Carnotitt
Carnotitt er eit sterkt gult, ofte pulveraktig mineral som inneheld uran, vanadium, kalium og dessutan sekundært bly. Den kjemiske formelen er K2(UO2)2(VO4)2.
Carnotitt | |||
Carnotitt i fossilert skog frå St. George i Utah | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Vanadatmineral | ||
Kjemisk formel | K2(UO2)2(VO4)2·3H2O | ||
Strunz-klassifisering | 04.HB.05 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin 2/m | ||
Einingscelle | a = 10.47 Å, b = 8.41 Å, c = 6.91 Å; β = 103.83°; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Lysegul til sitrongul, kan vere grønaktig gul. | ||
Krystallform | skorper, jordaktige massar, blada og korna samlingar. | ||
Krystallsystem | Monoklin; 2/m | ||
Tvilling | på {001} som både tvilling og komposisjonsplan | ||
Kløyv | perfekt på {001}, glimmeraktig | ||
Brot | Ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 2 | ||
Glans | Matt, jordaktig; silkeaktig når krystalllinsk | ||
Strekfarge | gul | ||
Transparens | Delvis gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 4.70 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα=1.750 - 1.780, nβ=1.901 - 2.060, nγ=1.920 - 2.080 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.200 | ||
2V-vinkel | Målt: 43° til 60°, Utrekna: 26° til 36° | ||
Andre eigenskapar | Radioaktiv, ikkje fluorescerande | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Mineralet finst ofte saman med eit liknande kalsium-samband, tyuyamunitt. Carnotitt spelar ei stor rolle i uranproduksjonen. Det finst førekomstar mellom anna. i USA, Kongo og Russland. I Noreg er det funne i malmane frå Spennivegg gruve i Dalane i Kviteseid og frå granitt-pegmatitt i Einerkilen i Evje.
Det er kalla opp etter den franske gruveingeniør og kjemikaren Adolphe Carnot (1839–1920).
Kjelder
endre- Carnotitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ Handbook of Mineralogy
- ↑ Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., John Wiley and Sons, New York ISBN 0-471-80580-7
- ↑ Mindat.org
- ↑ Webmineral
Bakgrunnsstoff
endre- Mineral Galleries Arkivert 2004-12-05 ved Wayback Machine.