Fribyar for forfattarar og kulturarbeidarar

Fribyar for forfattarar og kulturarbeidarar er byar som har påtatt seg å vere vertskap for slike forfølgde personar i opptil to år. Dei fleste fribyar er tilknytte den internasjonale organisasjonen ICORN, International Cities of Refuge Network, som organiserer ordninga og godkjenner forfattarane.

Fribyar for forfattarar og kulturarbeidarar, heretter kalla fribyar, er stadar der forfattar og kulturarbeidarar kan få innvilga eit tidsbestemt opphold samstundes som ein får eit arbeidsstipend.

For at ein person skal komma inn under fribyordninga, må han vera trua eller forfølgd i heimlandet.[1] Etter kvart har også filmskaparar, bloggarar, biletekunstnarar og musikarar blitt innlemma i ordninga.[1]

Ein person som er forfølgd kan søkja om hjelp frå organisasjonen ICORN.[1] Så undersøker PEN International kor mykje personen treng vern.[1] Den einskilde fribyen avgjer kva for av dei godkjende søkarane som skal inviterast den neste fribyforfattaren til byen.[1]

Den første fribyen i Noreg for forfattarar var Stavanger. Noreg har eller har hatt fribyforfattarar frå mellom anna Benin[2] og Irak.[treng kjelde]

VertsbyarEndra

Følgjande byar eller område er noverande eller kommande vertsbyar.[3][4][5]

Danmark
Noreg
Sverige
Italia
Spania
Tyskland
Andre

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hvem er fribyforfatteren?. Norsk PEN. Vitja 15. juli 2020
  2. Første fribyforfattar er død. NRK. Vitja 15. juli 2020. «Forfattaren Gilles Dossou-Gouin ... død ... fødd i Benin »
  3. ICORN. «ICORN Cities of refuge». icorn.org (på engelsk). Henta 11. oktober 2015. 
  4. Aarhus Kommune (2. mars 2010). «Århus klar til at modtage forfulgt forfatter». aarhus.dk. Henta 30. desember 2013. 
  5. «Fribyer i Danmark». Dansk Pen samt Aarhus, Frederiksberg, Fanø, Odense og København Kommuner. Henta 30. december 2013.