DS «Neptun» (1930)
DS «Neptun» i Haugesund | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | DS «Neptun» |
Eigar: | Det Bergenske Dampskibsselskab |
Verft: | Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen |
Byggekostnad: | 779 963 kr.[1] |
Verftsnummer: | 142 |
Jomfrutur: | Februar 1930 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LGNU - LHSB |
Lagnad: | Ukjend |
Generelle mål | |
Type: | Passasjer- og lasteskip |
Tonnasje: | 1 574 brt, 905 nrt |
Daudvekt: | 1 770 tdw. |
Lengd: | 240,5 fot (73,3 m) |
Breidd: | 35,7 fot (10,9 m) |
Djupgang: | 21,7 fot (6,6 m) |
Installert effekt : | NHK 200 IHK 900 |
Framdrift: | Triple 3 cyl. dampmaskin (Laxevaag) |
Fart: | 10,5 knop |
Passasjerar: | 10 passasjerar |
Karriere | Liberia |
Namn: | DS «Los Incas» |
Eigar: | West Indies Transport Corp. |
Kjøpt: | Juli 1956 |
Heimehamn: | Monrovia |
Karriere | Panama |
Namn: | DS «Eagles» |
Eigar: | Viaer Reyes Cia. Nav. S. A. |
Kjøpt: | 1961 |
Heimehamn: | Panama |
DS «Neptun» (kallesignal LGNU - LHSB) var eit dampskip bygt i 1930 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).
Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Neptun er ein av planetane i solsystemet. Dette var det andre skipet i flåten til BDS med dette namnet, etter DS «Neptun» frå 1890.
Historie
endreSkipet vart bygt ved Laxevaag Maskin & Jernskibsbyggeri i Bergen og kosta nesten 800 000 kroner[1] då det vart levert i februar 1930. [2] Skipet gjorde den første prøveturen sin på Byfjorden den 3. februar 1930.[3] Skipet gjekk inn i ruta mellom Vadsø og Hamburg.
Ein eller annan gong i november 1931 kolliderte «Neptun» med DS «Polarlys» nordpå og fekk noko skade. 18. november gjekk skipet i dokk i Laksevåg for å reparere og skifte plater i skroget.[4] Reparasjonen tok berre ein dag og 20. november drog skipet vidare til Hamburg.
11. desember 1931 gjekk skipet på grunn i snøtjukka i Magerøysundet mellom Hammerfest og Honningsvåg, i nærleiken av Risviknes fyrlykt. Skipet stod fast frå baugen til formasta, men var ikkje lekk. Midt på natta var det høg nok flo til at skipet kom seg flott på eiga hand og det kunne halde fram reisa. Det vart likevel undersøkt av dykkarar i Vardø.[5]
9. februar 1933 kom skipet nordfrå til Melbo, der det skulle laste 3 200 sekkar sildemjøl som skulle til Hamburg. Skipet vart fortøydd til to stålwirar, mellom anna i ein bolt i fjellveggen. Litt etter midnatt bles det opp til storm med snøbyer. Lastinga måtte stoppast og etter kvart rauk mellom anna fortøyinga til fjellveggen. Skipet dreidde opp og hogg mot kaien. Ei 10-toms manillatrosse vart så sett ut og festa til eit skjer, men òg denne rauk. Ute på hamna låg Ofotens Dampskibsselskab sitt DS «Barøy» på den einaste ankerplassen som fanst på staden. Stormen vart stadig verre og nærma seg orkan styrke, medan hogging mot kaien vart kraftigare og kraftigare. Store bitar av kaien fall i sjøen. Dei prøvde så å gå frå land for å ankre opp i hamna, men skipet tørna då mot «Barøy», og begge skipa fekk stor skade. «Neptun» fekk ut eit anker, men det heldt ikkje og byrja å dregge. Ein måtte derfor gå inn til kaien att, men her fortsette hogginga. Nokre sildebinger hamna på sjøen i lag med 30 fat sildeolje. Dei valde derfor å prøve oppankring ein gong til, denne gongen med meir ankerkjetting ute, og denne gangen heldt det, med skipet berre nokre famnar frå eit skjer. «Neptun» fekk fleire bulkar og rekkja var dels knekt, medan diverse wirar og manillatrosser var gått tapt.[6] Skaden på «Barøy» vart taksert til 16 000 kroner.[7]
Då tyskarane angreip Bergen den 9. april 1940, var «Neptun» blant fleire skip som var på veg til byen. Ni fartøy vart stoppa sør for Bergen av norske patruljebåtar og sende andre stader. «Neptun» vart sendt til Fanafjorden i lag med DS «Vestra» og DS «Jarl», og seinare flytta til Bjørnefjorden, der det den 12. april vart rekvirert av det norske forsvaret og fekk ordre om å gå til Hardangerfjorden. Mot slutten av månaden vart skipet og DS «Hellesund» i Ulvik for å losse noko av lasta, som hovudsakleg bestod av matvarer. Det segla bort frå området før kampane her starta. «Hellesund» vart verande i Ulvik og vart seinare kapra av tyskarane.[8]
«Neptun» gjekk så i opplag nær Varaldsøy. 13. november 1944 låg skipet ankra opp ved Sandviken i Bergen då det sokk, truleg som følgje av ein sabotasjeaksjon. Ein av mannskapet ombord var knytt til fleire ulovlege organisasjonar i motstandsrørsla, og trass i at det var tyske vakter ombord, klarte han å feste eksplosivar på babord side midtskips. Nokre timar seinare gjekk eksplosjonen av og laga eit hol i skutesida. Skipet vart flytta til grunnare vatn mellom Rieberboden nær Kristiansholm i Bergen hamn og her sokk Neptun med dekket i vasslinja. Matrosen vart seinare arrestert av Gestapo og dømd til døden, men vart redda frå avretting sidan krigen slutta.[8] «Neptun» vart heva og taua til Stamnes i Osterfjorden, der det låg i opplag resten av krigen.[8]
I 1945 vart skipet sett attende i teneste og nytta i ruta Trondheim-Bergen-Antwerpen i 1946 i lag med DS «Cygnys» og DS «Columba».
I 1948-1949 vart denne linja overteken av BDS sine nye MS «Leo» og MS «Lynx», medan «Neptun» og «Columba» vart sette inn i ruta Trondheim-Bergen-Hamburg i lag med MS «Centaurus». «Neptun» fortsette i denne linja i 1951 i lag med Nordenfjeldske Dampskibsselskab sine «DS «Orm Jarl»» og MS «Ottar Jarl». Frå 1952 vart skipet nytta i Den Norsk-Tyske Hamburglinje, ei felles rute med dei tyske selskapa Ernst Russ og A. Kirsten, der BDS nytta «Columba» og «Neptun». I 1955 tok MS «Diana», MS «Sirius» og MS «Deneb» tok over ruta til Hamburg.[8]
I juli 1956 vart skipet selt til West Indies Transport Corp. i Monrovia i Liberia og fekk namnet «Los Incas». I 1961 vart skipet selt vidare til Viaer Reyes Cia. Nav. S. A. i Panama og vart omdøypt «Eagle». I 1965 var skipet utgått av Lloyd's Register utan opplysingar i Wreck Returns, så kva lagnad skipet fekk er ukjend. Det er derimot trudd at det vart selt til bruk i filminnspelingar ved Long Beach i USA og at det vart observert der så seint som kring 1980.[8]
Skipet
endreTonnasjen til skipet var ved levering 1 574 brt, 905 nrt og lasteevna var 1 770 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 2 449 m³, der 459 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av verftet på Laksevåg. Oppgjeven yting var 900 iHk (indikerte hestekrefter) og 200 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1] Sjølv om skipet primært var eit lasteskip, kunne det ta ti passasjerar.
Skipet fekk ny radio i 1939.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 «D/S Castor». Sjøhistorie.no. Henta 29. juni 2020.
- ↑ Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 51. Henta 28. juni 2020.
- ↑ «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 3. februar 1930. s. 9. Henta 29. juni 2020.
- ↑ «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 18. november 1931. s. 9. Henta 29. juni 2020.
- ↑ «Bergenskes «Neptun» på grunn i Magerøysundet». Bergen: Bergens Tidende. 12. desember 1931. s. 5. Henta 29. juni 2020.
- ↑ «B.D.S. «Neptun» var undergangen nær i Melbo siste tur». Bergen: Bergens Tidende. 18. februar 1933. s. 5. Henta 1. august 2020.
- ↑ «Kollisjon mellom «Neptun» og «Barøy»». Bergen: Bergens Tidende. 18. februar 1933. s. 9. Henta 1. august 2020.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 «D/S Neptun». USA: Warsailors.com. Henta 1. august 2020.[daud lenkje]
- Mange av ruteskildringane er henta frå søk i arkivet til Bergens Tidende under små, korte notisar kalla «Skibsefterretninger».