Narkotika

juridisk terminologi
(Omdirigert frå Dop)

Narkotika[a] er eit juridisk fellesnamn for illegale rusmiddel, også kjent som ulovlege rusmiddel. Det vert definert som ulovlege, rusgivande substansar.[3] Kva rusmiddel som vert kategoriserte under narkotikaomgrepet og om desse kan gi straffereaksjonar ved bruk og besittelse varierer mellom land.[4][5]

Cannabis er det mest brukte illegale rusmiddelet.[1] I 2023 opplyste Statistisk sentralbyrå at 28 prosent av befolkninga i Noreg 16–64 år hadde prøvd cannabis.[2]

Ettersom «narkotika» er ei fellesnemning for alle illegale rusmiddel, omfattar omgrepet middel med svært ulik farmakologisk verknad. Rusmiddel kan delast inn i underkategoriane euforiserande, døyvande, sentralstimulerande og psykedeliske middel.

Aukande og skadeleg bruk av rusmiddel frå siste halvdel av 1800-talet førte til at det på byrjinga av 1900-talet vart innført ei narkotikalovgiving – forbod og straff mot rekreasjonell rusmiddelbruk, altså berre medisinsk bruk skulle vera tillate. Dei første rusmidla som vart kriminaliserte var opiat og kokain,[6] forbodet vart seinare utvida til dei fleste rusmiddel med unntak av koffein, nikotin og alkohol.[b]

Ei liberalisering av rusmiddelpolitikken byrja mot slutten av 1900-talet og er pågåande på 2000-talet. Dei mest omtalte døma er Nederland som avkriminaliserte cannabis i 1976,[10] og Portugal som i 2001 vart det første europeiske landet til å avkriminalisera bruk og innehaving av alle rusmiddel, og dessutan gi tilbod om helsebehandling til personar med rusmiddelavhengnad utan å gi dei straffereaksjonar.[11][12]

Etymologi og omgrepsutvikling endre

 
Ei flaske med heroin produsert av det tyske selskapet Bayer, frå 1920-åra.

Omgrepet stammar frå det greske ordet narkotikos, som betyr «døsande» eller «bedøvande».[13] Ordet vart opphavleg brukt om middel som kan gi narkosis, «djup søvn». I medisinsk betydning vart narkotika først brukt om opium; tørka plantesaft frå opiumsvalmuen (Papaver somniferum).[3]

Aukande og skadeleg bruk av opiat[c] frå siste halvdel av 1800-talet førte til motreaksjonar i fleire land; berre medisinsk bruk skulle vera tillate. Frå byrjinga av 1900-talet vart det innført ei narkotikalovgiving i ei rekkje land. Kokain vart inkludert i narkotikalovgivinga då det til liks med opiat hadde vorte eit aukande problem. Kokain er eit sentralstimulerande middel framstilt frå kokaplanten (Erythroxylon coca);[14] det minskar trøyttleik, og gjev ei kortvarig kjensle av energi og glede.[15] Seinare vart også bruk av andre rusmiddel, mellom anna cannabis, omfatta av lovgivinga.[3]

Omgrepet narkotika utvikla seg frå å vera ei nemning om middel med ein bestemd verknad til å definera alle forbodne rusmiddel.[16][3] Den utvida betydninga gjer at omgrepet no omfattar middel med svært ulik verknad og er rekna som upresist frå eit farmakologisk synspunkt.[4][17]

Lovgiving i Noreg endre

Kva for nokre rusmiddel som er illegale i Noreg vert regulerte gjennom Narkotikalista til Legemiddelverket.[18] Denne lista omfattar tradisjonelle rusmiddel, men inneheld også ei rekkje rusgivande legemiddel.[5] Desse legemidla er lovlege dersom dei vert tekne i medisinsk intensjon, som anbefalt av lege, og vert ikkje då rekna som narkotika – legemidla vert derimot ulovlege og vert rekna som narkotika dersom dei ikkje vert tekne i medisinsk intensjon slik anbefalt av lege.[3]

Noreg fekk sitt første forbod mot rusmiddel i 1913 då Stortinget vedtok opiumslova; lova mot inn- og utførsel av opium. Den hadde liten praktisk betydning ettersom både opiat og kokain allereie var underlagt reseptplikt i Noreg. Lova vart rekna som eit uttrykk for internasjonal solidaritet med Haagkonvensjonen frå 1912, og innehalde inga straffeføresegn.[6]

Rusreforma 2021 endre

 
Ane Breivik (V) heldt ein appell framfor Stortinget på rusreformdagen i 2022.

Rusreforma er ei reform som vart lagd fram av Solberg si regjering den 19. februar 2021.[19] Reformforslaget innebar at bruk og innehaving av mindre mengder narkotika til eige bruk ikkje lenger skulle vera straffbart. Sal av narkotika skulle derimot framleis vera straffbart, altså berre ei avkriminalisering av mindre mengder narkotika til eige bruk.[20] Eit mindretal på Stortinget (43,8 %) stemde for rusreforma, og eit fleirtal (56,2 %) stemde imot. Forslaget gjekk dermed ikkje gjennom.[21]

Sjølv om fleirtalet ikkje gjekk inn for ei generell avkriminalisering av omgang med mindre mengder narkotika til eige bruk, var det derimot tverrpolitisk semje om at det er lite formålstenleg å straffa tungt rusmiddelavhengige for slike regelbrot. Riksadvokaten i Noreg, Jørn Sigurd Maurud, skreiv i samband med dette våren 2022 nye retningslinjer for behandling av saker som gjeld rusmiddelavhengige hopehavet sitt med narkotika til eige bruk. Det har vorte beskrive som ein «de facto avkriminalisering» av Høgre-politikar Sveinung Stensland.[22]

Støtte for avkriminalisering endre

Politisk parti Stemme
Raudt (R) Ja
Sosialistisk Venstreparti (SV) Ja
Arbeidarpartiet (Ap) Delvis
Senterpartiet (SP) Delvis
Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) Ja
Pasientfokus Nei
Kristeleg Folkeparti (KrF) Delvis
Venstre (V) Ja
Høgre (H) Ja
Framstegspartiet (FrP) Nei

     Berre avkriminalisering for tungt rusmiddelavhengige

Nokre rusmiddel rekna som narkotika i Noreg endre

Merknadar endre

  1. Narkotika er fleirtalsform; narkotikum er eintalsform. Orda er av gresk opphav.
  2. Det vart innført eit kortvarig forbod mot alkohol i fleire nasjonar i 1910- og 1920-åra.[7] Brennevinsforbodet i Noreg varte frå 1916 til 1927. Det vart oppheva etter ei folkeavstemming året før.[8][9]
  3. Opiat er kjemisk nærskylde samband (opioid) som finst i eller er syntetisert frå morfinliknande plantealkaloid i opiumsvalmuen.

Kjelder endre

Referansar endre

Kjeldeliste endre

Bakgrunnsstoff endre