DS «Astræa»

(Omdirigert frå DS «Astræa» (1900))
Karriere  Noreg
Namn: DS «Astræa»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Akers mekaniske verksted
Verftsnummer: 191
Jomfrutur: 1900
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: JPLC
Lagnad: Forliste i 1910
Generelle mål
Tonnasje: 765 brt, 386 nrt
Daudvekt: 350 tdw.
Lengd: 58,8 m
Breidd: 8,6 m
Djupgang: 6,2 m
Installert effekt : 1400 iHk, 197 nHk.
Framdrift: Triple 3 cyl. ekspansjon dampmaskin (Aker)
Fart: 14,25 knop
Passasjerar: 220 passasjerar
Mannskap: 30 (1907)

DS «Astræa» (kallesignal JPLC) var eit hurtigruteskip som vart overlevert Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) i august 1900. Skipet var byggnummer 191 ved Akers mekaniske verksted i Kristiania, og kosta 458 000 kroner. Ho var utrusta for å kunna brukast som hjelpekryssar, og ekstrakostnadene vart dekt av marinen. I september 1900 vart det sett inn i fast rotasjon i hurtigruta. DS «Astræa» grunnstøytte og sokk ved Stabben fyr i nærleiken av Florø i januar 1910. Kanonane vart aldri monterte.

Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å gje skipa sine namn etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Astræa er ein asteroide som vart oppdaga i 1845.

Historie endre

Bakgrunn endre

I 1898 fekk Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab (NFDS) kontrakt på å setja inn si andre vekentlege hurtigrute. BDS hadde hittil sett inn eldre skip som DS «Sirius», DS «Jupiter» og DS «Orion» i hurtigruta, medan Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS) og NFDS hadde skip som var bygd spesielt for hurtigrutetrafikk. Reiarlaget innsåg at dei trong eit nytt skip, og 16. mars 1899 signerte Det Bergenske Dampskibsselskab byggekontrakt for eit hurtigruteskip med Akers mekaniske verkstad. På dette tidspunktet var forholdet mellom Noreg og Sverige noko anstrengt på grunn av prosessen rundt unionoppløysinga. Sidan skipet skulle utstyrast med kraftige motorar, ønskte marinen å nytta henne som hjelpekryssar om det skulle bli nødvendig. Bygginga vart leidd av to marinekapteinar som modifiserte dei opphavlege teikningane slik at skipet kunne utrustast med kanonar. Ved levering i august 1900 var DS «Astræa» det raskaste skipet til handelsflåten, og det første skipet til BDS bygd spesielt for hurtigrutetrafikk.

I hurtigruta endre

 
DS «Astræa» etter grunnstøytinga

21. september vart DS «Astræa» sett inn i fast rotasjon i hurtigruta mellom Trondheim og Hammerfest, og erstatta DS «Capella». Ho segla i hurtigruta i nesten 10 år utan nemneverdige hendingar. 5. januar 1910 var ho på nordgåande frå Bergen til Vadsø då ho grunnstøytte på Gresskjærene 3 kabellengder aust-nordaust for Stabben fyr i nærleiken av Florø. Passasjerar og post vart berga, men skipet sokk kort tid etter. Vraket vart seinare heva, men etter ein inspeksjon av skadane vart det kondemnert og hogd opp. Dampmaskina vart berga, og vart seinare installert i DS «Mercur».

Skipet endre

Tonnasjen til DS «Astræa» var ved levering på 765,94 bruttoregistertonn, 386,1 nettoregistertonn og lasteevna var 350 dødvekttonn. Hovudmaskina var ein kolfyrt trippel ekspansjon dampmaskin med arbeidstrykk 175 psi, bygd ved Akers mekaniske verkstad. Oppgitt yting var 1 400 ihk (indikerte hestekrefter) og 197 nhk (nominelle hestekrefter), noko som gav ein toppfart på 14,25 knop. Hovudmaskina og kjelen var plassert midtskips, og lasteromma var under hovuddekket forut og akter. Den høge toppfarten hadde sine ulemper. Den kraftige dampmaskina kravde mykje plass, gav ein del støy og vibrasjonar, og var uøkonomisk i drift. Skipet var bygd som stormdekke, og dei fleste lugarane låg på hovuddekk med nokre få lugarar forut på banjerdekk. DS «Astræa» hadde den tradisjonelle inndelinga i tre passasjerklasser med 1. plass (1. klasse) alter, 2. plass midtskips, og 3. plass forut. Skroget var bygd i stål, og i 1907 var skipa sertifisert for 220 passasjerar i kystfart og 438 i lokalfart.

Etter spesifikasjonane til marinen var hovuddekket forsterka, og ho hadde fundament for 13 kanonar: ein 120 mm hovudkanon på framdekket, seks 76 mm kanonar forut og atter, og seks 47 mm kanonar på brua og promenadedekket. Marinen kjøpte inn bestykninga og lagra han på Marineholmen ved Bergen. Det vart aldri naudsynt å montera våpena.

Sjå òg endre

Kjelder endre