The Mothers of Invention var eit amerikansk rockeband frå California som fungerte som akkompagnement for Frank Zappa, ein sjølvopplært komponist og artist som med mange musikalske inspirasjonskjelder skapte musikk som ofte var umogeleg å kategorisere. Musikken deira er markert av eksperimentering, nyskapande plateomslag og utførlege konsertar.

The Mothers of Invention

The Grandmothers, består av tidlegare medlemmar i Mothers of Invention, i 2000.
AliasThe Mothers
Frank Zappa and The Mothers
Frank Zappa and The Mothers of Invention
Aktiv1964-1969, 1970-1971, 1972, 1973-1975
SjangerEksperimentell rock, progressiv rock, komedierock, psykedelisk rock, jazzfusion, avantgarde
Tilknytte artistarCanned Heat, Little Feat, The Turtles, Ruben and the Jets, Flo & Eddie, Captain Beefheart
PlateselskapVerve, Reprise, Bizarre, DiscReet

Dei starta opphavleg som eit R&B-band kalla The Soul Giants, og med i dette bandet spelte Ray Collins, David Coronado, Ray Hunt, Roy Estrada og Jimmy Carl Black. Zappa vart bede om å ta over som gitarist i bandet etter ein krangel mellom Collins og den opphavlege gitaristen. Zappa insisterte på at dei skulle spele originale songar og at dei endra namn til The Mothers. Bandet vart starta i 1964 og vart populære i undergrunnsmiljøet i California på slutten av 1960-åra. Leia av Zappa fekk dei kontrakt med Verve Records og gav ut debutalbumet Freak Out! (1966), med ei besetning som bestod av Zappa, Collins, Black, Estrada og Elliot Ingber.

Med Zappa som leiar vart det mange utskiftingar i bandet, som gav ut ei rekkje kritikarroste album, som Absolutely Free, We're Only in It for the Money ogUncle Meat, før dei vart oppløyst av Zappa i 1969. I 1970 danna Zappa ei ny besetning av The Mothers som omfatta Ian Underwood, Jeff Simmons, George Duke, Aynsley Dunbar og songarane Mark Volman og Howard Kaylan, som tidlegare hadde sunge i The Turtles, og som kalla seg The Phlorescent Leech & Eddie av kontraktsårsaker. Seinare spelte eit anna tidlegare Turtle-medlem, bassisten Jim Pons, i denne besetninga, som vart fram til slutten av 1971, då Zappa vart hardt skadd av eit publikumsmedlem under ein konsert.

Zappa fokusert på storband og orkestermusikk medan han kom seg frå skadane, og danna seinare den siste besetninga med the Mothers i 1973, som omfatta Jean-Luc Ponty, Ralph Humphrey, Sal Marquez, George Duke, Tom og Bruce Fowler og Ruth og Ian Underwood. Det siste albumet med the Mothers som akkompagnement var, Bongo Fury (1975), med gitaristen Denny Walley og trommeslagaren Terry Bozzio, som heldt fram å spele med Zappa på andre album.

Medlemmar

endre

  • Frank Zappa – bandleiar, gitar, vokal, stundom klaverinstrument, bass og perkusjon (1964-august 1969, mai 1970-desember 1971, april 1972-mai 1972, februar 1973-mai 1975; døydde 1993)
  • Jimmy Carl Black – trommer, perkusjon, vokal (1964-august 1969; døydde 2008)
  • Roy Estrada – bass, vokal (1964-august 1969)
  • Ray Collins – vokal, perkusjon, munnspel, gitar (1964-tidleg 1967, september 1967-august 1968, mai 1970; døydde 2012)
  • Van Dyke Parks – klaverinstrument (1965)
  • Henry Vestine – gitar (november 1965-januar 1966; døydde 1997)
  • Elliot Ingber – gitar (mars 1966-juli 1966)
  • Billy Mundi – trommer, perkusjon, vokal (september 1966-desember 1967, mai 1970)
  • Don Preston – klaverinstrument, synthesizer (oktober 1966-august 1969, mai 1970, august 1971-desember 1971, april 1972-mai 1972, april 1974-mai 1974)
  • Bunk Gardner – treblåseinstrument (oktober 1966-august 1969)
  • Jim Fielder – gitar, piano (november 1966-februar 1967)
  • Ian Underwood – treblåseinstrument, klaverinstrument, synthesizer, gitar, vokal (juli 1967-august 1969, mai 1970-desember 1971, februar 1973-september 1973)
  • Euclid James "Motorhead" Sherwood – barytonsaksofon, sopransaksofon, tenorsaksofon, tamburin, vokal, gitar (september 1967-august 1969, mai 1970; døydde 2011)
  • Art Tripp – trommer, perkusjon, pauker, vibrafon, marimba, xylofon, treblokker, bjøller, småklokker (desember 1967-august 1969)
  • Lowell George – gitar, vokal (november 1968-mai 1969; døydde 1979)
  • Buzz Gardner – trompet, flygelhorn (november 1968-august 1969; døydde 2004)
  • Aynsley Dunbar – trommer, perkusjon (mai 1970-desember 1971, april 1972-mai 1972)
  • Jeff Simmons – bass, gitar, vokal, munnspel (mai 1970-januar 1971, februar 1974-juli 1974)
  • George Duke – klaverinstrument, vokal, synthesizer, trombone (mai 1970-desember 1970, april 1972-mai 1972, februar 1973-mai 1975; døydde 2013)
  • Howard Kaylan («Eddie») – vokal (juni 1970-desember 1971)
  • Mark Volman ("Flo", "The Phlorescent Leach") – vokal (juni 1970-desember 1971)
  • Jim Pons – bass, vokal (februar 1971-desember 1971)
  • Bob Harris – klaverinstrument, vokal (mai 1971–juli 1971; døydde 1993)
  • Sal Marquez – trompet, vokal, blåseinstrument, bass (april 1972-mai 1972, mars 1973-juli 1973)

  • Mike Altschul – treblåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Bill Byers – trombone (april 1972-mai 1972)
  • Joanne Caldwell – vokal, blåseinstrument, treblåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Alex Dmochowski ("Erroneous") – bass (april 1972-mai 1972)
  • Earl Dumler – treblåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Tony Duran – gitar, slidegitar (april 1972-mai 1972; døydde 2011)
  • Alan Estes – perkusjon (april 1972-mai 1972)
  • Fred Jackson – treblåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Malcolm McNabb – trombone, horn, trompet (april 1972-mai 1972)
  • Janet Neville-Ferguson – vokal (april 1972-mai 1972)
  • Tony "Bat Man" Ortega – treblåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Joel Peskin – saksofon, treblåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Johnny Rotella – treblåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Ken Shroyer – trombone, blåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Ernie Tack – blåseinstrument (april 1972-mai 1972)
  • Lauren Wood ("Chunky") – vokal (april 1972-mai 1972)
  • Bob Zimmitti – perkusjon (april 1972-mai 1972)
  • Tom Fowler – bass (februar 1973-mai 1975)
  • Bruce Fowler – trombone, vokal (februar 1973-mai 1974, april–mai 1975)
  • Ralph Humphrey[1] – trommer, perkusjon (februar 1973-mai 1974)
  • Ruth Underwood – marimba, vibrafon, xylofon, perkusjon (februar 1973-mars 1974, juli 1974-desember 1974)
  • Jean-Luc Ponty – fiolin(februar 1973–september 1973)
  • Ricky Lancelotti – vokal (mars 1973; døydde 1980)
  • Kin Vassy – vokal (april 1973-mai 1973; døydde 1994)
  • Napoleon Murphy Brock – tenorsaksofon, fløyte, vokal (oktober 1973-mai 1975)
  • Chester Thompson – trommer, perkusjon (oktober 1973-mars 1975)
  • Walt Fowler – trompet (april 1974-mai 1974)
  • Terry Bozzio – trommer, perkusjon (april 1975-mai 1975)
  • Captain Beefheart (Don Van Vliet) – vokal, munnspel, sopransaksofon (april 1975-mai 1975; døydde 2010)
  • Denny Walley – slidegitar, vokal (april 1975-mai 1975)

Tidslinje

endre

Diskografi

endre
For meir om dette emnet, sjå diskografien til Frank Zappa.

Kjelder

endre
  1. Drummerworld.com editors and L.A. Music Academy. «Ralph Humphrey's page on Drummerworld». Drummerworld.com. Henta april 11, 2013. 

Bakgrunnsstoff

endre