Denne artikkelen handlar om området i Norskehavet. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå egg (fleirtyding).

Egga er skråningen frå kontinentalsokkelen ned mot djuphavsområdet av Norskehavet.

Egga er vist på dette kartet av Norskehavet. Legg merke til at kontinentalsokkelen til Grønland passer saman med Egga.
Det vert fiska etter uer på Eggakanten.

Han dannar ytterkanten av fiskebankene fra Stad og nordaustover til Andenes. Her svingar han rett nordover og går på vestsida av Sveinsgrunnen, Malangsgrunnen og Tromsøflaket. Egga går vidare nordover på vestsida av Bjørnøya og Spitsbergen og utgjer ei grense mellom Norskehavet og det grunne Barentshavet.

Avstanden til kysten varierer. Utanfor Sunnmøre ligg han ca. 70 km frå land og vert kalla Storegga. Lenger nord er avstanden til kysten større, til dømes 280 km ved Vikna. Ved Andøya er Egga særs nær land og dannar Bleikdjupet, som berre er 7 km frå land. Inn- og utbuktingane passer akkurat saman med forma på kontinentalsokkelen til Grønland, noko som syner Noreg og Grønland ein gong hang saman.

Egga har stor biologisk produksjon og høgt biologisk mangfald med stor konsentrasjon av mange fiske- og sjøfuglarter, og mange kaldtvasskorallrev. Kystvatn og atlantisk vatn møtes her og fører til stor omrøyring av vassmassar og større biologisk produksjon, i tillegg til stor førekomst av dyreplankton og pelagisk stimfisk.

Sjøfugl nyttiggjer seg denne høge produksjonen, og eggakanten er eit viktig beiteområde for spesielt alkefuglar og pelagiske arter som havhest og krykkje. Den store konsentrasjonen av dyreplankton gjer området til eit viktig næringsområde for bardekvalar, og området er særskild viktig for finnkval i sør og blåkval vest og nord av Svalbard. Det er òg viktige gyteområde for djupvassartar som vanleg uer, snabeluer, blåkveite og vassild i ulike delar av området.

Eggafisket er eit tradisjonelt linefiske som vert drive langs Egga i perioden april–august. Det vert fiska etter torsk, brosme, lange, kveite og uer.

Under siste glasiale maksimum gjekk innlandsisen heilt ut på Egga, og det vert avsett enorme mengder sediment. I desse massane har det gått store ras, som Andøyaraset, Trænadjupraset, og det mest kjente og største, Storeggaraset.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre