Gangaren Gudvangen

Gangaren Gudvangen (2/4-takt) er ein vandreslått med ei rekkje variantar over heile hardingfeleområdet. Slåtten er ofte spela som halling, men og som gangar. Slåttenamnet skriv seg frå spelemannen Per Gudvangen som budde i Aurland i Sogn. Han gav namn til mange slåttar, også andre som ikkje er skyldte denne slåttekrinsen. Mykje tyder på at slåtten har opphavet sitt austafjells, og at han er komen til Sogn gjennom Knut Lurås. Slåtten er gamal i Buskerud, der han finst i flest variantar (Hallingdal, Numedal, Sigdal og Krødsherad).

Variantgruppa endre

I Hardingfeleverket har slåttekrinsen nr 147/164, og tel ni variantar. Varianten frå Sigdal ikkje teken med her, men han slekter mykje på formene frå Hallingdal og Krødsherad.

Supplementsformer

Fotnotar endre