Gangaren Tjønnbergen (6/8-takt) er ein vandreslått med utbreiing frå Hallingdal til Setesdal. Slåtten er og kalla rekveen, og dette tyder på at kjerneområdet for slåtten er Hordaland. Her har han vore nytta som brureslått, og er oftast kalla slik. Namnet Tjønnbergen skriv seg frå spelemannen Vrål Tjønnberg som budde i Røldal. Han skal ha vore i lag med Myllarguten. Dette namnet følgjer helst lina etter Myllarguten, medan namnet Guro Heddeli eller Rekveen er knytt til tradisjonslina etter Håvard Gibøen. Båe tradisjonsliner har opphav på Vestlandet.

Mykje tyder på at Nils Rekve er den som opphavleg har nytta slåtten (men han er og gamal i Krødsherad).

Variantgruppa endre

Slåttekrinsen knytt til Tjønnbergen har nr 117/121 i hardingfeleverket, og variantgruppa har 16 former.

  • d: Gangar, etter Ole Skogly, Krødsherad [4][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1930 (Ø 129). Skogly hadde slåtten etter Hans Hagen. ”Denne varianten av slåtten er kjend i tradisjonar frå 1810-15-åra, men det er vanskeleg å seia kva for ein som er eldst, anten denne eller Myllargut-forma 117a” (Hardingfeleverket).

Supplementsformer: