Blå
Blå er den fargen som spenner over bølgjelengder frå om lag 440 til 490 nanometer. Blå er ein av fargane som dannar fargepunkta i TV-skjermane. I estetikken reknar ein blått til dei kalde fargane.
Blå er ein heller sjeldan farge i levande organismar, og få matvarer har blå farge. Derimot er dagshimmelen og mange former for vatn blå. Lyshuda menneske kan òg få litt blåfarge, til dømes om dei slår seg eller blir svært kalde. Blåfargen kjem fordi blodet under huda får mindre oksygen. Blåmerke blir til ved at blodkar blir sprengde og sig ut i vevet, der det ikkje får tilført hemoglobin. Når ein blir blåfrosen, er det blodårene som trekkjer seg saman og dermed hindrar tilføring av hemoglobin. På grunn av samband mellom fargen og blåmerke har nokre lingvistar foreslått at det urgermanske opphavsordet hans, blǣwo, hadde noko slekt med ordet bliuwan, «å slå», men dei fleste aksepterer ikkje denne teorien.
Mange indoeuropeiske språk, mellom anna norrønt, brukte namnet på fargen om alle mørke fargar, og skilde såleis ikkje mellom blått og svart. Det er på grunn av dette at visse hindugudar, som Krisjna, ofte blir framstilde som blå — dei skal nemleg ha vore særs mørke i huda.
Somme språk, mellom anna russisk, har ikkje noko felles ord for alle blåfargar, men ser på himmelblått (голубой) og havblått (синий) som to «grunnleggjande» og ulike fargar. (Eit slikt skilje kan stundom bli bruka på norsk òg, i regnbogefargane, men der kallar vi den eine for blått og den andre for indigo.)
Symbolikk
endrePolitisk
endreI politikken er blått oftast fargen til den politiske høgresida, men i USA symboliserer denne fargen den politiske venstresida.
Religiøst
endreBlått har sidan gammaltestamentleg tid representert dei religiøse boda i jødedommen, og jødar er etter Toráen pålagde å ha ein tråd farga med blåfargen tekhélet i sisijótane (hjørnefrynsene) av sine talletót (bønesjal). Kunnskapen om korleis ein dreiv ut dette fargestoffet gjekk tapt i uroa kring Israel/Palestina kring 800-talet, og dei fleste sisijót har i dag berre kvite frynser. Blåfargen som generelt religiøst symbol har likevel halde seg, og mange talletót er kvite med blå striper. Denne symbolikken er bakgrunnen for fargane i det israelske flagget.
Nasjonalt og organisatorisk
endreBlått og kvitt
endreBlått i kombinasjon med kvitt er brukt i nasjonalflagga åt Finland, Hellas, Honduras, Israel, Mikronesiaføderasjonen, Skottland og Somalia. Internasjonale organisasjons- eller unionsflagg i blått og kvitt inkluderer Antarktis, NATO, Nordisk råd, OPEC og SN (Dei sameinte nasjonane).
Blått og gult
endreBlått i kombinasjon med gult er brukt i nasjonalflagga åt Kasakhstan, Palau, Sverige og Ukraina. Internasjonale organisasjons- eller unionsflagg i blått og kvitt inkluderer EU.
Anna
endreBlått har gjeve namn til:
- blått blod
- blåmåndag
- musikkforma blues
- den norske kongen Harald Blåtann
- Den blå moskéen i Istanbul