Dolomitt
(Omdirigert frå Dolomittstein)
Dolomitt er eit karbonatmineral som består av kalsium magnesiumkarbonat CaMg(CO3)2. Ordet dolomitt vert òg nytta til å skildre sedimentær karbonatbergart, som hovudsakleg består av mineralet dolomitt (òg kalla dolomittstein).
Dolomitt | |||
Dolomitt og magnesitt – Spania | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Karbonatmineral | ||
Kjemisk formel | (CaMg)(CO3)2 | ||
Strunz-klassifisering | 05.AB.10 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal romboedrisk, 3 | ||
Einingscelle | a = 4.8012(1) Å, c = 16.002 Å; Z = 3 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kvit, grå til rosa | ||
Krystallform | Søyleforma krystallar, ofte med boga flater, òg skiveforma, stalkittisk, korna, massiv. | ||
Krystallsystem | Trigonal | ||
Tvilling | Vanleg som enkle kontakttvillingar | ||
Kløyv | perfekt på {1011}, romboedrisk kløyv | ||
Brot | Muslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 3,5 til 4 | ||
Glans | glasaktig til perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Spesifikk vekt | 2,84–2,86 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1,679–1,681 nε = 1,500 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,179–0,181 | ||
Oppløyselegheit | Dårleg oppløyseleg i fortynna HCl | ||
Andre eigenskapar | Kan fluoresce kvitt til rosa under UV; triboluminescens. | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Det har stor likskap med kalsitt (kalkspat), men kan skiljast frå dette ved at det ikkje brusar i kald, fortynna saltsyre.
Mineralet har namn etter Dolomittane, der det opptrer i store mengder. I Noreg finst det større førekomstar av dolomittbergartar i Nord-Noreg, som Salten, Rana og Porsanger. Det vert henta ut dolomittstein i Sørfold, Fauske, Vefsn og Ballangen er i drift og sysselset om lag 50 personar. Årsproduksjonen av dolomittstein i Noreg ligg på 900 000–1 mill. tonn
Kjelder
endre- Raade, Gunnar. (8. desember 2012). Dolomitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ Deer, W. A., R. A. Howie and J. Zussman (1966) An Introduction til the Rock Forming Minerals, Longman, s. 489–493. ISBN 0-582-44210-9.
- ↑ Dolomite. Handbook of Mineralogi. (PDF) . Retrieved on 2011-10-10.
- ↑ Dolomite. Webmineral. Retrieved on 2011-10-10.
- ↑ Dolomite. Mindat.org. Retrieved on 2011-10-10.