Havelle

art av andefuglar
(Omdirigert frå Clangula)

Havelle er ein fugl i undergruppa dukkender i andefamilien.

Havelle
Havellehann
Havellehann
Havellehoe
Havellehoe
Utbreiing og status
Status i verda: VU Sårbar
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av havelle
Utbreiinga av havelle
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Slekt: Clangula
Art: Havelle C. hyemalis
Vitskapleg namn
Clangula hyemalis
Havelle-egg.

Kjenneteikn

endre

Havella er ei ganske lita and med totallengd 39–47 cm og vengespenn på 65–82 cm. Fuglen veg 600–1000 gram. Dei vaksne hannane har lange midtre halefjør på 10–15 cm. Havella har rundt hovud og kort nebb. Vengane er mørke og ganske smale og spisse. I flukt held fuglen vengane bakover og lågt og flaksar med smidige kjappe vengeslag. Havella har minst tre ulike drakter gjennom året. I alle draktene er fuglen broket i kvitt, brunt og svart, og med heilmørke vengar.

Læte

endre

Havella sin song består av ein tonerein, nasal, litt jodlande lyd som kan skrivast som a a-aulí eller ah au-audeli og minner om klarinett.

Utbreiing

endre

Havella hekkar i fjell- og tundraområde, både i innsjøar og havbukter, på Island, i Skandinavia, Svalbard, Novaja Zemlja, Russland, Grønland, Canada og Alaska. Ho er trekkfugl og overvintrar i kystområde i Europa, Kina, Korea, Japan, og Nord-Amerika.

Biotop og leveområde i Noreg

endre

Den norske hekkebestanden er truleg på 5000–10 000 par. Flest hekkande par finst på Finnmarksvidda og i Varanger. Her kan fuglane treffast både inne på vidda og ute ved kysten, alltid ved små ferskvassdammar. Elles i Nord-Noreg kan havella også hekke vanleg, mest typisk i bjørkebeltet og vierregionen. Kystnær hekking skjer så langt sør som til Velfjorden ved Brønnøysund. I Sør-Noreg hekkar havella sparsamt i sentrale fjelltrakter så langt sør som til sentrale delar av Hardangervidda.

Føde

endre

Fuglane et mest vasslevande insekt, muslingar, blautdyr og krepsdyr, men også fisk, børsteormar og pigghudingar.

Hekking

endre

Havellene lever i monogame par. Dei vert kjønnsmodne i tredje leveår. Fuglane kjem til hekkeplassane i april-mai, stundom i juni. Reiret er ei grop på marka, sparsamt fora med gras og lyng. Det ligg nær ferskvatn, gjerne på ein holme. Hoa legg 6–9 egg kring midten av juni. Hannane vert i reirområdet enno litt, med flokkar seg saman med andre hannar lenge før klekkinga. Hoa rugar i 24-29 døgn. Ungane dreg frå reiret så snart dei er turre. Hoa er saman med dei til dei er flygedyktige 35–40 døgn gamle. Havellene har eit kull i året.

Trekkvanar

endre

Dei norske havellene overvintrar ute ved kysten eller i fjordane saman med haveller og andre ender lengre austfrå. Truleg finst det 50 000–100 000 haveller på norskekysten vinterstid, dei fleste i Nord-Noreg. Om våren flyg dei inn til hekkeplassane. Dette trekket går føre seg om kvelden og natta, og treklangen til havellene er lett kjenneleg i halvmørket.

Kjelder

endre
  • Norsk fugleatlas, 1994.
Referansar
  1. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av havelle Clangula hyemalis for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 3. februar 2022.

Bakgrunnsstoff

endre