Grensa mellom England og Skottland

(Omdirigert frå Den skotsk-engelske grensa)

Grensa mellom England og Skottland er ei grense på 154 km som skil Skottland og England. Ho går frå Marshall Meadows Bay i aust til Solway Firth i vest. Områda rundt grensa blir av og til omtalte som «The Borderlands».[1]

Grensa avmerkt på øya Storbritannia.

Firth of Forth danna grensa mellom det piktisk-gæliske kongeriket Alba og det angliske kongeriket Northumbria tidleg på 900-talet. Ho blei grense mellom England og Skottland då Northumbria blei annektert av angelsaksiske England på midten av 900-talet. I 973 møtte Kenneth II av Skottland den engelske kongen Edgar the Peaceful ved rådet hans i Chester. Etter at Kenneth etter seiande viste respekt til Edgar, gav den engelske kongen han området Lothian.[2] Trass i denne hendinga blei ikkje herredømet over Lothian heilt fastsett. Regionen blei teken av skottane ved slaget ved Carham i 1018, og Tweed blei de facto grenseelv mellom England og Skottland. Solway–Tweed-linja blei juridisk etablert som grense i 1237 gjennom Traktaten i York mellom England og Scotland.[3] Denne er blitt verande grense til i dag, med unntak av dei såkalla Debatable Lands nord for Carlisle og eit lite område rundt Berwick-upon-Tweed, som blei teke av England i 1482. Berwick blei ikkje heilt annektert av England før i 1746, med loven Wales and Berwick Act 1746.[4]

I fleire hundreår, fram til unionen av kronene i dei to landa, var områda på kvar side av grensa eit lovlaust territorium som lei under gjentatte raid i kvar retning utførte av såkalla Border Reivers. Etter unionstraktaten i 1706, ratifisert ved unionslovene i 1707, som sameinte Skottland med England og Wales til Kongeriket Storbritannia, har grensa markert skiljet mellom to juridiske system, ettersom traktaten mellom England og Skottland garanterte eit framhald i skiljet mellom engelsk lov og skotsk lov.[5] Sidan ekteskapsalderen i England frå 1753 var høgare enn i Skottland utan løyve frå foreldra, var det mange engelske par som kryssa grensa for å gifta seg i Skottland. Grensebusetnadane Gretna Green i vest og Coldstream og Lamberton i aust blei mykje nytta av par frå England som ønska å gifta seg under skotsk lov, og utan lysing.

Den marine grensa mellom landa blei justert via Scottish Adjacent Waters Boundaries Order 1999, slik at grensa inna territorialfarvatnet (opp til grensa på 12 mile (19 km)) går 90 meter (300 ft) nord for grensa for oljeinstallasjonar etablerte via Civil Jurisdiction (Offshore Activities) Order 1987.[6]

Historie

endre
 
Historisk kart over grensa

Grenseområdet, historisk kjent som Scottish Marches, ligg på begge sider av grensa og omfattar delar av dei moderne administrasjonsområda Dumfries and Galloway og Scottish Borders i Skottland, og delar av Cumbria og Northumberland i England. Det er eit åslendt område med dei skotske Southern Uplands i nord og Cheviot Hills som grenseåsar i sør. Frå den normanniske erobringa av England og til kong Jakob VI av Skottland, som også blei kong Jakob I av England, var det vanleg med uro i grenseområda. Begge landa let den skotske Earl of March og Lord Warden of the Marches verna om og kontrollera grenseområdet.

Kontroversielle område

endre

Debatable Lands

endre
 
Scots' Dike

Dei såkalla Debatable Lands ligg mellom Skottland og England nord for Carlisle.[7] Den største busetnaden i dette området er Canonbie.[8] I over tre hundre år var området kontrollert av lokale klanar, som Armstrong-klanen, som stod imot alle forsøk frå dei skotske og engelske styresmaktene på å styra over det.[9] I 1552 kom kommissjonærar saman for å dela landet. Douglas av Drumlanrigg var leiar for skottane, og lord Wharton for engelskmennene. Den franske ambassadøren var nøytral møteleiar. Scots' Dike blei bygd som ei ny grensemarkering, og det blei reist steinar med riksvåpena til England og Skottland på.[10][11]

Berwick-upon-Tweed

endre

Grensebyen Berwick er kjend for å ha ei omstridd soge kring spørsmålet om han skulle høyra til Skottland eller England.[12] Berwickshire ligg i Skottland, medan byen no ligg i England. I tidlegmellomalderen var både Berwick og landområda nordover til Firth of Forth del av Kongeriket Northumbria.[13] Byen bytta hand over eit dusin gonger før han endeleg blei teken av England i 1482, men forvirringa fortsette i fleire tiår. Wales and Berwick Act 1746 klargjorde stillinga til Berwick som ein engelsk by. I 1950-åra flytta kunstnaren Wendy Wood grenseskilta til sørbreidd av Tweed som ein protestaksjon.[14] I 2008 SNP sa den skotske parlamenstmedlemmen Christine Grahame i Det skotske parlamentet at Berwick burde bli skotsk att.[15] Den britiske parlamentsmedlemmen for Berwick, Anne-Marie Trevelyan, stod imot ei slik endring, og sa: «Voters in Berwick-upon-Tweed do not believe it is whether they are in England or Scotland that is important.»[16]

Ba Green

endre

Ved elva Tweed går grensa i midten av elva. Mellom landsbyane Wark og Cornhill går derimot grensa på sørsida av elva og omsluttar ei lita elveeng på rundt 2 -3 acre (omtrent ein hektar). Dette landområdet blir kalla Ba Green. På staden blir det sagt at kvart år pleidde menn frå Coldstream (nord for elva) å spella mobb-fotball med menn frå Wark (på sørsida av elva) på Ba, og vinnarsida gjorde krav på Ba Green for sitt land. Etterkvart som Coldstream voks til og fekk mange fleire innbyggjarar enn Wark, blei Coldstream alltid vinnaren av kampen, og området blei permanent del av Skottland.[17][18][19]

Hadrianmuren

endre
 
Hadrian's Wall nær Greenhead

Det er ei utbreidd misforståing at Hadrianmuren markerer grensa mellom England og Skottland. Heile denne muren ligg i England, og han har aldri utgjort grensa mellom desse to landa.[20][21] Medan han ligg mindre enn 0,6 mile (1,0 km) sør for den skotske grensa i vest ved Bowness-on-Solway, ligg han så mykje som 68 mile (109 km) unna i aust.

I fleire hundreår var muren grense mellom den romerske provinsen Britannia i sør og det keltiske området Caledonia i nord. Britannia kunne likevel tidvis strekka seg så langt nord som den antoninske muren. Det ville vera anakronistisk å snakka om England og Skottland før 900-talet; desse nasjonane fanst ikkje på romartida.

«Hadrian's Wall» eller Hadrianmuren blir likevel ofte brukt som ein uformell måte å visa til den moderne grensa på, ofte halvhumoristisk.

Migrasjon

endre

Cumbria og Northumberland har nokre av dei største skotskfødde gruppene i verda utanfor Skottland. I 2001 budde det 16 628 skotskfødde folk i Cumbria (3,41 % av innbyggjarane) og 11 435 skotskfødde folk i Northumberland (3,72 % av innbyggjarane). I heile England budde det 1,62 % skotskfødde folk.[22]

Kjelder

endre
  1. «£450 million Borderlands Growth Deal now underway». GOV.UK (på engelsk). Henta 2. april 2021. 
  2. Rollason, David W. (2003). Northumbria, 500 – 1100: Creation and Destruction of a Kingdom. Cambridge University Press. s. 275. ISBN 0521813352. 
  3. «Scotland Conquered, 1174-1296». The National Archives. Henta 19 May 2012. 
  4. Blackstone, William; Stewart, James (1839). The rights of persons, according to the text of Blackstone. Edmund Spettigue. s. 92. 
  5. Collier, J.G. (2001). Conflict of Laws (PDF). Cambridge: Cambridge University Press. s. 6. ISBN 0-521-78260-0. «For the purposes of the English conflict of laws, every country in the world which is not part of England and Wales is a foreign country and its foreign laws. This means that not only totally foreign independent countries such as France and Russia... are foreign countries but also British Colonies such as the Falkland Islands. Moreover, the other parts of the United Kingdom—Scotland and Northern Ireland—are foreign countries for present purposes, as are the other British Islands, the Isle of Man, Jersey, and Guernsey 
  6. Scottish Parliament Official Report 26 April 2000[daud lenkje]. Retrieved 19 May 2012.
  7. The County Histories of Scotland, Volume 5. Scotland: W. Blackwood and Sons. 1896. s. 160–162. Henta 3 December 2018. 
  8. Dan O'Sullivan (2016). The Reluctant Ambassador: The Life and Times of Sir Thomas Chaloner, Tudor Diplomat. Amberley Publishing Limited. ISBN 9781445651651. Henta 8 May 2018. 
  9. The History of Liddesdale, Eskdale, Ewesdale, Wauchopedale and the ..., Volume 1 By Robert Bruce Armstrong pp. 181–2
  10. «Debatable Land». www.geog.port.ac.uk. 
  11. «A short history of the Debatable Lands and Border Reivers». www.scotsman.com. 
  12. New Statesman. 11 Sep 2014. The Scottish referendum means Berwick-upon-Tweed faces an uncertain future. Retrieved 2 December 2018.
  13. Kerr, Rachel (8 October 2004). «A tale of one town». BBC News. Henta 13 April 2007. 
  14. «Swapping sides: the English town that wants to be Scottish». The Independent. 13 February 2008. Arkivert frå originalen 6 July 2008. Henta 31 December 2009. «It was Berwick which became the focal point for the direct action of one of the first modern Scottish nationalists, Wendy Wood in the 1950s. Controversially...she was regularly arrested for moving the border signs over the Tweed.» 
  15. «'Return to fold' call for Berwick». BBC News. 10 February 2008. Henta 17 July 2008. 
  16. «Berwick-upon-Tweed: English or Scottish?». BBC News. 1 May 2010. 
  17. Crofton, Ian (2012). A dictionary of Scottish phrase and fable. Edinburgh: Birlinn. s. 25. ISBN 9781841589770. 
  18. Moffat, Alistair (1. juli 2011). The Reivers: The Story of the Border Reivers (på engelsk). Birlinn. ISBN 9780857901156. 
  19. «(Showing Scottish border south of the Tweed) - Berwickshire Sheet XXIX.SW (includes: Coldstream) -». National Library of Scotland (på engelsk). Henta 30. juni 2018. 
  20. English Heritage. 30 Surprising Facts About Hadrian's Wall Retrieved 18 March 2017.
  21. Financial Times. Borders held dear to English and Scots Retrieved 18 March 2017.
  22. «Neighbourhood Statistics Home Page». Office for National Statistics. Arkivert frå originalen 31. desember 2008. Henta 19 May 2012. 

Bibliografi

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Grensa mellom England og Skottland
  • Aird, W.M. (1997) "Northern England or southern Scotland? The Anglo-Scottish border in the eleventh and twelfth centuries and the problem of perspective" In: Appleby, J.C. and Dalton, P. (Eds) Government, religion and society in Northern England 1000-1700, Stroud : Sutton, ISBN 0-7509-1057-7, p. 27–39
  • Crofton, Ian (2014) Walking the Border: A Journey Between Scotland and England, Birlinn
  • Readman, Paul (2014). «Living a British Borderland: Northumberland and the Scottish Borders in the Long Nineteenth Century». Borderlands in World History, 1700–1914 (på engelsk). Palgrave Macmillan UK. s. 169–191. ISBN 978-1-137-32058-2. 
  • Robb, Graham (2018) The Debatable Land: The Lost World Between Scotland and England, Picador
  • Robson, Eric (2006) The Border Line, Frances Lincoln Ltd.