring viktige delar av kroppen). Finst i mange utformingar.
Rash guard   Skjort laga av elastan og nylon eller polyester, nytta forå verna mot irritasjon eller sol. Kan nyttast i staden for våtdrakt i varmare vêr.
Slingbikini   Slingbikini er ei drakt som dekker omtrent same område som ein bikini. Underdelen blir halden oppe av stoff som går opp til nakken.
Våtdrakt   Våtdrakt er ei isolert, tettsitjande drakt som kan brukast til langvarig neddykking til aktivitetar som snorkling, apparatdykking, surfing og andre typar brettsport. Dei er laga av neopren, og har ulike tjukkleikar og stilar. Ei våtdrakt heldt brukaren varm ved å fanga eit tynt vasslag nær huda som blir varma opp til kroppstemperatur.

Badetøy for kvinner

endre
Namn Bilde Skildring
Bikini   Eit stykke dekker brystet og eit stykke dekkjer skrittet, med eit udekt område imellom. Det finst mange variasjonar i utforming.
Burkini   Drakt som dekkjer heile kroppen bortsett frå hender og føter. Kan ha ei hette som dekkjer hovudet, men ikkje fjeset. Laga av vanleg badedraktmateriale, i ei utforming liknande ei våtdrakt.[8][9] Plagget er ofte rekna som ei religiøs drakt, men kan også brukast for å hindra fare for hudkreft eller av folk som ønskjer å dekkja seg til meir enn det som er vanleg med badetøy.[10]
First Woman's Athletic Swimming Costume   Annette Kellerman kring 1905.
Monokini   Monokini, også kalla «topplaus bikini» eller «unikini», har ei tettsitjande bukse og to tynne stroppar.
Badedrakt   Eit einskild plagg som dekkjer heile torsoen.
Tankini   Ei stykke dekkjer bryst og mage (som ein tanktopp), den andre dekker rumpa. Anne Cole (1926–2017)[11] fann opp tankinien i 1998.[12]
Tanktopp og bukse   Gertrude Ederle, olympisk gullmedaljevinnar og den fyrste kvinna til å symja på tvers av Den engelske kanalen. Tanktopp over symjebuks held buksene på plass under symjing.

Badetøy til menn

endre
Namn Bilde Skildring
Boardshorts   Boardshorts er ein lengre versjon av badeshorts som kjem til eller forbi kneet. Dei har vanlegvis eit ikkje-elastisk midjeband, og dei passar godt rundt torsoen. Boardshorts blei opphavleg utvikla til ulike typar brettsport som surfing, paddleboarding og vakenboarding.
Jammer   Ein type badekjorts til menn som hovudsakleg blir brukt av utøvarar til tevlingar, liknar sykkelshorts eller kompresjonsshorts.
Badebukse med kvadratisk kutt   Ein svømmestøy stil som liknar badbruks, men med ein meir konservativ skera. Dei kan sammenlignast med boksarbrør, men med nylon/spandex komposit eller polyestervekt.
Badebukse   Badebukser, ofte av ull og haldne på plass med eit kanvasbelte i militær stil ved midja, går tilbake til 1930-talet. Ein versjon i nylon, utan belte, blei lansert ved OL i Melbourne i 1956 av Speedo. Svimbrør er no ofte laga av nylon og spandex, medan nokre langvarige drakt er laga av polyester. Stilen varierar frå fullseting til tung eller g-string. Dei fleste badbruksar har ein beige eller vit kant på innsida framfor, som er laga av eit liknande stoff.
Tanktopp og bukse   Duke Kahanamoku, surfar, i 1920
Badeshorts   Badeshorts er gjerne lause kortbukser som når ned til midten av låret, laga av polyester eller nylon. Dei har polyesterlinning.

Dekkingsgrad

endre

Badetøy kan vera tettsitjande eller laust. Dei blir ofte dekket med eit anna lag av tyg dersom det ytre tøyet blir gjennomsiktig når det er våt.

Kleda varierer frå design som nesten dekker heile kroppen til design som viser fram nesten heile kroppen. Val av badetøy blir fyrst og fremst bestemt av aktiviteten ein skal bruka det til, frå små, strame bukser for menn til konkurransestuping og vasspolo til boardshorts for surfing; sjølv om kvinner ironisk nok gjerne bruker badedrakt til konkurransestuping og bikini til konkurransesurfing. Andre faktorar er personlege og samfunnsmessige normer for tildekking og framsyning avhengig av staden og den sosiale situasjonen, kor mykje solvern ein ønskjer og den gjeldende klesmoten. Nesten alle klede til bading dekker intime kroppsdelar, inkludert kjønnsorgan og kjønnshår, medan dei fleste bortsett frå stringklede dekker dert meste eller heile rumpeballen.[13]

Dei fleste typar badetøy i vestleg kultur lar minst hovudet, skuldrene, armane og den nedre delen av beina (under kneet) vera udekka. Badetøy for kvinner dekkjer som regel minst brystvorta og nedre delen av brystet.

Både menn og kvinner kan til tider ha på seg badetøy som dekker meir av kroppen når dei sym i kaldt vatn (sjå òg våtdrakt og tørrdrakt). I kaldare temperaturar er det naudsynleg å nytta visse typar badetøy for å halda på kroppstemperaturen og verna mot hypotermi.

Badetøy til konkurransar

endre

Badetøy til konkurransar er klede og anna utstyr ein kan nytta til idrettar som konkurransesymjing, stuping, synkronsymjing, triatlon og vasspolo.

Nokre badedrakter er spesielt utforma til bruk i symjekonkurransar der dei kan vera laga av stoff med særskilt låg motstand slik at motstanden mot huda i vatnet blir redusert. Til visse typar symjing og stuping kan ein nytta særskilde kroppsdekkande drakter kalla diveskin. Desse draktene er laga av elastan og gjev lite varmeisolasjon, men dei vernar huda mot stikk og slitasje.

I motsetnad til vanlege badedrakter, som hovudsakleg er utforma med estetiske omsyn, er badedrakter som er laga til konkurransar laga for å hjelpa utøvaren. Dei reduserer friksjon og motstand i vatnet, noko som aukar effektiviteten til symjaren si rørsle framover. Den strame passforma tillèt og enkel rørsle, og skal visstnok redusere muskelvibrasjon,[14] noko som igjen reduserer motstand.

Frå rundt 2000 er det gjort forsøk på å gjera badetøy til konkurransesymjing meir effektivt ved å finna inspirasjon i huda til dyr som lever i havet, som haiar.

I juli 2009 tok FINA ei avgjerd om å forby badetøy som ikkje var av tekstil (vovne) i tevlingar frå 2010. Dei nye reglane blei sett i verk for å kjempa mot problem knytte til prestasjonsfremjande badedrakter, som hindra evna til å måla den faktiske prestasjonen til symjarane nøyaktig.[15] Dei slo også fast regelen at badedrakter for menn maksimalt kunne dekka området frå navlen til kneet, og for kvinner frå skuldra til knea.[16][17]

Nokre symjarar brukar ei spesialisert treningsdrakt kalla dragsuit for å auke motstand under trening på kunstig vis. Dragsuits har eit ytre lag av lausare stoff - ofte netting eller nylon - for å auka motstanden i vatnet og byggja opp uthaldet til symjaren. Dei finst i ulike stilar, men dei fleste liknar ei lausare badebukse.

 
Den olympiske gullmedaljevinnaren i symjing Tyler Clary frå USA, i badebukse og Michelle Bremer frå New Zealand i badedrakt, 2012

Badetøy og hygiene

endre

Bakteriar og mugg kan veksa raskt på våte badedrakter. Medisinske fagfolk advarer om at å ha på seg fuktig badetøy i lange periodar kan føra til ei rekkje infeksjonar og utslett hjå born og vaksne.[18][19] Dei åtvarer om å ikkje dele badetøy med andre.[20] Å ikkje vera lenge i vått badetøy kan hjelpa til å førebygga vaginale infeksjonar og kløe.[21][22][23]

I offentlege basseng i Frankrike er det av hygieniske grunner berre tillate å nytta korte badebukser. Menn får ikkje nytta lange, lause skjortsar.[24]

Historie

endre
 
1858 badekjøt for kvinner

I den klassiske antikken var det vanleg å bada og symja bade naken. Det finst romerske veggmåleri av kvinner som spelar sport og trener med drakter i to stykke som dekker områda rundt bryst og hofte på ein måte som liknar dagens bikini. Det finst ingen bevis for at desse blei nytta til symjing. Alle klassiske bilde av symjing viser nakne symjarar.

I ulike kulturelle tradisjonar kan ein bada i ein versjon av eigna materiale av klede eller underklede som vanlegvis blir brukt på land, til dømes eit lendeklede som japansk fundoshi.

I Storbritannia var det fram til midten av 1800-talet ingen lov som forbaud nakenbading, og kvar by kunne laga sine egne lovar. Bath Corporation si offisielle forordning for menn frå 1737 sa til dømes:

It is Ordered Established and Decreed by this Corporation that no Male person above the age of ten years shall at any time hereafter go into any Bath or Baths within this City by day or by night without a Pair of Drawers and a Waistcoat on their bodies.[25]

I elver, innsjøar, elver og i havet bada menn nakne der denne praksisen var vanleg. Dei som ikkje bada nakne bada i undertøyet. Praksisen med å bada naken blei forboden i Storbritannia i 1860. På 1860-tale blei badeshorts, kjende som caleçons, utbreidde. Mange protesterte mot desse og ville halda fram med å bada nakne. Francis Kilvert skildra badetøy til menn som blei brukte på 1870-talet som «eit par svært korte bukser med raude og kvite striper».[26]

 
Teikning av George du Maurier i Punch frå 1877 som viser badetøy for menn og born.

Badetøy for kvinner var avleidde frå klede brukte ved Bath og andre spa. Det verker som at fram til 1670-talet var norma for kvinner å bada nakne i spa, og at etter den tida bada kvinner med klede på. Celia Fiennes gav ei detaljert skildring av standard badetøyet til damer i 1687:

The Ladyes go into the bath with Garments made of a fine yellow canvas, which is stiff and made large with great sleeves like a parson's gown; the water fills it up so that it is borne off that your shape is not seen, it does not cling close as other linning, which Lookes sadly in the poorer sort that go in their own linning. The Gentlemen have drawers and wastcoates of the same sort of canvas, this is the best linning, for the bath water will Change any other yellow.[27]

Dei offisielle reglane for bading frå Bath Corporation i 1737 hadde desse reglane for kvinner:

No Female person shall at any time hereafter go into a Bath or Baths within this City by day or by night without a decent Shift on their bodies.[25]

The Expedition of Humphry Clinker kom ut i 1771, og skildringa av badetøy skil seg frå den til Celia Fiennes hundre år tidlegare:

The ladies wear jackets and petticoats of brown linen, with chip hats, in which they fix their handkerchiefs to wipe the sweat from their faces; but, truly, whether it is owing to the steam that surrounds them, or the heat of the water, or the nature of the dress, or to all these causes together, they look so flushed, and so frightful, that I always turn my eyes another way.[28]

Flannel var eit vanleg stoff til badedrakter, ettersom mange trudde at det varme stoffet var naudsynt i kaldt vatn.[29]

På 1700-talet hadde kvinner «badekjolar» i vatnet; dette var lange kjolar av stoff som ikkje blei gjennomsiktige når dei var våte, med vekter som var sydde inn i kantane slik at dei ikkje skulle flyta opp i vatnet. Badedrakt til menn var ei nokså tettsitjande ulldrakt med lange erme og bein som likna langt undertøy. Det kom ikkje til å endra seg mykje i løpet av dei neste hundre åra.

På 1800-talet var det vanleg for kvinner å ha dobbeltkjørt, som bestod av ein kjole frå skuldra til knea i lag med bukser som gjekk ned til oklene.

I viktoriatida var det vanleg at populære stader for strandbad hadde bademaskiner som var utforma for å unngå at folk i badedrakt blei sett, særleg av folk av det motsette kjønnet.

I USA blei venleikskonkurranser for kvinner i badedrakt populære frå 1880-talet av. Men slike tilstellingar blei ikkje rekna som respektable. Venleikskonkurransane blei meir respektable med den fyrste moderne Miss America-konkurransen som blei halde i 1921. Miss America avslutta badedraktdelen i 2018.[30]

1900-talet

endre
 
Mann og kvinne i baddrekk, om; ho går ut av ein badmaskin

1907 blei det halde protestar mot badetøy i Sydney i Australia etter at det var føreslått ein ordinans som ville kreva at menn skulle ha på seg ein skjørt-aktig tunika. I 1935 blei det føreslått ein liknande ordinans som kravde at menn skulle ha på seg Spooner-badedrakt i staden for 'usømelege' badebukser.

I 1907 drog symjaren Annette Kellerman frå Australia til USA som «undervassballerina», ei form for synkronsymjing som inneber dykking i glastankar. Ho blei arrestert for å ha blotting fordi badedrakta hennar viste armar, bein og nakke. Kellerman endra drakta slik at ho hadde lange erme og bein og ein krage, men heldt på det tettsitjande snittet som viste forma under. Ho tok seinare del i fleire filmar, inkludert ein om livet sitt. Ho selte også badedrakter, og badedraktstilen hennar blei kjend som «Annette Kellerman». Denne stilen blei sett på som den mest offensive typen badedrakt på 1920-talet, og blei utsett for sensur.[31][32]

Trass motstand frå nokre grupper, viste den tettsittande stilen seg å vera populær. Det tok heller ikkje lang tid før badetøyet byrja å krympa. Fyrst blei armane synlege, og så beina til midten av låra. Kragen trekte seg tilbake frå rundt halsen til ei utringing rundt øvste delen av brystet. Utvikling av nye tekstilar opna for nye variantar av meir komfortabelt og praktisk badetøy.[33]

På grunn av den tettsitjande forma til desse plagga, har glamourfotografi sidan 1940- og 1950-talet ofte vist folk som brukar badedrakter. Denne typen glamourfotografi utvikla seg etter kvart til badedraktfotografi, som er eksemplifisert av det årlege Sports Illustrated Swimsuit Issue. Venleikskonkurransar hadde også krav om at deltakarane skulle bruke tettsitjande badedrakter.

Louis Réard, ein fransk bilingeniør og klededesignar, introduserte den moderne to-delte bikinien den 5. juli 1946.[34][35] Han introduserte designet sitt fire dagar etter den fyrste prøvesprenginga av eit kjernefysisk våpen på Bikini-atollen. Avisene var fulle av nyhende om dette, og Reard valde namnet inspirert av håpet om å oppnå det same med sitt design.[36][37]

På 1950-talet rekna ein det som skikkeleg at den nedre delen av bikinien steig opp høgt nok til å dekka navlen. Frå 1960-talet krympa bikinien i alle retningar til han til tider berre dekka litt meir enn brystvortene og kjønnsorgana, sjølv om mindre avslørande modeller som gav meir støtte til brysta blei verande populære.

I 1964 blei monokini, òg kjent som «topplaus bikini» eller «unikini»),[38][39] designa av Rudi Gernreich, som bestod av berre ein kort, tettsitjande underdel og to tynne stropper.[40][41][42][43][44] Designet til Gernreich blir av og til gjeve æra for å ha byrja,[45] eller blitt eit symbol for, den seksuelle revolusjonen.[46]

I 1964 blei Babette mars den første omslagmodellen i Sports Illustrated Swimsuit Issue.[47][48] Ho var på omslaget til eit badekostum i numre 20. januar 1964.[49]

På 1980-talet kom stringbikinnien frå Brasil, som skal ha vore inspirert av tradisjonelle kleder frå innfødde stammar i Amazonas.

Badetøy for menn utvikla seg omtrent parallelt med den til kvinner kjortane i denne perioden, med shorts som dekka gradvis mindre av kroppen. Etter ei tid blei «speedo»-badebukser, som nytta i symjetevlingar, populære. Men på 1990-talet blei lengre og lausare shorts populære, og kunne ofte nå ned til kneet. Desse sat ofte lenger nede på hofta enn vanlege shorts.

Anne Cole (1926–2017),[11] grunnleggjaren av merket Anne Cole, lanserte tankinien, sett saman av ein tanktopp og ei bukse som underdel, 1998.[12]

Miss America slutta å ha ein badedraktdel i tevlinga si i 2018.[30]

Alternativ til badetøy

endre

Sidan 1900-talet har ei naturistrørsle utvikla seg i vestlege land som støtter ikkje-seksuell nakenheit under bading og til andre aktivitetar.[50] Nokre kvinner vel å utføra vass- eller solaktivitetar topplause, som mange menn. Nokre stader rundt om i verda finst det eigne nakenstrender for folk som vil vera nakne på stranda.

I staden for badetøy kan ein nytta vanleg bukse, underbukse eller t-skjorte ved bading, anten fordi ein ikkje har badetøy eller fordi ein føretrekk desse kleda. Bruk av t-skjorte kan òg gje ekstra vern mot sola. Denne praksisen kan vera meir akseptert på strender enn i symjebassengene, som ofte ikkje tillet bruk av vanlege klede til å bada i.[51] Vanlege klede vanlegvis ikkje linning som badetøy og kan bli gjennomsiktige i vatn. Dei kan også oppfattast som ureine.

Badetøy utanfor vatnet

endre

Badetøy kan òg brukast utanfor vatnet, til dømes som mote,[52] til sport[53] eller under soling.

Kjelder

endre
  1. Sydelle, John. «The Swimsuit Industry». Arkivert frå originalen 19..oktober 2013. Henta 29. august 2013. 
  2. Kadolph, Sara J.; Langford, Anna L. (2001). Textiles (9. utg.). Prentice Hall. ISBN 0-13-025443-6. 
  3. «Vintage Swimwear Timeline». Glamoursurf.com. Arkivert frå originalen October 19, 2013. Henta August 29, 2013. 
  4. «History of the Bikini». Carnival. Arkivert frå originalen 26. juni 2017. 
  5. «Do you know what's happening to your clothing donations?». The Washington Post. Henta January 30, 2020. 
  6. Hawley, Caroline (5. september 2000). «Warm welcome for 'Sharia swimsuit'». BBC News. Arkivert frå originalen 17. februar 2009. Henta 10. januar 2009. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Ruggeri, Amanda (15 June 2023). «How the colour of your swimsuit can save your life». BBC News. 
  8. Ellin, Abby (9. september 2009). «Exercise Tailored to a Hijab». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 16. juni 2023. 
  9. Lowe, Josh. «Burkini Inventor Says Swimwear Bans Have Boosted Sales» (på engelsk). Henta 16. juni 2023. 
  10. Sheftalovich, Zoya. «Australia's lesson in burkini politics» (på engelsk). Henta 16. juni 2023. 
  11. 11,0 11,1 «About Anne Cole» (på engelsk). Henta 16. mai 2022. 
  12. 12,0 12,1 Hughes, Aria. «Anne Cole, Swimsuit Designer Who Invented the Tankini, Dies at 90» (på engelsk). Henta 16. mai 2022. 
  13. Suzy Menkes, "Runways: Remembrance of Thongs Past Arkivert 2009-02-02 ved Wayback Machine.", The New York Times, July 18, 1993
  14. «Speedo fastskin fsii, Speedo Fastskin PRO». swimming-faster.com. Arkivert frå originalen 26. desember 2015. 
  15. «Opportunity In The Suits Crisis». SwimNews.com. 3 July 2009. Arkivert frå originalen 18 January 2018. Henta 18 January 2018. 
  16. Administrator. «Fédération Internationale de Natation – fina.org – FINA General Congress». fina.org. Arkivert frå originalen 23. september 2015. 
  17. FINA bans hi-tech suits from 2010 BBC, 31 July 2009
  18. «Child Safety: Public Swimming Pool». Arkivert frå originalen 30 July 2012. 
  19. «Hot Tub Rash – Hygiene-related Diseases – Hygiene – Healthy Water – CDC». Arkivert frå originalen 30. august 2017. 
  20. «The Gross Truth About Trying On A New Swimsuit». 
  21. Nyirjesy and Bayer Vaginal yeast infection Arkivert 2012-04-13 ved Wayback Machine., Drexel University College of Medicine
  22. Vaginal itching Arkivert 2016-07-04 ved Wayback Machine.. Medline article
  23. Jock Itch Arkivert 2009-12-15 ved Wayback Machine. Crutchfield Dermatology
  24. Marsh, Janine. "Speedos v Trunks in swimming pools in France" Arkivert 2015-12-23 ved Wayback Machine. The Good Life France
  25. 25,0 25,1 Quoted in Byrde, Penelope. "That Frightful Unbecoming Dress: Clothes for Spa Bathing at Bath", Costume, No 21, 1987, p.50
  26. Quoted in Cec Cinder, PhD: The Nudist Idea, Ultraviolet Press, Riverside, California: 1998, p. 333. ISBN 978-0-9652085-0-5
  27. Quoted in Byrde, Penelope. "That Frightful Unbecoming Dress: Clothes for Spa Bathing at Bath", Costume, No 21, 1987, pp.48–9
  28. Smollett, Tobias George (1906). The Expedition of Humphry Clinker. New York: The Century Company. s. 38–39. 
  29. «Bathing – Jane Austen at the seaside». Arkivert frå originalen 14 May 2013. 
  30. 30,0 30,1 «In 'Secrets of Miss America,' the bikini battle rages on». 
  31. «Vanities». .assumption.edu. Arkivert frå originalen 30. mai 2013. Henta 15. juni 2013. 
  32. Meagan Hess. «Skirting the Skirts at the Bathing Beach». Xroads.virginia.edu. Arkivert frå originalen 19. juni 2013. Henta 15. juni 2013. 
  33. http://modadellacqua.com/blogs/news/32188611-history-of-male-swimwear-the-origins-of-the-bathing-suit-1880-1930-modesty-and-transgression[daud lenkje]
  34. David Louis Gold (2009). Studies in Etymology and Etiology: With Emphasis on Germanic, Jewish, Romance and Slavic Languages. Universidad de Alicante. s. 99–. ISBN 978-84-7908-517-9. Arkivert frå originalen 28 May 2013. 
  35. «Encyclopædia Britannica's Great Inventions». Encyclopædia Britannica. Arkivert frå originalen 5 January 2007. Henta 17 September 2008. 
  36. Wiesner, Maria (5 July 2016). «70 Jahre Bikini: Vier Dreiecke und etwas Schnur». FAZ.NET (på tysk). Henta 17 May 2018. 
  37. «Operation Crossroads: Fact Sheet». Department of the Navy—Naval History and Heritage Command. Arkivert frå originalen 24 October 2012. Henta 13 August 2013. 
  38. «Monokini». Arkivert frå originalen 18 August 2015. Henta 20 August 2015. 
  39. «Bikini Science». Arkivert frå originalen 27. januar 2018. Henta 27. januar 2018. 
  40. «Monokini». Henta 20 August 2015. 
  41. Rosebush, Judson. «Peggy Moffitt Topless Maillot in Studio». Arkivert frå originalen 27 January 2018. Henta 27 January 2018. 
  42. Alac, Patrik (2012). Bikini Story. Parkstone International. s. 68. ISBN 978-1780429519. Arkivert frå originalen 29. januar 2018. 
  43. «Bikini Styles: Monokini». Everything Bikini. 2005. Arkivert frå originalen 29 July 2012. Henta 13 January 2013. 
  44. Nangle, Eleanore (June 10, 1964). «Topless Swimsuit Causes Commotion». Chicago Tribune. Arkivert frå originalen 14 September 2015. Henta 20 August 2015. 
  45. Alac, Patrik (2012). Bikini Story. Parkstone International. s. 68. ISBN 978-1780429519. Arkivert frå originalen 29. januar 2018. 
  46. «Fit Celebrates the Substance of Style». Arkivert frå originalen 24 September 2015. Henta 23 August 2015. 
  47. Curtis, Bryan. «The Sports Illustrated Swimsuit Issue: An intellectual history». Washington Post Newsweek Interactive Co. LLC. Arkivert frå originalen 27 November 2007. Henta 13. november 2007. 
  48. Hoover, Elizabeth D. «60 Years of Bikinis». American Heritage Inc. Arkivert frå originalen 13. november 2007. Henta 13. november 2007. 
  49. «SI Cover Search: 1964 swimsuit». Time Inc. 2007. Henta 13. november 2007. 
  50. «British Naturism (BN)», British Naturism, ISSN 0264-0406, arkivert frå originalen 31. mars 2012, henta 30. august 2011 
  51. «El Paso, Texas, swimming pool rules Rules for swimmers. See rule 1» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 25. april 2012. 
  52. Beltran, Frances. «This Is How You Style A Swimsuit Outside of the Water» (på engelsk). Henta 6 July 2021. 
  53. Blogging, P. I. S. (31 July 2013). «Bikini Skater Girl». Gøne ツ Ska†îηg (på engelsk). Arkivert frå originalen 9 July 2021. Henta 8 July 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Badetøy