Springaren Folkedalen er rekna som ein opphavleg vestlandsspringar. Namnet skriv seg frå soelemannen Ole Sekse, som budde på garden Folkedal i Hardanger. Slåtten vart henta til Telemark av Myllarguten, som råka på Ole Sekse og lærte slåtten av han. I Telemark er slåtten og kjend under namna Sauaren, Veneflamma eller Guro Lomodden. Tradisjonslina for slåtten i Telemark ser ut til å ha følgt Halvor Sagafossen og Lars Fykerud.

Kvedaren Aslak Brekke hadde det mest kjende stevet til Folkedalen:

Hu, som det romlar seg i meg,
det tomlar seg i meg
det somlar seg i meg.
Eg æ visst full av kattungar eg
av bikkjungar eg.

Variantgruppa endre

Hardingfeleverket har katalogisert slåtten med variantar under nr 498 (band VI).