Ekstremvêret Ask

Ask er eit varsla ekstremvêr utstedt 24. januar 2010 for Nordland, Troms og Finnmark. Åsaka er venta kraftig vind, opp mot sterk storm (30 m/s), 26. januar.

Dette var det første ekstremvêret i 2010 og det første sidan Yngve i desember 2008. Det var ingen ekstremvêr i 2009, som var første året utan ekstremvêr sidan Meteorologisk Institutt starta ekstremvêrvarslinga i 1994.

Vêrsituasjonen endre

Eit høgtrykksområde strekte seg frå Vest-Russland, over Sør-Skandinavia til Dei britiske øyane. Dette pressa lågtrykka frå Atlanterhavet i ein nordaustleg bane mot Island og vidare mot Barentshavet. Som under ekstremvêret Narve var det ikkje lågtrykket i seg sjølv som var særskild kraftig, det hadde berre eit trykk på kring 975-980 hPa. Høgtrykket hadde derimot eit trykk på kring 1040-1045 og den store trykkskilnaden mellom dei to systema på kring 60 hPa førte til at mykje luft skulle mellom dei på ein gong. Dette gav kraftig vind over store område. I motsetnad til Narve, som òg førte med seg særs kald luft frå Sibir, var lufta denne gongen mild og førte til regnvêr i lågareliggande strøk.

Verknad endre

Stormen vart ein del svakare enn venta og berre eit fåtal stader målte vind opp i full storm. Ein fjelltopp på Andøya, målte riktig nok sterk storm. Vinden medførte enkelte materielle skadar, og tak vart rive av hus i Kasfjord utanfor Harstad, i Lofoten og på Senja.[1]

Fleire hurtigbåtruter i Nordland vart kansellerte på grunn av kraftig vind.[1]

I Finnmark vart det meldt om enkelte båtar som hadde slite seg frå fortøyningane og i Kjøllefjord om lause takstein. Elles vart fleire vegar stengde medan uvêret stod på.[1]

Meteorologane fekk i ettertid kritikk for å ha gått for breitt ut med dette ekstremvarslet.[2]

Vind endre

Stasjon Middelvind
(m/s)
Vindkast
(m/s)
Andøya - Trolltinden 31,4 44,4
Hasvik - Sluskfjellet 27,2 -
Makkaur fyr 26,3 32,0
Vardø 25,8 31,3
Myken 25,6 32,3
Kråkenes fyr 25,3 31,8
Helligvær 25,1 30,1

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 ««Ask» herjet fra seg i nord». 27. januar 2010. Henta 27. januar 2010. 
  2. NRK: Meteorologene tar slevkritikk