Den dominikanske republikken
Den dominikanske republikken er eit land som opptek dei austlege to tredjedelane av øya Hispaniola i Karibia. I vest har landet grense til Haiti. Etter Cuba er Den dominikanske republikken er det nest største landet i Karibia, både i folketal og flatevidd. Folk frå Den dominkanske republikken blir kalla dominikanarar.
República Dominicana
(norsk: Den dominikanske republikken, dominikansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Quisqueyanos valientes» | ||||||
Motto | Spansk: Dios, patria, libertad (Gud, fedreland, fridom) | ||||||
Offisielle språk | Spansk | ||||||
Hovudstad | Santo Domingo | ||||||
Styresett |
Republikk Leonel Fernández | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
48 670 km² (129.) 1,6 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
10 734 247 (86.) 220,6 /km² (40.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Portugal 27. februar, 1844 | ||||||
Nasjonaldag | 27. februar | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
147 600 mill. USD (72.) USD (.) | ||||||
Valuta | Dominikansk peso | ||||||
Tidssone | UTC -4 | ||||||
Telefonkode | +1809 og +1829 | ||||||
Toppnivådomene | .do
|
Den dominikanske delen av Hispaniola var den første spanjolane busette seg på etter oppdaginga si av «Den nye verda», og hovudstaden Santo Domingo står på UNESCO si liste over verdsarv.[1] Landet fekk sjølvstende i 1821, etter tre hundreår med hovudsakleg spansk styre. Landet har gått gjennom lange periodar med manglande politisk stabilitet og demokrati. USA okkuperte landet frå 1916 til 1924. Diktatoren Rafael Trujillo hadde makta fram til 1961. Den påfølgjande borgarkrigen i 1965 førte til invasjon frå USA og deretter eit autoritært styre frå Joaquín Balaguer i perioden 1966–1978. Etter dette har landet vore eit partamentarisk demokrati, hovudsakleg leia av Leonel Fernández etter 1996.
Geografi
endreHispaniola er ein av Dei store Antillane. Ho er ei fjellrik øy, og republikken omfattar både den høgaste toppen i Karibia, Pico Duarte, og det lågaste punktet, innsjøen Lago de Enriquillo som ligg 44 meter under havoverflata. Mellom fjella og austdelen av landet ligg fruktbare dalar med sukkerplantasjar. I dei lågttliggande områda i sør og aust er det store, tørre savannar. Landet har naturressursar som nikkel, bauxitt, gull og sølv.
Klima
endreDen dominikanske republikken har tropisk klima og det meste av året er vêret påverka av nordaustpassaten, som gjev mykje nedbør på nordsida av fjella, medan sørsida vert liggande i regnskuggen. Delar av Cibaosletta og låglandet sør for Cordillera Central får òg lite nedbør. Om sommaren vert passatvinden austleg eller søraustleg, og gjer dermed regn òg i dei sørlege delane av landet.
Temperaturen er høg året rundt og varierer lite gjennom året. I hovudstaden Santo Domingo er middeltemperaturen for heile året 25 °C, og middeltemperaturen varierer frå 24 °C i januar og februar til 27 °C i juli-september. Hovudstaden får 1385 mm med nedbør i eit normalår og mest nedbør kjem det frå mai til november.
Den dominikanske republikken vert stundom råka av tropiske orkanar, og særleg er dei sørlege og sørvestlege områda utsett for store øydeleggingar.
Administrativ inndeling
endreDen dominikanske republikken er inndelt i eit distrikt, Distrito Nacional, og 31 provinsar:
Kjelder
endre- ↑ «Colonial City of Santo Domingo». Henta 27. februar 2009.
- Denne artikkelen bygger på «Den dominikanske republikk» frå Wikipedia på bokmål, den 19. mars 2012.
«Dominikanske republikk – klima» i Store norske leksikon, snl.no.