Den blårandute er namnet på ein springar som finst i ei rekkje variantar i Telemark, Numedal, Hallingdal og Valdres. I si mest einfelte form er den tonale oppbygginga så attkjenneleg at slåtten og skulle kunne finnast som springleik eller pols i flatfeledistrikta. Slåtten er elles kalla Skrøviken i Valdres. På same vis som Nordfjordingen har denne slåtten og vore bygd ut til ei storform i Telemark, men motsett Nordfjordingen finst denne opphavleg ikkje på Vestlandet.

Opphavet til namnet endre

Namnet Den blårandute skriv seg frå Rauland, og slåtten skal vera kalla slik av Aslak Berge, eldste son av Rikard Aslaksson Berge. Rikard Berge gav att soga slik:

Den Blaarendute er ein springar, helst ein som er umdikta og utfyllt av Myllaren. Han fekk namnet sitt soleis: Myllaren spela han tidt på Berge på Rauland. Aslak vesle, son hans Rikard, laag paa kne inn-med Myllaren og einlydde og nidglodde paa spelemannen. Myllaren gaadde det. ”Ja, dæ bli spelemann”, sa han. Guten vart au spelemann, men ikkje anna ein maateleg bygdespelemann. Aslak vilde jamt hava syster si til aa tulle den Myllarslaatten upp-att og upp-att. ”Tulle no den blaarendute, Tòrbjør!” bad han; og so laut ho tulle. Sidan kalla dei slaatten "den blaarendute". (Berge: Myllarguten – Gibøen). Aslak har vel tott slåtten hadde blåe render i seg.

Elles finst slåtten under mange namn: Ljost blått (Bø), Fuglesongen (Krødsherad), Gjertrud Sund (Sigdal), eller Rustemannen (Hallingdal). Det er rimeleg å tenkje seg at denne slåtten og har opphav i Buskerud, anten i Krødsherad eller Flesberg.

Variantgruppa endre

Hardingfeleverket har slåttegruppa under nr 520. Variant a, d og e har noko annleis utforming enn dei andre, som elles følgjer same lesten.

  • a: Springar, etter Eivind Groven. Nedskriven 1944 (G 429) [1][daud lenkje]. Groven kunne ikkje hugse kvar han hadde denne frå. Melodisk skil denne forma seg frå dei andre. I 1944 var Groven i Heddal, og forma er nærskyldt dei to formene frå Tuddal og Tinn. Han kan ha fanga opp slåtten tilfelleleg i Nordbygda i Heddal.
  • i: Springar, etter Jens A. Myro, Ål [9][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1972 (G 1912). Noko friare melodisk utforming enn den førre.